Nokre ferske studentar vel framleis å sitja i eit eksamenslokale saman med mange andre. Men ved fleire fakultet er det om lag 40 prosent av dei som tek examen philosophicum på denne måten som stryk. Foto: flickr.com/Leif (Bryne)

Fleire stryk på ex.phil

Publisert

7,2 prosent av dei som tok examen philosophicum ved UiB i fjor haust, strauk. Men for dei som valde skuleeksamen var talet ved fleire fakultet over 40 prosent.

– I si tid vart seminarmodellen innført fordi det var katastrofalt høg strykprosent på ex. phil.

Det seier visedekan Claus Huitfeldt ved Det humanistiske fakultetet. Fakultetsstyret skal tysdag diskutera saka «Eksamensresultat ved Examen Philosophicum». Tal frå Database for høgare utdanning (DBH) viser at medan 0,9 prosent av dei som valde seminarmodellen strauk, var talet for dei som valde eksamensmodell 40,9 prosent. For Det samfunnsvitskapelege fakultetet var tala 46 og 1,2 og for Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet 33,2 og 1.

600 vel skuleeksamen
Sjølv om strykprosenten totalt sett for ex.phil er godt under ti prosent, har han auka dei siste åra. Det er òg bakgrunnen for at fakultetsstyret ved HF no skal handsama saka.

– Kva er grunnen til den høge strykprosenten?

– Den viktigaste grunnen er nok at dei som vel eksamensmodellen ikkje får den same tette oppfølginga som dei som vel seminarmodellen gjer, seier Huitfeldt.

– Ein kan òg sjå på kva type studentar det er som vel eksamen. Dette kan vera studentar som arbeider og studerer samstundes, det kan vera studentar som har stroke før og som vil følgja studiet sitt vidare og difor vel å ta ex.phil som skuleeksamen, eller det kan vera studentar som kjem utanfrå og ikkje har teke førstesemesterstudiet der dei kjem frå.

Huitfeldt seier at alle studentar som ønskjer det får tilbod om å ta ex.phil som seminarmodell.

– Me anbefaler alle å velja seminarmodellen, og me fortel studentane at strykprosenten blant dei som vel skuleeksamen er høgare. Me er difor trygge på at studentane veit dette før dei går i gang, seier Huitfeldt.

Dei siste åra har det likevel vore nokre fleire studentar som har valt skuleeksamen, 27 prosent denne hausten. Det vil seia over 600 studentar.

– Dårleg ide å legga ned
I fakultetsstyresaka er forslaget til vedtak at styret tek eksamensresultata til orientering.

– Ex.phil har vore diskutert før, men me ser at det no er ein grunn til å vera ekstra merksame på saka, og tek henne opp i styret for sikkerheits skuld, seier Huitfeldt.

Han seier at det tidlegare har vore diskutert om ein bør legga ned eksamensmodellen, men at han meiner at dette er ein dårleg idé.

– For det første er det jo ikkje slik at alle som tek skuleeksamen stryk. Det er fleire hundre studentar som vel denne eksamensforma. For det andre er det slik at for nokre studentgrupper er dette i praksis den einaste måten å studera på, seier Huitfeldt.

For dei som tek seminarmodellen, er det krav om mellom anna oppmøte.

– Ikkje frykteleg krevjande
– Ein har laga ein seminarmodell fordi ein tenkjer at det gir god læringssstøtte for studentane. Dei får trening undervegs i forhold til det som vert forventa av dei, særleg når det gjeld analytisk kompetanse, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

Ho meiner ein kan sjå på om det er enkeltelement i seminarmodellen som kan overførast til eksamensmodellen i måtar å arbeida med fagstoffet på.

Å flytta ex.phil vekk frå første semester er noko som er testa ved nokre institutt. Samdal meiner at dette er noko ein bør vurdera for fleire fag.

– Ein kan til dømes flytta ex.phil til andre semester. Då er studentane meir kjende med fagområdet, og dei har òg fått meir innsikt i kva det vil seia å studera, seier ho.

Huitfeldt nemner det same i eit debattinnlegg han skreiv til Studvest førre veke. Temaet er fråfall. Huitfeldt skriv at det for studentane kan vera frustrerande å vera på orienteringsmøte for faget ein ønskje å studera i august, men samstundes få vita at ein ikkje kan byrja på sjølve fagstudiet før i januar. Fakultet jobbar med å få til ei ordning som gjer at ein kan ta fagemne allereie i første semester.

– Me ser eit aukande fråfall. Det er ikkje bra. Men samstundes kan ein aldri verta heilt kvitt fråfallet, meiner visedekanen.

– Sett i forhold til andre eksamenar, er vel ikkje ex.phil spesielt vanskeleg?

– Nei, det er i og for seg ikkje frykteleg krevjande. Det er nok framleis slik at nokre ønskjer å ta ex.phil for å sjå om universitetet er noko for dei. Og så finn dei ut at det ikkje er det.

Claus Huitfeldt, visedekan ved HF, meiner at UiB må tilby ex.phil òg som skuleeksamen. – Det er langt frå alle som stryk, seier han. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS