Fakultetsdirektør på Humanistisk fakultet, Kim Ove Hommen, er ein av dei som legg stabsseminar til utlandet denne våren. Foto: Hilde Kristin Strand

Paris, Reykjavik, Aberdeen: Sender heile staben på seminar i utlandet

Klima. Reguleringar for å redusere talet på flyreiser kan bli lagt fram alt i april. Men før den tid reiser minst hundre tilsette ved Universitetet i Bergen på stabsseminar til utlandet.

Publisert Sist oppdatert

På Høyden har i fleire saker omtalt UiB-leiinga sin tur til Boston seinare denne månaden med 27 deltakarar på lista. Men leiinga ved Universitetet i Bergen (UiB) er ikkje dei einaste som vel å legge seminara sine utanlands.

I løpet av våren skal til dømes SKOK, Senter for kvinne- og kjønnsforsking, til Island og Reykjavik. Der skal dei ha sitt strategiseminar for alle tilsette, kring 20 i talet. Fakultetsadministrasjonen på Det humanistiske fakultet (HF) skal til Skottland i mai, nærare bestemt Aberdeen, på HMS- og fagseminar med mellom 20 og 25 tilsette. I februar sende Instittutt for administrasjon og organisasjonsvitskap alle sine – 29 i talet – på stabsseminar til Paris.

Skal bli klimanøytralt

Samstundes arbeider Senter for klima og energiomstilling (CET) på oppdrag frå universitetsleiinga med eit forslag til nye retningslinjer for reising for tilsette ved universitet.

Dei vil innehalde forslag til korleis klimafotavtrykket knytt til reising skal reduserast. UiB har som mål å bli såkalla klimanøytralt innan 2030. Men målet er berre oppnåeleg gjennom kjøp av klimakvotar – eller ein drastisk reduksjon i talet på flyreiser, som utgjer den største enkeltkjelda til klimagassutslepp ved alle dei største universiteta i Noreg.

Førre veke gjekk NTL ved UiB, med sine 500 fagorganiserte, inn for at både administrasjon, fakultet, institutt og senter heretter bør legge seminara innanlands og helst lokalt.

Fag og internt – 50-50

SKOKs interne strategiseminar i Reykjavik skal kombinerast med deltaking på ein kjønnsforskingskonferanse på Island. Der skal forskarar frå senteret stå for to sesjonar, får På Høyden opplyst.

Også Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap kombinerte internt seminar med fagleg program 50/50 på sin tur til Paris. Dei tilreisande høyrde mellom anna innleiarar frå Science Po-universitetet snakke om det franske universitetssystemet og om krisehandtering.

— Ein del av turen var stabsseminar. Ein annan del var fagleg, og vi besøkte Det norske universitetssenter i Paris, der Johannes Hjellbrekke frå UiB er direktør, fortel instituttleiar Jacob Aars.

Når det gjeld fakultetsadministrasjonen på HF sin tur i mai, er ikkje programmet klart. Men ifølgje fakultetsdirektør Kim Ove Hommen er Aberdeen valt fordi universitetet der er eit anerkjent breiddeuniversitet på storleik med UiB. «Storbritannia har som kjent gjennomgått betydelige omstruktureringer i UH-sektoren, som det vil være interessant å lære mere om fra et universitet som har kjent dette på kroppen», skriv Hommen i ein e-post til På Høyden.

Motstridande mål

Jacob Aars synest ikkje det er lett å balansere det som raskt blir mostridande mål – å kutte klimagass og samstundes satse internasjonalt.

– Sektoren er jo i mange år blitt oppmoda om å satse på internasjonalt samarbeid og pleie internasjonale kontaktar. Det er nettopp det det ligg til rette for i Paris for oss, og då er det viktig for oss å ta dette i bruk. Samstundes må vi framover tenke på fotavtrykket. Vi prøver å sløyfe ein del møter i Oslo og kutte ut unødvendig reising.

— Var det då nødvendig å sende heile staben til Paris?

— Om du spør om det var absolutt nødvendig, så er svaret nei. Men det var ei viktig anledning for å få impulsar og ta i bruk fasilitetane vi er invitert til å bruke. Kva som er nødvendig er det ikkje noko enkelt svar på, så eg ser fram til å få klarare retningslinjer. Men dersom ein vel å sende ut nye retningslinjer for reising, bør dei vere balanserte, slik at dei også tar omsyn til behovet for nasjonalt og internasjonalt samarbeid.

Powered by Labrador CMS