UiB-rektor Dag Rune Olsen reiser betydeleg meir enn sine kollegar både på NTNU og Universitetet i Oslo. Men klimafotavtrykket går ned, og han reiser ikkje lenger mest. Foto: Siri Øverland Eriksen

Karbonkutt: Rektor Olsen er ikkje lenger mest på flyet

Publisert Sist oppdatert

På Høyden og Khrono har innhenta oversikt over gjennomførte og planlagte jobbreiser med fly for rektorane i 2019 og rekna ut klimafotavtrykket. Flyreiser står for nær 20 prosent av Universitetet i Bergens (UiB) samla, inndirekte utslepp av klimagassar.

Klimafotavtrykk

På Høyden har brukt klimakalkulatoren til FNs luftfartorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket frå flyreisene til universitetsrektorane.

Denne kalkulatoren inkluderer ikkje andre klimagassar (ekvivalentar) enn CO2, som ved flyreiser utgjer ein vesentleg del av utsleppa som bidrar til global oppvarming.

For å kalkulere meir reelle klimagassutslepp knytt til flytransport (radiative forcing index, RFI), bør det leggast til 80 prosent på utsleppstalet (CICERO). Universitetet i Oslo legg på 90 prosent (Miljørapport 2016). Med UiBs eigen utrekningsmetode er Dag Rune Olsens avtrykk på 30 tonn i 2019.

Reiser med bil, tog eller anna i samband med flyreiser er ikkje tatt med.

Alle klimarekneskap er upresise på grunn av dei mange variablane som kan reknast inn og dei ulike måtane dei kan reknast ut på.

UiBs rektor, Dag Rune Olsen, vil legge igjen 23,5 tonn CO2-ekvivalentar (CO2 og andre klimagassar) i 2019.

Det er viktig at rektor går føre

Dag Rune Olsen

Det er ein vesentleg reduksjon frå 2018, då talet var 27 tonn. Då var han i særklasse den som klimaforureina mest av rektorane ved UiB, Universitetet i Oslo, NTNU og UiT Noregs arktiske universitet. No er han med god margin nummer to, bak UiTs rektor Anne Husebekk. Ho kjem i 2019 til å legge igjen kring 32 tonn klimagassar med flyreisene sine.

Husebekks klimafotavtrykk blir dermed vesentleg større enn rektorane ved Universitetet i Oslo (UiO) og NTNU sine utslepp – til saman.

Større avtrykk enn UiO og NTNU

UiB-rektorens klimabagasje er, trass nedgangen, tyngre enn både NTNU-rektorens og rektor ved Universitetet i Oslo (UiO). NTNU-rektorane Gunnar Bovim og Anne Borg (Borg avløyste Bovim som rektor i august) kjem til å stå igjen med cirka 16 tonn ved årsslutt.

UiO-rektor Svein Stølen reduserer sine utslepp frå jobbreiser med nær 30 prosent i 2019. I år noterer han, om reiseplanen står seg, 10,5 tonn CO2-ekvivalentar. Utsleppet hans ligg dermed godt under halvparten av Olsens. I reine tal har Stølen fleire utanlandsreiser enn Olsen, men alle går til Europa. Olsen besøker derimot fire kontinent på sine etter planen 14 utlandsreiser i 2014, noko som fyller på karbonkontoen.

UiB har ein viserektor for internasjonale relasjonar, Annelin Eriksen. Ho reiser lite, samanlikna med Olsen. Med sine fem utlandsreiser og åtte innanlands (fem av dei til Oslo) endar ho med eit avtrykk på 6,5 tonn.

Snart ny reisepolicy

Olsen er godt fornøgd med at han har klart å redusere reisene sine, ikkje minst med tanke på det nye vervet han har som leiar i Universitets- og høgskulerådet (UHR). Dette vervet inneber meir reising til møter i Oslo.

— Det er viktig at rektor går føre, sjølv om det er ein del av jobben som rektor på eit internasjonalt universitetet å vere til stades og representere, seier Olsen.

Klimasaka har stått høgt på dagsorden i Bergen siste året, og universitetsleiinga har fått kritikk for å handle for lite og for seint. No ligg nye retningslinjer for å regulere reising blant dei tilsette på UiB snart klare. Det er venta at dei blir vedtekne på universitetsstyrets møte i november.

Powered by Labrador CMS