Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Då Runar Jordåen fekk oppdraget å skrive om embetsmann og grunnleggjar av Bergen Museum, Willhelm F.K. Christie, tenkte han at det skulle verte ei relativt kort bok. Slik vart det ikkje.
Den 500 sider lange biografien <<Wilhelm F.K. Christie – Presidenten>> vert i dag lansert under Christiedagen.
Rikt kjeldemateriale
Jordåen var under arbeidet med boka tilsett som forskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, men er no førstebibliotkar ved Universitetsbiblioteket. Han har tidlegare vore medforfattar på bøker og han har også skrive om Christie tidlegare, men dette er den fyrste eigne boka han gjev ut.
– Det har vore veldig spennande og veldig arbeidskrevjande. Eg har brukt to og eit halvt år på den, men eg har i grunnen tenkt at det har vore i kortaste laget. Det har vore så mykje kjeldearbeid, ulike handskrifter som har måtte tolkast og eit rikt kjeldemateriale ein måtte sjå på, fortel Jordåen.
Då er det kanskje ikkje så rart at boka vart litt lenger enn han fyrst hadde tenkt.
– Det er noko med oss akademikarar som ikkje er så gode på å fatte oss i kortheit, men det var eit så rikt materiale. Det fortel ikkje berre om Christie, men det er med på å hjelpe oss å forstå den tida han levde i. Eg føler meg på mange måtar ikkje ferdig med Christie, det er så mykje meir eg kunne ha skrive, men det følast godt at boka no ligg klar.
Christie skapte ein kunnskapsinstitusjon
Han vore på ulike arkiv både i København, Oslo, Stockholm for å hente informasjon og han har også reist i fotspora til Christie.
– Eg var mellom anna i Berlin og Karlovy Vary i Tsjekkia og Dresden. Det var ei reise Christie tok i 1823 der han fekk inspirasjon til å grunnleggje museet i Bergen.
Det er ikkje tvil i at Christie har spelt ei stor rolle for det som i dag står fram som universitetet i Bergen.
– Han var tidleg ute og danna eit museum i Bergen i 1825. Det var ikkje berre eit museum, det var ein kunnskapsinstitusjon. Det var ingen spesielt tilsette fagpersonar før 1846, men likevel så skapte dei ein kunnskapsinstitusjon. Dei bygde på den kunnskapen som fantes, dei skreiv artiklar i tidsskrifter, dei grunnla eit tidsskrift sjølv og var i kontakt med vitskapsmenn kring om i Europa. Dei la grunnlaget for ein vitskapeleg institusjon i Bergen, fortel Jordåen.
Trur Christie ville vore imponert
Jordåen likar ikkje å synse om kva Christie ville tenkt og gjort i dag, men når han likevel får spørsmålet om kva han trur Christie ville tenkt om universitetet slik det er i dag meiner Jordåen at Christie hadde vore imponert.
– Hadde han sett kva institusjon universitetet har blitt til i dag så trur eg han hadde blitt svært begeistra. Det er jo dumt det som har skjedd med universitetsmuseet no (sjå relaterte sakar), men eg trur han hadde sett heilskapen som har blitt gjort her. Det var nok utenkjeleg for han i 1825.
Jordåen føler at han har blitt godt kjend med Christie igjennom arbeidet med boka.
– Eg følte eg kom tett innpå Christie. Det er veldig mange dokument der han skriv personleg, der ein blir betre kjende med både stil og humor. Det er brev til vener av han i Bergen, ulike talar og reisedagbøker.
Sjølv om forfattaren meiner han har blitt godt kjend med Christie så vil han likevel vere forsiktig med å teikne eit bastant bilete av korleis han var som person.
– Eg har jo ikkje møtt han, men eg synest at han virka prega av si tid på mange måtar. Han var ein embetsmann av det øvre sjiktet i samfunnet. Til tider var han er ganske rigid jurist. Han var ikkje radikal, han var formell og knytt til tida. På same tid var han også ein munter selskapsbror. Han gikk på kontoret på dagtid og på kveldane var han på ulike selskap der det flaut av alkohol, dikt og erotiske viser. Det var rom for begge dei to rollene i Christie sitt liv.
To merkedagar
At det er den 20. Oktober som har blitt vald til å vere Christiedagen er ikkje tilfeldig. Det er to datoar som peikar seg ut i Christie sitt liv. Den eine var då 4. Novembergrunnlova kom på plass, der Christie spelte ei viktig rolle for å gje Noreg så mykje sjølvstende som mogleg i unionen med Sverige. Så er det dagen i dag, 20. Oktober.
– 20. Oktober 1814 var dagen då Christie stod bak eit svært viktig vedtak i Stortinget som førte fram mot 4. Novembergrunnlova. Stortinget sa ja til å gå i union med Sverige på visse vilkår og dei sa ja til å velje ein ny konge, men det skulle dei fyrst gjere når grunnlova vart vedteken. Slik beheldt ein initiativet litt lenger og kunne i mykje større grad forhandle med svenskane fram til 4. November. Dei kjøpte seg rett og slett tid og dette vedtaket var det i stor grad Christie som stod bak, fortel Jordåen.
4. november reiser Jordåen med boka si til Christie sin fødeby Kristiansund, men i dag skal han altså presentere boka si for publikum i Bergen.
–Eg ser fram til det! No har eg jo hatt ein disputas tidligare når eg tok doktorgrad, men eg håpar lanseringa og panelsamtalen vert i litt rolegare former, seier Jordåen og ler.
I tillegg til boklansering kan du også bli med på kulturminnemarkering og to utstillingar om Christie. Les meir om kva som skjer på Christiedagen her.