Cellekommunikasjon i Science

Publisert

Ei ny form for kommunikasjon mellom celler vart beskrive i ein artikkel i Science sist fredag. Ein av forfattarane er professor Hans-Hermann Gerdes ved Institutt for biomedisin ved UiB.

Artikkelen har tittelen ”Nanotubular Highways for Intercellular Organelle Transport”. Kommunikasjon mellom celler er avgjerande for utvikling hjå fleircella organismar. Ein kjenner til fleire mekanismar for utveksling av informasjon mellom celler, slik som til dømes kjemiske synapsar. I artikkelen Gerdes er medforfattar på, har ein sett på ”tunnelstrukturar” som blir danna mellom celler, og som kan fungere som transportkanalar..

Ved hjelp av 3D-mikroskopi har ein observert små intercellulære strukturar kalla ”tunneling nanotubes”, eller TNT, i nyreceller frå rotter. Dei har ein diameter på 50-200 nanometer, og ei lengd på fleire cellediameter, og dei er sjeldan forgreina. Dei blir danna på få minutt, og kan utgjere komplekse nettverk innan eit par timar. Strukturane er svært skjøre, og mekanisk rørsle eller kjemisk fiksering med det føremålet å studere dei, kan vere nok til at ”røyra” blir øydelagde.

– Dette er noko heilt nytt, og vi trur det kan vere svært viktig for å forklare cellekommunikasjon, seier Gerdes, som nett er tilsett som professor ved Seksjon for biokjemi og molekylærbiologi.

No vil han gjerne fokusere forskinga si på dette fenomenet. Så langt er arbeidet utført ved den tidlegare arbeidsplassen hans i Heidelberg.

Mykje å ta fatt på

– Det er mange spørsmål som krev svar: Kva er det som blir transportert, og korleis blir transporten regulert? Kva implikasjonar har det? Det er til dømes mogleg at denne mekanismen står for transport av signalmolekyl som regulerer celledifferensieringa hos foster, men det er enno berre spekulasjonar, seier han.

Dei observerte strukturane har ei spesiell form som fekk forskarane til å spørje seg korleis dei blir danna, og dette vart studert på levande celler. I løpet av få minutt forma ei celle små utvekstar som retta seg mot andre celler. Ved oppnådd kontakt, vart det danna eit nanorøyr, og andre utvekstar frå cella vart tilbakedanna. Røyra er ikkje avgrensa til cellepar, men kan danne intrikate nettverk mellom celler. Videomikroskopanalyse har vist objekt på veg frå ei celle til ei anna langs tubane. Observasjonar tyder på at ”tunneling nanotubes” er eit generelt fenomen i celle-til-celle-kommunikasjon over større avstandar.

– Det første vi no skal finne ut, er om slike TNT-ar finst i vanleg vev. Dei er kompliserte å få auge på, dei blir til dømes øydelagde på kort tid av lys frå eit vanleg mikroskop. Om du ikkje veit kva du ser etter, er sjansen stor for at du går glipp av dei. Etter kvart vonar eg å kunne flytte prosjektet frå Heidelberg til Bergen, men det krev fleire stillingar, og vi veit enno ikkje om det let seg gjennomføre, opplyser Gerdes.

Powered by Labrador CMS