Gyri Teien Haugland forskar på rognkjeksen, på kva han kan tole og kva som må gjerast for at han skal halde seg frisk. I dag held ho foredrag på Christiekonferanen. Foto: Njord V. Svendsen

Kulturell appropriasjon, prisen på eit menneske - og rognkjeks

Publisert

Det handlar om toleranse på årets Christiekonferanse: kulturell appropriasjon og prisen på eit menneske. Og rognkjeks med dårleg helse.

Juristar, filosofar, litteraturvitarar, psykologar, sosialantropologar, ein statsråd og ein statssekretær – alle er dei henta inn for å kaste lys over tema for Christiekonferansen 2018: toleranse i vår tid. Det skal blant anna handle om krenking og kulturell appropriasjon og prisen på eit menneske i helsevesenet. Men også ein biolog og ekspert på fiskehelse har fått plass på programmet i dag.

– Vi må ikkje gløyme rognkjeksen, seier Gyri Teien Haugland. Under posten «Forsking i front» har Christiekonferansen 2018 invitert henne til å snakke om forskinga si. Ho driv i praksis medisinsk forsking – på rognkjeks.

For dei fleste er det kjent at rognkjeksen er ein fisk. For færre er det kjent at dette er blitt ein viktig oppdrettsfisk. Det er ikkje fordi han skal bli mat på bordet – enno. Rognkjeks er ein effektiv reinsefisk. Det betyr at han kan bidra til å løyse det store lakselusproblemet.

I 2017 brukte rundt 30 millionar rognkjeks liva sine på å sluke lakselus i norske merdar.

– Når vi skal snakke om etikk og toleranse, kan vi sjølvsagt første spørje om dette i det heile er greitt, at vi berre alar dei fram for å ete lus, seier Gyri Teien Haugland.

Sjuk karriere

For hennar del er svaret gitt: Lakselus er eit stort problem i oppdrettsnæringa. Alternativa til bruk av reinsefisk er mekaniske tiltak, som spyling av fisken, med stress og fare for skadar det medfører, eller kjemisk, med bruk av til dømes hydrogenperoksid.

– Bruk av reinsefisk er skånsamt for laksen og meir miljøvennleg. Globalt tyder alt på at produksjonen av sjømat vil halde fram med å vekse. Noreg eksporterte 36 millionar måltid sjømat i fjor, kvar dag. Då er det klart at dette er viktig å forske på, seier Haugland.

Og ho meiner oppdretta rognkjeks er meir miljøvennleg, berekraftig og sikrare i bruk enn ville luseslukarar, som blir hausta i havet og transportert til merdane. Blant anna er kontrollen med sjukdomar langt dårlegare.

Men også rognkjeksen har eit stort problem, og det handlar nettopp om sjukdom. Han lever ikkje lenge. Etter ei heller kort karriere som luseslukar blir mange ramma av dødeleg sjukdom.

– Det er det neste etiske spørsmålet, kan vi godta at så mange av dei døyr av sjukdom? seier Haugland.

Eit betre liv

Også på dette spørsmålet har ho eit klart svar: nei.

– Dette kan vi ikkje tolerere om vi halde fram med å satse på rognkjeks i framtida, seier biologen.

Dermed er vi tilbake til forskinga hennar. Haugland vil gi dei luseknaskande rognkjeksane eit betre liv. Saman med sine kollegaer på Marineholmen jobbar ho med å forstå rognkjeksens immunsystem, kartlegge infeksjonsbakteriar og sjukdomar, med diagnostikk, bedøving, antibiotika og vaksineutvikling, det siste i samarbeid med eit vaksinefirma.

– Det er i realiteten medisinsk forsking på fisk. Det er viktig å forstå sjukdomsbildet for å kunne førebygge og behandle. Oppdrett av rognkjeks er ganske nytt, og derfor er det ikkje uventa at fisken får infeksjonssjukdomar og at det er mange problem som må løysast. Slik var det også med oppdrettslaks, det var mykje sjukdom i den første tida, seier Haugland.

Det står også mykje igjen på å forstå korleis levekåra bør leggast til rette for rognkjeksen. For eksempel er han ein heller dårleg svømmar, og treng skjul der han kan suge seg fast i straum.

Forunderleg fisk

Det heile begynte litt tilfeldig i 2011 med at ein tidlegare student klarte å skaffe nokre villfanga rognkjeks til laben. Haugland var nysgjerrig på immuncellene. Samstundes hadde bruk av villfanga leppefisk, som bergylte, blitt vanlegare som tiltak mot lakselus og ein hadde funne lus i magen på rognkjeks. Infrastrukturen for produksjon av rognkjeks var på plass: Produksjonsanlegg stod klare og tomme etter at forsøk med torsk hadde havarert.

Kanskje kunne rognkjeksen med sin sugekoppmunn og appetitt for den lakseplagande parasitten spele ei rolle?

– Rognkjeks er ein lite utforska og i seg sjølv ein fascinerande fisk. Noko av det første og mest forunderlege vi oppdaga var at blodvæska har same farge som fisken. Rognkjeks kan vere blå, rosa, grøn, raud, fiolett – og blodvæska har same farge, fortel Haugland.

I 2014 fekk Haugland finansiering av Forskningsrådet gjennom Yngre toppforskere i havbruk. I 2016 var ho ein av vinnarane av Forskerforbundets hjernekraftfpris.

Haugland har tru på at oppdretta rognkjeks også kan bli ein matressurs.

Tole for å nå målet

– Vi må ikkje gløyme at det er ein levande fisk. Han er ikkje berre ein luseetar som må kastast etterpå, han kan også etast. Vi manglar fortsatt mykje kunnskap og det er mykje å forske på før vi kan komme dit.

Men Haugland er ikkje i tvil om at ho når målet: sunn og frisk oppdrett, som rognkjeks kan tole, og mennesket tolerere.

Christiekonferansen

* Christiekonferansen skal vere ein av Norges viktigaste møteplassar for akademia og nærings-, kultur- og samfunnsliv. Målgruppa er nøkkelpersonar frå næringsliv, kulturliv, offentleg verksemd, frivillige organisasjonar og media.

* Tema for årets konferanse er “toleransens grenser”. 

* Christiekonferansen blir arrangert av Universitetet i Bergen kvart år.

(kjelde: UiB)

Powered by Labrador CMS