Rektor ved NHH, Øystein Thøgersen, seier at skulen har lykkast med mykje lokalt, men manglar ein heilskapeleg strategi for klimatiltak. Foto: Eivind Senneset

Klima på NHH: Ingen plan, ingen mål, ingen statistikk

Publisert

NHH satsar på klimaøkonomi og utdannar førsteklasses rekneskapsførarar. Men nokon rekneskap for eigne klimautslepp har skulen ikkje.

Universitetet i Bergen har erklært at institusjonen skal vere såkalla klimanøytral innan 2030. Universitetet i Oslo vedtok nyleg ein eigen klimastrategi. NTNU jobbar med ein plan der det er lagt opp til minst 50 prosent reduksjon i klimaavtrykket ved institusjonen i løpet av få år.

Norges handelshøyskole (NHH) derimot, har ingen plan, ingen mål.

Høgskulen har heller ikkje statistikk over eigne klimautslepp eller tal på dei tilsette sine flyreiser.

På Høyden har i ein serie artiklar sett nærare på klimaavtrykket på universiteta. Forskarar er blant dei som reiser mest i jobben, og flyreiser er den største kjelda til CO2-utsleppa institusjonane etterlet seg. Generelt har nordmenn sin auke i flyreiser til utlandet vore på 1000 prosent i løpet av dei siste 20 åra, mot 100 prosent for andre transportmåtar.

«Berekraftig utvikling»

«NHH er gode på bærekraft og klimaøkonomi innen kjernevirksomheten, forskning og undervisning, men for vår driftsaktivitet kan det være utfordrende å få på plass en strategi med tydelige mål. Når NHH kommer på banen med en slik strategi, skal vi være sikre på at det ikke blir et skrivebordsarbeid – men faktisk fører til endring i positiv retning», skriv NHHs rektor Øystein Thøgersen, som har valt å svare på spørsmål frå På Høyden på e-post.

NHH-rektoren peikar på andre miljøtiltak ved institusjonen. NHH resirkulerer plast, glas, pant og lysrør. Det blir også jobba med eit nytt opplegg for sortering av avfall i samarbeid med studentforeininga NHHS Green team.  Når det gjeld energi, framhevar Thøgersen NHHs nye høgblokk, som ferdig rehabilitert vil føre til «kraftig reduksjon i energibruken».

Men når det gjeld klima finst det per i dag ingen tiltak på skulen.

NHH, som utdannar mange av framtidas leiarar, skal ifølgje sin eigen visjon «være en drivkraft for nærings- og samfunnsutvikling og utdanne mennesker for verdiskaping og bærekraftig utvikling». I NHHs strategi blir det slått fast at høgskulen skal støtte opp om FNs 17 globale berekraftmål.

Ifølgje rektoren har NHH gjort «mye arbeid i riktig retning lokalt», men manglar ein «helhetlig strategi». «Jeg er ikke i tvil om at det i løpet av få år kommer sterkere klimakrav til alle offentlige institusjoner», skriv Thøgersen.

Studentar følgjer opp

Statsleiarane har nettopp fullført endå eit skjebnemøte om klodens klimaframtid, denne gongen i Katowice i Polen. Målet var å finne måtar å få Paris-avtalen til å fungere på. Ifølgje avtalen må global oppvarming avgrensast til 2 grader, men helst 1,5 samanlikna med før-industriell tid. Klimaforskarane har for lengst rekna ut katastrofale følgjer for miljø, samfunn og økonomi om måla ikkje blir nådd.

Samstundes presenterer ein fersk rapport tal som viser at dei globale klimagassutsleppa truleg vil auke med 2,7 prosent i 2018, mot 1,6 prosent i 2017.

– Vi har merka at det ikkje er så mykje fokus på miljø- og klimatiltak. Det er derfor vi starta opp. Men vi har fått god tilbakemelding på dei tiltaka vi har foreslått og trur at vi skal komme langt med godt samarbeid, seier leiar Siri Rygh Jerndahl i studentorganisasjonen NHHs Green team.

Organisasjonen jobbar for klima- og miljøtiltak blant studentar og tilsette og har fått leiinga ved skulen til å slutte seg til PRME, eit globalt FN-støtta initiativ for å ta berekraft inn i utdanningssystemet.

– Det er veldig mykje bra som skjer i forskinga på NHH når det gjeld miljø, og det er bra at berekraft er tatt inn i strategien. Men det er heilt klart ein veg å gå internt. «Walk the talk» er noko studentar lærer her på NHH, så vi skal passe på at dette blir følgt opp. Med tanke på kor mange framtidige leiarar NHH utdannar, er det veldig viktig, seier Jerndahl.

Klima

* På Høyden har rekna på klimafotavtrykk til rektorane ved dei fire største forskingsuniversiteta i Noreg. Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, stod med sine flyreiser for utslepp av 27 tonn CO2-ekvivalentar i løpet av det siste året.  Det er 8,5 tonn meir enn nestemann på lista, NTNU-rektor Gunnar Bovim.

 

Powered by Labrador CMS