Ingrid Audestad har meldt seg til teneste for vitskapen saman med to venninner. Dei ønskjer alle å gjera noko med kosthaldet - og gå litt ned i vekt. Foto: Hilde Kristin Strand

Dei stiller opp for forskinga

Publisert

I to år skal deltakarane i carb func-undersøkinga gå på ein spesiell diett. Dei har meldt seg frivillig til teneste for forskinga.

– Det er viktig at nokon stiller opp. Eg er sjukepleiar sjølv, og veit kor viktig det er med evidensbasert forsking.

Det seier Ingrid Audestad. Ho har nett vore på eit totimars møte saman med andre frivillige deltakarar i ein vitskapleg studie. Det neste året skal ho og om lag 150 andre vegast og målast kvar tredje månad, i tillegg til at ho skal gå på ein ganske streng diett. Året etter er det litt færre kontrollar.

Audestad er ein av deltakarane i studien «carb func», som er leia av førsteamanuensis Simon Dankel. Målet er å sjå på om kvaliteten på karbohydratane ein et har helsemessig effekt. Deltakarane er delt inn i tre grupper, og skal eta eit tilpassa kosthald med ulike typar og mengder karbohydratar dei neste to åra.

Deltakarar med fedme

Felles for deltakarane er at dei har ein BMI på minst 30. Snittet er over 35, altså det som nærmar seg sjukeleg fedme.

– Me er spesielt interesserte i korleis kosthalda påverkar fordelinga av kroppsfeittet, ikkje berre totalt reduksjon. Deltakarane vil mellom anna få målt feittprosent, og med CT vil feittmassen deira inni buken òg verta målt, forklarar Dankel.

Han seier at det er forska mykje på matfeitt, men at karbohydrat har kome litt i skuggen.

– I denne studien skal deltakarane eta normal, mettande mat. Det trur me er viktig når dei skal vera med så lenge som i to år, og der målet er å etablera nye vanar. Nokre av dei vil nok eta litt mindre enn dei plar, og dei fleste vil nok gå ned i energiinntak, men dei skal ikkje gå rundt og vera svoltne, seier forskaren.

Eigne oppskriftshefte

– Eg åt seks druer for mykje ein dag, og då følte eg at eg synda, humrar Beathe Delet.

Tobarnsmora fortel at ho gjerne vil gå ned i vekt, og at det er ei stor gulrot når ho meldte seg til studien.

– Mengden mat me skal eta er heilt grei. Førebels er det nye rutinar å setja seg inn i og nye matvarer som må handlast inn, men eg ser på dette som ei endring for livet, seier ho.

Påskeegget Delet fekk frå arbeidsgivar har ho pakka fint vekk. Deltakarane skal eta det dei får beskjed om – og et dei andre ting, vert det såkalla avvik. I periodar skal dei notera kva dei faktisk et, i andre periodar skal dei notera kva som avvik frå den oppsette menyen. Dei har fått eit oppskriftshefte med mange oppskrifter å velja mellom.

– Eg er oppteken av at ungane mine ikkje skal merka at eg et annleis. Frukost og lunsj er greitt, då har eg til dømes berre litt meir smør på mi skive enn på deira. Til middag vel eg dei oppskriftene som er mest familievennlege, og så får dei til dømes pasta – som eg ikkje skal eta så mykje av. Då forsyner eg meg heller med meir grønsaker, seier Audestad.

Ho har meldt seg som forsøkskanin saman med to venninner, og meiner at det er ein fordel at dei er fleire som gjer noko slikt saman.

– Her får me rettleiing, konkret oppfølgjing og me kjenner forpliktelse overfor andre. Eg har lenge hatt eit mål om å legga om kosten, men i ein travel kvardag vert det fort til at ein tenkjer at «eg tek det på måndag», seier Audestad.

Vert blodsukkkeret påverka?

– Eg får setja frå meg bæsjeboksen, smiler Delet.

Deltakarane har fått utdelt kvar sin vesle plastboks som skal brukast til avføringsprøvar. Noko av det forskarane lurer på, er nemleg korleis tarmfloraen vert påverka av kosthaldet. Dei lurer òg på om ein kan sjå noko på blodsukkeret.

Alle deltakarane skal møta fastande og måla sukker, feitt og hormon i blodet. Deretter får alle ein lik porsjon havregraut. Når den er oppeten skal dei avgi nye blodprøvar.

– Me er spente på om responsen på havregrauten vert ulik alt etter kva kosthald deltakarane går på, seier Dankel.

Rekruttert på Facebook

Forskarane trur at typen og mengden karbohydrat i kosthaldet kan verka inn på helseeffektane, men forventar i utgangspunktet lik effekt i gruppene. Dei er òg medvitne om at deltakarane etter ei stund kan koma til å gå litt oppatt i vekt. Kvifor veit ein ikkje, men noko av årsaka kan vera at det er lett for at kosthaldet sklir litt ut etter kvart.

– Fedme er eit stort problem i mange land, og eg synest det er interessant å vera med på ein slik studie. Eg synest ikkje det er så kjekt å stadig skulle stikkast, men eg er glad for å få nye innspel til korleis eg kan endra kosthaldet, seier Delet.

Ho fekk vita om studien via Facebook. Deltakarane er rekruttert via både sosiale medium og tradisjonelle medium.

Førsteamanuensis Dankel, som er knytta til Klinisk institutt 2, KG Jebsen senter for diabetesforsking og Mohns ernæringsforskningslaboratorium, rosar innsatsen til deltakarane.

– Dei skal vera med på dette i to år, det er eit utruleg bidrag! Me kan ikkje gjera slik forsking utan å få folk med. Me håpar at deltakarane sjølve får ein gevinst. Samstundes er dette kunnskap samfunnet treng, seier Dankel.

Førsteamanuensis Simon Dankel er prosjektleiar. Han seier matfeitt er mykje forska på, medan karbohydrat har kome litt i skuggen. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS