Campusbussen rundar ti tusen

Publisert

Det kjappaste transporttilbodet mellom Nygårdshøyden og Haukelandsområdet har sett ny passasjerrekord. Men framleis er det mange som ikkje veit at campusbussen finst.

Den kvite minibussen rundar Christiestatuen på Muséplass, og døra glir opp. Klokka er 11.15, og sjåfør Arild Sørensen skal ut på dagens tredje tur.

– Mange spør om det ikkje blir kjedeleg å køyre att og fram frå sentrum til Haukeland fem gonger om dagen, men dagane er så varierte at det er ikkje noko problem, meiner Sørensen, som har køyrt bussen dei siste to åra.

Til Haukeland på ti minutt

Campusbussen er til for UiB-tilsette som treng å flytte på seg i jobbsamanheng. Arbeider du på Haukelandsområdet, men skal på eit møte på Nygårdshøyden, kan du kaste vekk mykje tid om du er uheldig med rutebussane. Med campusbussen tek det ti minutt.

Ved Realfagbygget tek vi på ein passasjer som skal til Haukeland. Sørensen kryssar av på eit skjema han har liggjande attmed seg. Han fører nøye statistikk over dei reisande: Kor mange som reiser kvar dag, og kva strekning dei reiser på.

– Det er veldig opp og ned. Anten er det nesten tomt her, eller så er det stinn brakke. Det hender det er fleire passasjerar enn eg har plass til, men då køyrer eg berre fleire turar.

– Kva dag runda du ti tusen passasjerar?

– Det var fredag 26. november, men vi feira det ikkje før første desember. Det er ein sånn kjekk dag å gjere noko ekstra på. Då serverte vi twist på bussen.

No i desember har han ein boks pepperkaker ståande. Sørensen slår gjerne av ein prat med passasjerane også. Ein tur med campusbussen er kjenneteikna av høg trivselsfaktor.


Ikkje berre passasjerar

Det er ikkje berre menneske som blir frakta med campusbussen. Sørensen har også ansvar for mykje av internposten. Han hentar og leverer eksamensoppgåver og ferdige eksamenar. It-avdelinga sender datalisensar med campusbussen frå Nygårdshøyden til sluttbrukarar på Haukeland. Medisinarane sender prøver til analyse ved gensekvenseringslaboratoriet på Høgteknologisenteret. Og elles tek han seg av dei oppgåvene som oppstår, så sant tida tillet det.

– Det var dette som var tanken då dei starta bussen i 93. No er campusbussen endeleg blitt det vi tenkte han skulle bli, forklarer sjåføren.

For eit par år sidan sto det så dårleg til at ein vurderte å leggje ned tilbodet, etter fleire år med låge passasjertal. Det vart eit vendepunkt for bussen. Dei trufaste brukarane mobiliserte, og sidan har talet på passasjerar auka stort.


Får god oversikt

Bussen durar opp Møllendalsbakken og blinkar seg inn til Haukeland universitetssjukehus. Vi køyrer gjennom bommen og stoggar på parkeringsplassen der ambulansane står. Her takkar passasjerane for seg og går av.

– Eg får veldig god oversikt over kva som skjer på Universitetet på denne måten. Eg har passasjerar frå heile verda, og her på bussen er det ingen skilnad på folk, seier Sørensen.

Frå sjukehuset går turen ned til Institutt for samfunnsmedisin i Kalfarveien 31. Det er ein ny stoppestad som vart lagt til ruta då instituttet flytta. Det er mykje trafikk i denne retninga, i følgje sjåføren.

– Det er mest trafikk frå Haukeland, og mange av dei skal til Kalfaret. Og det er framleis ein del passasjerar til og frå Årstadvollen. Det er ikkje så tomt der som det ser ut!


Kjem heilt til døra

Frå Kalfaret er det opp igjen til sjukehuset. Der kjem Regina Küfner Lein inn på bussen. Ho er bibliotekar ved det medisinske fakultetsbiblioteket, og skal på eit møte på Det psykologiske fakultetet. Ho er mellom dei som brukar bussen mykje, og som fekk sjokolade den første desember.

– Ein skal jo på så mange møte. Eg er glad denne bussen finst, han sparar tid, og eg kjem rett til døra. Ofte ber eg om at vi planlegg å slutte møtet slik at det passar med bussen. Men dersom møtetidene blir bestemt av folk nede i sentrum, er det ikkje alltid at dei tenkjer på å ta omsyn til slikt, vedgår ho.

Ved Høgteknologisenteret blir vi møtt av avdelingsingeniør ved Sars-senteret, Vibeke Oland. Ho troppar opp for å ta imot nokre prøver vi har fått med oss frå Haukeland.

– Vi har ein fast avtale om at prøver kan sendast på denne ruta, forklarer Sørensen.

– Eg tek med det meste, så lenge det ikkje er snakk om radioaktive eller farlege ting.

Ved tolvtida er vi attende på Muséplass. Då står det to turar att på dagens skjema. Ei rask utrekning viser at passasjertalet har lege på 244 i snitt kvar veke i haust. I vårsemesteret var det noko meir. Men framleis er det plass til fleire.

Powered by Labrador CMS