Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Bygginga av pilotanlegget for algeproduksjon på Mongstad er i gang. Vegen mot industriell skala vil ta mange år.
I beste fall kan algane ete opp karbondioksid ein elles ville bli slept ut i atmosfæren, for deretter å bli mat for laksen. Det er alger som er rike på omega-3 som blir produsert, slik at dei kan erstatte fiskeolje som omega-3-kjelde i fôr til oppdrettsfisk. Tilgangen til fiskeolje er knapp, og ikkje bærekraftig med auke i oppdrettsproduksjonen.
Har testa ut 40 000 algar
I lengre tid har dei testa ut over 40 000 unike arktiske algar ved Institutt for biologi på Marineholmen for å finne dei som veks best og produserer mest omega-3. Til hausten skal produksjonen flyttast til eit pilotanlegg like ved anlegget for CO2-fangst på Mongstad.
I eit drivhus skal algane vekse, mens dei blir fora med CO2 frå avgassane frå raffineriet og det gassdrivne varmekraftverket. Hittil har dette skjedd på lukka laboratorium med kunstig lys på Biologen, der Instititt for biologi held til.
– Det er ei viktig utfordring å oppretthalde den industrielle matproduksjonen, og bioøkonomien er sentral i ei grøn omstilling, seier forskingsdirektør Hans Kleivdal ved Uni Research Miljø, som jobbar med algeprosjektet.
Hentar på lågaste nivå
Oppdrettsnæringa ser at ho treng ein annan kjelde til omega-3-fettsyrer enn fiskeolje, og å hente det nedst i verdikjeden – på algenivå – har mykje for seg. Fiskeoljebruken står òg for mesteparten av CO2-avtrykket til oppdrettsnæringa.
Det går med 1,8 tonn CO2 for å produsere 1 tonn algar.
Svar om 2-3 år
Men utfordringane står likevel i kø: Ein må finne riktig algestamme, og finne metodar som kan brukast i industriell skala. Volum og kostnad er som så ofte det vanskelegaste. Pilotanlegget på Mongstad kostar 18 millionar kroner, og skal etter planen drivast i 2,5 år.
Anlegget skal prøve ut teknikkar med både naturleg og kunstig lys. Teknologien er under utvikling, og prosessen blir svært krevjande teknisk. Det heile skal i størst muleg grad kunne fjernstyrast frå Bergen.
– Om 2,5 år kan vi seie om det er muleg å gå vidare eller ikkje, seier Svein M. Nordvik, som er dagleg leiar for CO2BIO.
Pilotanlegget vil produsere under eitt tonn algar i året. Men neste steg er meir krevjande: Om ein tek steget over i industri er målet å produsere 100 000 tonn algar. Då vil det gå med 3-400 000 tonn CO2 i året, mens anlegget for CO2-fangst på Mongstad berre kan levere 100 000 tonn. Testsenteret for CO2-fangst har kosta kring seks milliardar, så prisen på fanga CO2 kan òg bli ei utfordring for CO2BIO.
Men partnerane i CO2BIO har likevel stor tru på prosjektet.
– Men dette er framleis ein risikosport, understrekar Nordvik.