Byggjer Forskingsrådet på fordommar?

Publisert

LESARINNLEGG: Eit oppslag i UiB si nettavis ”På Høyden” den 18. januar har tittelen: ”Meiner avslag byggjer på fordommar”. Underteikna vert der intervjua etter at ein søknad frå Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT) fekk toppvurdering av det internasjonale ekspertpanelet men likevel ikkje gjekk til andre runde i NFR si vurdering av SFF-søknader i fjor.

I eit anna oppslag i same organ avviser Gro Elisabeth Mæhle Helgesen at NFR har fordommar, dette etter at journalisten har spurt følgjande: ”Forskingsrådet vert skulda for å ha fordommar mot musikkterapi. Kva er din kommentar til det?” Helgesen understrekar at Forskingsrådet har hatt ein lang og grundig prosess for å velje ut nye senter og at alle søkjarane har fått ei fagleg vurdering. ”Den fekk dei sjå, og fekk moglegheit til å kommentera henne. Kommentarane følgde søknaden vidare”, seier Helgesen.

Å påstå at nokon er fordomsfulle er ikkje det beste utgangspunktet for dialog. Etter oppslaget i ”På Høyden” hadde vi vel liten grunn til å vente at Helgesen skulle svare: ”Jau, det stemmer det, her er vi nokså fordomsfulle”. No vil eg presisere at eg aldri har skulda Forskingsrådet for å ha fordommar mot musikk­terapi­faget. Det ville vere ein urimeleg påstand, også av di GAMUT opp gjennom åra har fått finansiert fleire store og viktige prosjekt gjennom Forskingsrådet. Det er heller ikkje slik at dette med fordommar er eit hovudpoeng når det gjeld opplevinga mi av NFR si vurdering av SFF-søknaden vår. Eg kan nok ha kome med eit hjartesukk om at det kan verke som om NFR sin fagkomité for humaniora/samfunns­fag har vurdert SFF-prosjektet vårt meir ut frå generelle fordommar enn ut frå informert nærlesing av prosjektskissa, men dette er noko heilt anna enn å påstå at NFR har fordommar mot musikkterapi. Om det var eg og ikkje journalisten som hadde fått Helgesen i tale, ville det difor vere andre spørsmål som hadde stått i fokus. Helgesen og journalisten ser dessutan ut til å snakke forbi kvarandre. Mine spørsmål er ikkje knytt til det internasjonale ekspertpanelet si vurdering. Denne har vi, som Helgesen presiserer, fått sjå og gje respons på. Spørsmåla mine er knytt til kommentarane frå NFR sin fagkomité for humaniora/sam­funns­fag, kommentarar som eg må anta har vore viktige for Hovudstyret og Forskingsrådet sitt SFF-utval.

Det vi har fått sjå av fagkomiteens kommentarar er eit einaste lite avsnitt, der det er vanskeleg å kjenne prosjektet igjen og der vi får generell kritikk utan at komiteen gjer greie for vurderingsgrunnlaget sitt. Komiteen byrjar med å seie at: ”This excellent proposal seeks to investigate the neurological and therapeutic basis for the impact of music on personal change, both in mentally-ill and healthy subjects.” Til det er det å seie at vi ikkje nokon stad i søknaden hevdar at det nevrologiske er ein basis, vi er derimot opptekne av samspelet mellom biologiske, sosiale og kulturelle prosessar. Vidare fokuserer ikkje søknaden berre på personleg endring. I tråd med den sterke samfunnsorienterte tradisjonen i norsk musikkterapi, er musikk som ressurs for fellesskap og sosial endring innbakt som eitt aspektet av prosjektet. Komiteen held fram med å skrive at ”There were concerns about the way that music was specified”. Fleire av dei som står bak prosjektet har arbeidd aktivt med musikkomgrepet i ei årrekkje, der ein har lagt vekt på musikk som mellommenneskeleg aktivitet meir enn på det som har vore tradisjonelt innan musikkvitskapen, nemleg musikk som kunstverk og estetisk fenomen. Er det dette komiteen ikkje har likt? Det veit vi ikkje. Endeleg er komiteen alvorleg bekymra for misforståingar og misbruk. Trass i at kritiske og sjølvkritiske perspektiv er integrerte i prosjektskissa, har komiteen liten tillit til at ikkje medisinen vil ta over det heile og redusere det til ein teknologi:  ” Without such a fuller conceptualisation the project may produce results which could be misinterpreted. While the mix of methodologies is potentially interesting too much reliance may be being placed on the results that can be deduced from the use of medical technologies. Therefore the project, while having many strengths, was not considered of sufficient quality to put forward to the next stage.” Prosjektskissa inneheld fleire stader ein kritikk av eit einsidig medisinsk perspektiv, faktisk allereie i første avsnitt. Men prosjektet byggjer elles ikkje på det premiss at medisinen alltid er ein fiende. Føresetnaden vi byggjer på er at medisin tilbyr viktige delperspektiv på helse, som ulike humanistiske og sosiale tradisjonar også gjer, slik at tverrfagleg samarbeid og dialog bør stimulerast. At den kunnskapen vi produserer, i musikkterapi som i mange andre fag, kan misforståast og misbrukast i visse situasjonar, er ein annan sak. Men når vart det slik at NFR berre støttar forsking som ikkje kan verte misforstått eller misbrukt?

Eg reknar på ingen måte med at Forskingsrådet ønskjer å kommentere handsaminga av søknaden vår konkret. Eg har heller ingen illusjon om noko anna enn at dei stipendiatstillingane som glapp, dei glapp. På eitt nivå er vel det beste å teie og tole og arbeide framover mot neste prosjekt. Men å teie heilt kan også vere litt feigt, dersom det er slik at ein har opplevd ting som tyder på at vurderingsopplegget NFR nyttar ikkje fungerer optimalt. Det vi har opplevd er at vurderingane til fagkomiteen for humaniora/samfunnsfag verken var særleg grundige eller godt grunngjevne, og vi vart ikkje inviterte av Forskingsrådet til å respondere på desse. Begge delar meiner eg er uheldig. Som søkjar sit ein ikkje igjen med ei kjensle av å ha fått ei grundig fagleg handsaming og Forskingsrådet går glipp av ei systematisk tilbakemelding som dei kunne bruke i vidare utvikling av vurderingskriterium og -prosedyrar.

 

Powered by Labrador CMS