Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gamal Cambridge-tradisjon står for fall.
Når ein sensur fell ved det prestisjetunge universitetet Cambridge, vert resultata publiserte. Lister med namn på studentane vert offentleggjort, saman med kva karakter dei har fått.
Offentleggjeringa av eksamensresultat ein gamal praksis ved universitetet.
Omsyn til psykisk helse
Dei studenttilitsvalde har i fleire år argumentert med at karakterlistene har sterke negative følgjer for studentane, og er ekstra mentalt belastande for studentar som får dårlege karakterar. Dette skriv Telegraph.
Gjennom aksjonar og kampanjar har studentorganisasjonar arbeidd for å få Cambridge-leiinga til å lytte.
Studentunionen ved Cambridge vedtok i november i fjor ein resolusjon som seier at det noverande systemet frårøvar studentane høvet til å halde resultata hemmeleg, og er skadeleg for velferda til mange studentar.
Følgjer etter Oxford
No vil General Board of the Faculties, organet som er ansvarleg for universitetet sin forskings-og utdanningspolitikk, endre dette.
Saka skal bli behandla av det øvste styret, men innstillinga peikar mot at den gamle tradisjonen vil bli avvikla.
Universitetet i Oxford hadde også tidlegare offentlege eksamensresultat, men slutta med dette i 2009.