Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Grunnleggeren av Gapminder var booka til Christiekonferansen i Bergen 19. april. No er det klart at han ikkje kan kome likevel.
Tema for årets konferanse er demografi - korleis vi vil leve saman i framtida og kva utfordringar som møter oss.
Hans Rosling, professor i internasjonale helse ved Institutt for folkehelsevitenskap ved Karolinska Institutet skulle opprinneleg kome til konferansen, men har gitt beskjed om at han melder avbod.
Mannen som fekk Kina til å forlate eittbarnspolitikken kjem i staden.
Stuart Gietel-Basten er professor ved Universitetet i Oxford. Han skal snakke om globale fertilitetsmønster i framtida. Gietel-Basten har forska på demografiske forhold i Asia, og er opptatt av kva følgjer lav fertilitet har for aldring, økonomisk berekraft og velferd.
Forskinga han har gjort på fertilitet i Asia har hatt stor gjennomslagskraft.
På bakgrunn av arbeidet han har gjort, har FN revidert prognosane sine om korleis folkeveksten i framtida vil utvikle seg.
Kina oppheva eittbarnspolitikken sin i 2015, mykje på bakgrunn av forskinga til Stuart Gietel-Basten.
Ei rekke andre personar kjem også til Christiekonferansen.
UiB-forskarane Espen Gamlund og Bettina Husebø har takka ja til å kome. Det same har Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeiderpartiet og Christine B. Meyer, leiar av Statistisk sentralbyrå.