Clemet vil møte forskarane

Publisert

Våren 2005 planlegg regjeringa å leggje fram ei ny stortingsmelding om forsking. I samband med dette arbeidet skal forskingsminister Kristin Clemet besøke eit stort utval av forskingsmiljø i heile landet. Runden starta hjå dei medisinske miljøa i Bergen.

Statsråden kombinerte besøket med å halde opningsforedraget på konferansen ”Medisinsk forskning ved universiteter og universitetssykehus: Stimulering og produktivitet”, som vart arrangert på BB-bygget 13. og 14. mai av Leger i vitenskapelige stillinger (LVS). Temaet her var: Korleis legg den norske regjeringa tilhøva til rette for forsking og utviklingsarbeid? Statsråden trakk mellom anna fram den store internasjonale evalueringa av norsk medisinsk forsking som vart lagt fram i januar.

– Kva seier denne evalueringa? Held ein seg til det avisene skriv, er det jo berre sorga. Men slik er det ikkje i røynda. Nokre av våre medisinske forskingsmiljø er i internasjonal toppklasse, mellom anna Senter for internasjonal helse og miljøet for biologisk psykologi her i Bergen, minte Clemet om.

Etterlyser betre forskingsleiing

Samstundes vedgjekk ho at det er vanskeleg å hevde seg på eit fagfelt som alle land satsar så tungt på som medisin. Små land kan ikkje vente å vere leiande, men det finst alltid ting som kan bli betre.

– Her i landet er problema at vi har for mange små, fragmenterte og isolerte miljø. Forskingsleiinga er for dårleg, og det er for lite samarbeid mellom miljøa. Dette er problem som vi finn att på mange fagfelt, og difor er det naturleg å drøfte dei i ei ny forskingsmelding, meinte statsråden.

Ho presiserte at styresmaktene også har sett i verk fleire konkrete tiltak for å avhjelpe desse problema, slik som satsinga på senter for framifrå forsking, FUGE-satsinga, auken i forskingsfondet og ordninga med støtte til yngre framifrå forskarar (YFF). Dei nyoppretta Abelprisen og Holbergprisen er også ein del av tiltaka. Satsingane har allereie fått verknader, meinte Clemet.

– Vi ser teikn til ei kvalitetsheving i norsk forsking. For første gong ligg norsk forsking no over verdsgjennomsnittet i vitskaplege siteringar. Vi har fått godt gjennomslag i EU sine femte og sjette rammeprogram, og vi ser ein tendens til nytenking i forskingsmiljøa. Men det finst framleis utfordringar, og vi skal ikkje gløyme at andre land også satsar tungt på dette. Det gjer at vi er nøydde til å legge ned stor innsats berre for å oppretthalde status quo.


For lite privat forsking

Den store tragedien i Noreg, er at løyvingane frå det offentlege ikkje blir følgt opp av tilsvarande satsingar frå det private, hevda Clemet.

– I andre land er det vanleg at privat næringsliv står for 70-80 % av forskinga. Her i landet har vi nett nådd 50 %. Mange meiner at det offentlege då må kompensere for den biten som det private ikkje tek ansvar for. Men det er vanskeleg å gjennomføre. Dette er eit strukturelt problem som det er viktig å arbeide med.

Ho peika på at internasjonaliseringa av forsking, mellom anna arbeidet med å opprette eit europeisk forskingsområde (ERA), pregar næringslivet både på godt og vondt.

– Vi ser at forsking i større grad blir outsourca, og at forskingsavdelingane gjerne blir med på lasset når større bedrifter skal flytte hovudkontora sine ut av landet. Slikt skremmer meg. Det burde ikkje vere slik, for forskarar er ikkje så dyre i Noreg.

Ho rekna opp fleire grunnar til at regjeringa ønskjer å leggje fram ei ny forskingsmelding no:

– For det første bidreg ei forskingsmelding til merksemd og nytenking i seg sjølv. I tillegg gjev det oss ein sjanse til å diskutere viktige forskingspolitiske verkemiddel som vekstmålet for forsking. EU har fastsett at 3 % av BNP skal gå til forsking innan 2010, og det er eit mål som er relevant for oss å diskutere. Samstundes må vi vurdere dei tematiske prioriteringane våre, sa statsråden, som understreka at ho gjerne tek imot innspel til meldinga.


Omvising på FUGE-plattformer

Etter foredraget vart det tid til ei omvising ved FUGE-plattformene PROBE (The Norwegian Proteomics Centre) og MIC (The Norwegian Molecular Imaging Centre), og til samtaler med universitets- og fakultetsleiinga, og med nokre av forskarane som arbeider med satsinga på funksjonell genomforsking. Statsråden stilte fleire spørsmål om den praktiske kvardagen til forskarane.

– Her i landet ligg vi litt etter på proteomikk. Men ein del av utstyret her ved senteret er vi heilt åleine om i landet. Folk kan kome til oss og køyre sine eigne analyser. Nokre maskiner er fullteikna heile tida, medan andre har ein litt høgare brukarterskel, fortalde dagleg leiar ved PROBE, post.doc. Kari Espolin Fladmark.

Leiar for MIC, førsteamanuensis Anna Aragay, la vekt på at det ikkje er nok å ha det beste utstyret.

– Vi må også ha folk som har kompetanse til å bruke utstyret og gje brukarrettleiing til forskarane, elles er ikkje utstyret til nokon nytte. Om forskarane må lære desse teknikkane sjølve, vil dei ikkje nytte seg av tilbodet vårt. Difor må vi heile tida halde vår eigen kompetanse på topp, sa ho.


Ønskjer langsiktige rammevilkår

Statsråden var interessert i konkrete innspel til forskingsmeldinga, og både universitetsdirektør Kåre Rommetveit, dekan ved med.fak. Nils Erik Gilhus, og fleire av forskarane, la vekt på at ein treng å legge til rette for internasjonal rekruttering for å auke kvaliteten på forskingsleiinga. Då trengst det langsiktige perspektiv i forskingsløyvingane.

– Når det gjeld FUGE-forsking, meiner eg vi har verkeleg gode sjansar no. FUGE tek til å bli ei internasjonalt kjent merkevare, og fleire av teknologiplattformene våre bør vere veldig freistande for post.doc.-ar rundt omkring i verda. No er det prosjektmidlar vi verkeleg treng, sa medlem av FUGE-styret, professor Vidar Steen.

Powered by Labrador CMS