Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Helsingfors Universitet må seia opp 570 tilsette. I tillegg må dei kvitta seg med 410 stillingar på anna vis.
Det har vore varsla at tilsette ved finske universitet går ei usikker tid i møte, etter at regjeringa påla sektoren store kutt. No melder den finske avisa Yle at nærare 1 000 tilsette misser jobben ved Helsingfors universitet. Rektor Jukka Kola seier i ei pressemelding at det ikkje var mogleg å unngå nedskjeringar i personalgruppa på grunn av det årlege sparekravet frå regjeringa. Det er på 106 millionar euro fram til år 2020, og nesten halvparten skal sparast i år.
– Helsingfors universitet hadde ikkje vorte eit av verdas beste forskingsuniversitet utan sine dyktige og engasjerte tilsette. Eg beklagar djupt at me er tvinga til å seia opp kompetent personale, seier Kola.
Av dei 570 som kjem til å mista jobben er 75 knytt til forsking og undervisning. Men for vitskapeleg tilsette går det hardast ut over dei som ikkje har fast stilling. Mellombelse stillingar kjem til å minka med 210 fram til 2020. 160 av desse er knytt til forsking og undervisning. I tillegg skal 200 personar gå av med pensjon. Desse vert ikkje erstatta. 60 av desse er knytt til forsking og undervisning.
Forskerforum skriv at det ikkje berre er Helsingfors universitet som må kutta. Ved Aalto-universitetet skal det kuttast vel 200 stillingar. Over hundre av desse er vitskapelege stillingar.