Charlie Hebdos redaktør, Stéphane <> Charbonnier, viser fram ei framside av vekemagasinet der profeten seier <<100 piskeslag om du ikkje dør av latter>>. I bakgrunnen det tidlegare redaksjonslokalet til magasinet etter bombeåtaket i 2011. Foto: Alexander Klein/AFP/NTB scanpix

– Ny type aksjon i vesten

Publisert

Terrorangrepet i Paris er truleg organisert og planlagt, meiner professor Knut Vikør.

– Ser ein på drapa som skjedde i Det jødiske museet i Brüssel, så er det som skjedde i Paris i går noko anna. Dette verkar mykje meir organisert og planlagt, seier Knut S. Vikør.

Han er professor i historie og har islamsk historie som forskingsfelt.

Enkeltpersonar, ikkje grupper
Onsdag klokka 1130 tvinga to menn seg inn i redaksjonslokala til satiremagasinet Charlie Hebdon i Paris. Mennene hadde på seg finlandshetter og skotsikre vestar, og var væpna med automatvåpen. Terroristane tok livet av tolv menneske, mellom dei magasinet sin redaktør, fleire kjende karikaturteiknarar og to politifolk. Charlie Hebdo trykte dei omstridde Muhammed-karikaturane i 2006, og redaksjonen var no i gang med å planlegga eit nummer der islamisme skulle vera tema.

– Førebels veit me ikkje så mykje om kven gjerningspersonane er. Men dette er i og for seg ein ny type aksjon i vesten. Ein går på enkeltpersonar, ikkje på store folkemengder, seier Vikør.

I mai i fjor vart fire menneske drepne inne på det jødiske museet i Brussel. Ein 29 år gamal mann stod bak. Politiet i Brussel meiner mannen handla åleine, men at staden for ugjerninga var godt planlagt. Før jul vart ein 50 år gamal mann, som hadde teke gislar på ein kafe i Sidney, drepen av politiet. To andre menneske omkom òg. Mannen skal ha handla åleine, og ha hatt IS-sympatiar.

Vil visa seg?
Vikør meiner at terroristane i Paris må ha gjort noko arbeid på førehand. Den franske påtalemakta trur gjerningsmennene visste at redaksjonen hadde møte.

– Det har vorte sagt at terroristane spurde etter namn. Georges Wolinski var ein kjent teiknar, men gjerningspersonane har altså ikkje visst korleis han såg ut. Det er altså ikkje tilfeldig kven som vart offer, seier Vikør.

Det er mange spørsmål ein ikkje førebels ikkje veit svaret på etter angrepet. Det eine er kvifor det skjedde no, det andre er kven som står bak. Dei to terroristane skal sjølve har ropt at dei kjem frå al-Qaida.

– Dersom det er sant, kjem dei ikkje frå IS. IS har gratulert med angrepet, men har ikkje tatt ansvar for det. Dersom al-Qaida står bak, kan det handla om at dei vil visa seg. IS har fått mykje merksemd, men no viser al-Qaida at dei opererer globalt, seier Vikør.

Dei to aktivistane var franske, dei snakka i alle fall feilfritt fransk.

– Kvifor skjer dette angrepet i Frankrike?

– Dei slår til i eige land. Med mindre angrepet har vore fjerndirigert, treng det ikkje vera noko anna forklaring, seier Vikør.

– Ein kan òg sjølvsagt seia at Frankrike har ein agressiv sekulærpolitikk, mellom anna har dei forbod mot niqab. Men denne saka har ingenting med niqab å gjera, så det må i så fall vera eit bakteppe.

Er ein redd?
Etter angrepa i USA 11. september 2001 hadde ein fleire angrep retta mot store folkemengder: Bomber på tog i Madrid i 2004 og i badebyen Sharm el Sheik og i London året etter. I tillegg hadde ein mellom anna store gisselaksjonar i Russland tidleg på 2000-talet.

Katharina Wolff er postdoktor ved Institutt for samfunsspsykologi. Saman med professor Svein Larsen forskar ho på frykt for terrorisme. Dei to har gjennom fleire år spurt turistar om dei er uroa for terror.

– Me finn at etter eit terrorangrep går frykta for terror noko opp, men det er ganske kortvarig, seier Wolff.

Men angrepet på Utøya i 2011 var annleis.

– Allereie i 2012 var frykta for terrorangrep i Noreg lågare. Dette overraska oss, og me trur det heng saman med at det angrepet var annleis organisert. Det var ein enkeltperson som stod bak.

Wolff seier òg at angrep i område der terror ikkje er uvanleg, ikkje aukar uroa blant turistane noko særleg.

– Det ser me til dømes i Israel. Folk vert ikkje meir uroa av at dei høyrer om endå ei hending der. På stader der terror skjer sjeldan, slik som i Frankrike, kan slike hendingar føra til ein større auke i uroa for terror.

– Er eit av måla med terror å skapa frykt?

– Det vil eg absolutt tru at det er. Og det oppnår ein altså – sjølv om det kan vera kortvarig, seier Wolff.

Ho seier at det er vanskeleg å seia kva angrepet i Paris får å seia for turistar si frykt for å reisa til Frankrike.

– Dette kan vera eit markeringsangrep, seier professor Knut S. Vikør. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Postdoktor Katharina Wolff forskar på frykt for terror. Ho seier at det førebels er vanskeleg å seia kva angrepet i Paris får å seia for folk si uro. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Powered by Labrador CMS