Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Byrådet i Bergen, med representantar frå Høgre, Krf og Venstre, var onsdag på omvising i BB-bygget der dei mellom anna fekk sjå dei hypermoderne laboratoria.
- Vi politikarar har veldig godt av å komme oss ut av Rådhuset og sjå kva som rører seg av fantastiske ting rundt om i byen. Dette er eit utruleg tøft bygg som det er kjempespennande å få sjå, kommenterte byrådsleiar, Monica Mæland. - Det nye BB-bygget har vore eit løft for oss forskarar, forskararne ser på seg sjølv og arbeidet sitt på ein annan måte, og vi kan vere på topp internasjonalt på enkelte felt. Bygget har også gjort det lettare å jobbe tverrfagleg fordi vi har kortare veg til kvarandre, sa hjerneforskar Clive Bramham som var med på omvisinga. Byrådet var interesserte i å høyre om høve for kommersialisering av forsking, likevel var politikarar og universitetsfolk einige om at ein må tenke langsiktig når det gjeld kommersialisering, og at det lønner seg å satse på grunnforsking. Både Rommetveit og Haveland streka under at det trengs investorar for å utvikle forskingsresultat til ferdige produkt og framheva eit ”regionalt såkornfond” som noko av det vikitgaste for å få til verdiskaping på dette feltet i vestlandsregionen.
- Opposisjonen ville nok likt å fått oss testa her, spøkte finansråd Henning Warloe frå Høgre då politikarane var innom ein hypermoderne testlab som blir nytta av hjerneforskarar ved UiB. Byrådet jobba seg oppover i det sju etasjar høge bygget og såg mellom anna kvar det nye store laboratoriebygget er planlagt å ligge. Nokre rapporterte om høgdeskrekk ved passering av dei store vindusflatene som går frå golv til tak, men let elles vel om det nye bygget. Byrådet fulgte interessert med på ein kortleksjon om identifikasjon av proteiner i det nye proteomikklaboratoriet (PROBE). Dei fekk også sjå korleis UiB-forskarar jobbar med visualisering av dynamiske prosessar i levande celler på ”Molecular Imaging Center” som er ein del av FUGE-plattformen” .
Lettare å jobbe tverrfagleg
Politikararane fekk høyre at samarbeidet med Helse Vest fungerer svært godt etter at det nye bygget vart opna i september 2003. Prorektor Rune Nilsen streka under at kontakten har blitt endå betre og tettare mellom klinikarar og forskarar enn før, og sa at dette noko begge partar har stor nytte og glede av.
- Vi må tenke langsiktig
- UiB vil neppe kunne finansiere verksemda si ved å tenke butikk, men samfunnsmessig sett er forsking og høgare utdanning ei god investering, sa Kåre Rommetveit til Byrådet.
Johan Haveland leiar Technology Transfer Office ved UiB som jobbar med kommersialisering. Haveland har røynsle frå mange private verksemder og advarte mot å tenke kortsiktig når det gjeld kommersialisering, og sa at det tar langt tid å utvikle forsking til å bli næring. Han arbeider no mykje med patentering av forskingsresultat for å hindre at desse resultata forsvinn ut av nevane på universitetet.
- Vi er i ferd med å etablere eit totalt kommersialiseringssystem, sa Haveland.
Vil ha regionalt såkornfond
- Dette er vi interessert i å hjelpe til med å jobbe for politisk, sa Monica Mæland.
Universitetsdirektøren informerte vidare byrådet om viktige saker for universitetet i Bergen og trakk mellom anna fram Odontologibygget som ein sak der ”vi må legge oss saman å gjere noko”. Ei anna sak som Byrådet vil gripe fatt i er utdelinga av Holberg-prisen 3.desember i år.
- Dette er ei svært god sak for Bergen og her skal vi gjere alt vi kan for at dette skal bli ei fin markering, sa Monica Mæland som likevel peika på at kommunen har avgrensa økonomiske midler å bidra med.