Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fire sentrale bygningar skal seljast i løpet av dei komande åra. Vektergården er alt lagt ut for sal.
– Vi kvittar oss med gamle og lite føremålstenlege bygg, seier Ove Botnevik. Han er seksjonssjef for areal ved Eigendomsavdelinga.
I alt fire bygg står på til salslista til UiB.
Desse bygga skal seljast:
Det er universitetsstyret som har gjort vedtak om at bygga skal seljast.
– Vi veit ikkje helt kva tid dei vil bli selde. Men vi reknar med at det vil skje i løpet av dei komande åra, kanskje alt i 2018, seier Ove Botnevik.
Dei eldre bygningane ble vedtekne selde i september 2015.
– Dette er bygg som det blir uforholdsmessig dyrt å bygge om eller pusse opp. Dei er lite arealeffektive, og det blir kostbart å bygge dei om så dei kan møte krava om universell utforming, seier Ove Botnevik.
Christies gate 13 er lagt ut for sal, etter eit vedtak i universitetsstyret i februar 2017. Eigendomen frå 1982 er kjent som Vektertorget, er på 8800 kvadratmeter, og har ifølge Estate nyheter årlege leigeinntekter på 10,6 millionar kroner.
– Her legg vi opp til ein avtale om tilbakeleige. Det er planen, seier Ove Botnevik.
Delar av miljøet ved Det psykologiske fakultet skal flytte til helseklynga på Årstad når den står klar. Dermed blir det frigjort plass til å samle dei resterande tilsette i Christies gate 12.
Samtidig ynskjer universitetsleiinga å samle dei tilsette i Sentraladministrasjonen i Nygårdsgaten 5. Hit skal Eigendomsavdelinga, HR-avdelinga, Studieadministrativ avdeling, Forskingsadministrativ avdeling, Kommunikasjonsavdelinga og Økonomiavdelinga flytte inn.
I dag har om lag 230 UiB-tilsette kontorplass i Nygårdsgaten 5. Planen er at huset skal romme om lag 400 personar.
– Kan du anslå den samla marknadsverdien for desse bygga?
– Vi har fått vurdert marknadsverdien på dei: Professor Keysergate 6B: 8,2 millionar kroner, Professor Keysers gate 8: 14 millionar kroner. Bygget i Allegaten 34: 25 millionar kroner. Takst på Villavn 1A er enno ikkje klar, men vi vurderer marknadsverdi til mellom 20 og 25 millionar kroner, seier Botnevik.
Eigendomsdirektør Even Berge opplyser at marknadsverdien til Christie gate 13 er vurdert til å vere 175 millionar kroner. Denne vurderinga er gjort av ekstern takstmann.
– Korleis er marknaden for kontorbygg?
– Bygga som vi tidlegare har lagt ut for sal, har vore attraktive. Dei er stort sett blitt omregulert til bustader, og gjort om til hyblar eller leilegheiter, seier Botnevik.
Seljast: Villaveien 1A skal seljast. Bygget vil truleg ha ein markandsverdi på mellom 20 og 25 millionar kroner.
Seljast: Christies gate 13 er lagt ut for sal. UiB ventar å selje dette bygget for marknadsverdien på 175 millionar kroner.
Seljast: Allegaten 34 blir lagt ut for sal for 25 millionar kroner.
Seljast: Professor Keysergate 6B er taksert til 8,2 millionar kroner, Professor Keysers gate 8 er taksert til 14 millionar kroner. Bygga vil kome for sal, kanskje i løpet av 2018.