Innbyggjarane i Bergen har større areal kvar enn innbygggjarane i Trondheim og Oslo. Byråd Anna Elisa Tryti vil ha fortetting - ikkje nye bustadområde. Foto: flickr.com/Kamil Porembinski

Korleis skal framtidsbyen – og framtidsbergen – byggast?

Publisert

Forskar Håvard Haarstad prøvde å bevega seg til fots i Kentucky. Det var ikkje så lett. Korleis kan ein bygga moderne byar som er gode for menneske – ikkje berre for bilar?

Byane Atlanta i USA og Barcelona i Spania eg omtrent like store: I kvar av byane bur det om lag fem millionar menneske. Men korleis dei lever liva sine, er høgst ulikt. Atlanta er mykje større i utstrekking. Her er det ikkje lagt opp til at ein skal gå eller sykla frå den eine staden til den andre. Barcelona er mykje meir kompakt. Dette er ikkje ein by der bilen er i sentrum.

Forskar Håvard Haarstad frå Institutt for geografi ved UiB trekte fram dei to døma i innlegget sitt under Christiekonferansen torsdag. Når stadig fleire av jordas menneske bur i byar, korleis kan ein bygga byar der folk kan leva gode liv – og samstudes klara å fylla klimamålsetjingane? Haarstad leiar det BFS-støtta prosjektet «European cities as actors in climate and energy transformations.

10 minutt unna
Ap-leiar Jonas Gahr Støre snakka i sitt innlegg om folkevandringane. Ei av dei største vandringane ein ser i vår tid, er nettopp frå by til land. Kina er eit godt døme på dette. Men korleis skal alle menneska som vil inn til byane få plass – utan at byane må breia seg altfor langt utover?

– 10 minutt, eller om lag 800 meter. Så langt gidd eit moderne menneske å gå, sa Haarstad.

Han har tidlegare tatt til orde for timinuttsbyen, og gjorde det igjen under konferanen.

– Ein kan sjå føre seg nodar, der ein har både arbeidsplassar, butikkar og fritidsaktivitetar – alt innan ein radius på ti minutt. Men sjølvsagt kan ein ikkje leva heile livet innanfor ein slik node. Dei ulike nodane må difor knytast saman med effektiv offentleg transport.

Dei siste åra har mellom anna Forus-området i Stavanger vorte endra, frå å vera ein stad der bilen verkeleg var i fokus, til eit område som no legg til rette for andre måtar å reisa på, og som i tillegg er fortetta. Ideen om bilen kom frå USA. Haarstad fortalde og viste bilete frå den amerikanske byen Kentucky. Her prøvde han å gå og sykla medan han var student.

– Det var ikkje spesielt lett. Heile byen er lagt opp til at ein skal kjøra bilen sin til ein butikk. Så skal ein setja seg i bilen, svinga ut på ein firefelts motorveg og svinga av til neste butikk.

Nokre byar er flinkare enn andre til å legga til rette for andre enn berre bilar. Kvifor er det slik, spurte forskar Håvard Haarstad under Christiekonferansen. Foto: Tor Farstad

Snart 300 000 innbyggjarar?
Er det slik i Bergen?

– Bergen sentrum er veldig flott. Men like utanfor sentrum er det veldig bilbasert. Ein må få dei ulike delane av Bergen meir saman.

Det sa Ola Gustafsson frå Gehl Architects. Arkitektkontoret med hovudsete i København jobbar mykje med kva det er som gjer ein by god å vera i for menneske. Kva kvalitetar trengs då?

– I Bergen må ein ha ei fortetting ikkje berre i sentrum. Ein må òg fordela arbeidsplassane på ein annan måte enn i dag, sa Haarstad.

Anna Elisa Tryti (Ap), byråd for byutvikling, var ikkje usamd i det. Ho fortalde engasjert om den nye kommuneplanen.

– Progonosen viser at Bergen i 2030 vil ha over 300 000 innbyggjarar. Det betyr at det trengs fleire bustader og meir transport. Byrådet sin ambisjon er at Bergen skal verta Noreg sin grønaste storby, sa Tryti.

Ho peika på at ein må fortetta i staden for å bygga nye, store bustadområde, ho ønskjer E16 og E39 utanom sentrum og gode kollektivløysingar til bydelane.

– Me ønskjer å verta ein gåby. Allereie no ser ein at det er fleire som går eller reiser kollektivt. Bilbruken i sentrum har stagnert.

Ap-leiar jonas Gahr Støre snakka om dei store folkevandringane i vår tid. Ei av dei skjer frå land til by. Foto: Tor Farstad
Powered by Labrador CMS