Bygde leilegheit utan utgang

Publisert

UiB er blitt saksøkt etter at eigaren av ein naboeigedom gjorde det gamle kaggerommet i bakgarden om til leilegheit. No prøver naboen å tvinge UiB til å gi bebuarane tilkomst.

Bebuarane i leilegheita innanfor den kvite døra til høgre på biletet får inntil vidare gå inn og ut gjennom gitterporten til UiB. Men om kort tid blir utgangen truleg stengt, etter at UiB blei frifunne for å ha plikt til å skaffe naboar tilkomst. Foto: Dag Hellesund

UiB-eigde Vektertorget har felles bakplass med bygarden Rosenberggaten 40. Hausten 2012 blei det bygd ein hybel i kjellarrommet som opphavleg var kaggerom og bodareal i bygget.

Hybelen blei kjøpt av Phillip Benson Keul, og leigd ut. Men då leigetakarane ba UiB om nøkkelkort, slik at dei kunne gå inn og ut gjennom porten i nabobygget Vektertorget, ringte alarmen hos UiB.

Hyggeleg nabo
– Vår tryggleiksansvarlege blei kontakta i fjor sommar om å låne ut kort slik at naboeigedomen kunne få tilgang for byggearbeid. Vi har som prinsipp at vi skal vere ein hyggeleg og grei nabo, og gjorde det. Før jul kom det fram at dei har innreidd ein leilegheit i eit rom som vender ut mot bakgarden, og for å få det til har dei stengt av tilkomsten frå Rosenberggaten 40, fortel eigedomsdirektør Even Berge til På Høyden.

Trekt for retten
Det var ikkje aktuelt for UiB å binde seg til å sikre tilkomst frå ein naboeigedom som hadde blokkert sin eigen, og eigaren av leilegheita blei difor varsla om at kortet ville slutte å virke etter jul. Men etter ny kontakt fekk dei lov til å bruke kortet i tre nye månader, slikt at leigetakarane kunne seiast opp. Deretter blei UiB stemna for Bergen tingrett av eigaren og leigetakarane, som ba om ei mellombels åtgjerd om at dei kunne ha tilkomst gjennom porten inntil saka var avgjord i hovudforhandling.

– For oss verkar heile saka litt merkeleg. Vi ønskjer å ha kontroll på kven som går gjennom porten, men vil strekke oss langt når naboar skal pusse opp. Men å gi varig tilkomst er ikkje aktuelt, seier Berge.

UiB fekk medhald i retten i den mellombelse avgjerda i saka, og dommaren skriv òg at det er sannsynleg at ein endeleg dom vil gi medhald til UiB. Dommaren peiker på at det er muleg å lage ei mellombels dør gjennom ein sykkelbod i Rosenberggaten 40 for å skaffe bebuarane tilkomst, men merkar seg at det ikkje har blitt gjort. Eigaren av leilegheita må betale 31 402 kroner i sakskostnader.

Avgrense tap
Advokat Henrik Garmann representerte eigaren og leigetakarane i retten. Dei har ikkje tatt stilling til kva dei vil gjere vidare i saka.

– Ville det ikkje ha vore meir naturleg for eigaren å saksøke seljaren i staden for UiB i denne saka?

– I slike saker kan ein ha ei sak mot seljaren, men på den andre sida kan ein ha plikt til å avgrense tapet sitt. Det er litt ulike problemstillingar, seier advokaten.

Lita ulempe
I tingretten viste Garmann mellom anna til at ein tidlegare eigar av bygarden brukte bakplassen til å parkere bilen sin, og at han ein periode hadde ein carport der. Dermed kan det vere hevd på å bruke porten til UiB som inngang for bebuarar i Rosenberggaten 40. Garmann viste i retten og til at ulempa for UiB ved å la bebuarane bruke porten er lita.

Garmann er klar over at spørsmål om vegrett er uklart.

– Det er ikkje slik at alle rettar er tinglyste, og det har vært fleire eigarar av bygarden. På begge sider av bordet er det ein historikk som går lenger tilbake enn eigarskapet til dei som sit med eigedomane i dag. Rosenberggaten 40 blei i si tid skilt ut frå eigedomen UiB har i dag, forklarer Garmann.

Ferdigattest før tida
Ein annan uklar ting i saka er korleis utbyggaren har fått løye til å bygge leilegheit på ein bakplass utan å ha nokon utgang. Ein tidlegare eigar av bygget fekk planen godkjent hos Bergen kommune i 2005, og i 2010 blei det gitt ferdigattest for prosjektet, inkludert leilegheita på kaggerommet. Ifølgje retten var ikkje husværet ferdig før i 2012, og ferdigattest har difor truleg vore gitt på sviktande grunnlag.

 

Powered by Labrador CMS