Sentio-undersøkinga syner at 21 prosent av studentane har opplevd diskriminering i løpet av studietida. Illustrasjonsfoto: Timmy_L, Flickr, CC BY-SA 2.0.

Ein av fem studentar opplever diskriminering

Publisert

I ei undersøking gjennomført av Sentio på vegner av Universitas og Norsk Studentorganisasjon (NSO) kjem det fram at ein av fem norske studentar har opplevd diskriminering. – Inga overrasking, seier UiO-professor Dag Øistein Endsjø.

Undersøkinga vart gjennomført i perioda 23. oktober til 12. desember 2017, og bestod av intervju av eit representativt utval på 1001 norske studentar. På spørsmålet: «Har du opplevd diskriminering på bakgrunn av kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsnedsettelse eller annet under studie?» svarte 21 prosent av studentane ja, og 79 prosent nei.

- Openbert alvorleg

Hege Høyvik Bye, som er førsteamanuensis ved institutt for samfunnspsykologi på UiB, og dessutan leiar for universitetet sin likestillingskomité tek atterhald om at ho ikkje har fått sett på studia utover det som er rapportert i studentavisa Universitas. – Men det er openbert alvorleg at ein av fem studentar seier dei har opplevd diskriminering i løpet av studiane.

Ho legg til at ho ikkje er overraska. – For det fyrste ville det vore naivt å tru at diskriminering i ulike former er eit fråverande eller marginalt fenomen i norsk høgare utdanning. For det andre fokuserte spørsmålet i undersøkinga på diskriminering på fleire ulike grunnlag, og studentane kunne sjølv definera kva dei legg i å bli diskriminert. Dette opnar for at ei rekkje ulike opplevingar og situasjonar kan liggja bak det talet som vert presentert, seier Bye til På Høyden.

Få saker meld til studentombodet

Ved Universitetet i Bergen er det sett i gang både førebyggande tiltak og rutiner og oppfølging av studentar og tilsette. Nyleg tok UiB i bruk varslingsplattforma «Si fra» for studentar. Universitetet har også sitt eige studentombod, til liks med ein del andre utdanningsinstitusjonar. Studentombod Sylvi Leirvaag ved UiB fortel at ho berre har motteke ei sak knytt til diskriminering sidan oppstart hausten 2015, men at det har vore nokre fleire tilfelle av trakassering, inkludert både uønska seksuell merksemd og mobbing.

– I 2017 omhandla fire av 144 saker trakassering, fortel Leirvaag.

Ho understrekar at desse talet sjølvsagt berre seier noko om dei sakene der studentar vel å venda seg til studentombodet, og at dei ikkje fortel noko om status ved institusjonen som sådan.

– Det er viktig å ta undersøkingar som denne på alvor, seier Leirvaag til På Høyden.

– Utdanningsinstitusjonar bør også oppmoda studentar til å seia frå dersom dei opplever trakassering, diskriminering eller andre kritikkverdige formål. Som studentombod er eg generelt oppteken av å ivareta studentane sin rettstryggleik og i desse #metoo-dagar er eg spesielt merksam på tilhøve knytt til trakassering.

­

– Ingenting overraskande

Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo, har arbeidd med diskrimineringsspørsmål både som akademikar og gjennom Menneskerettsalliansen, der han er nestleiar.

– Det er ingenting ved desse tala som er overraskande, seier han til På Høyden.

Endsjø retter skarp kritikk mot heile UH-sektoren.

– Eit grunnleggjande problem hjå både høgskular og universitet er at likestilling ikkje vert teke på alvor. Universitetet i Bergen har vore førande når dei har utvida likestillingsomgrepet til å også gjelda for andre grunnlag enn kjøn, men andre stader handlar likestilling berre om kjøn heile vegen, seier Endsjø.

– Også i Bergen vert det diverre gjort for lite på desse andre områda i praksis.

Endsjø omtaler også universitetslova som eit skrekkdøme.

– Den er diskriminerande i seg sjølv, ved at den berre syner til likestilling mellom kjønna, og ikkje omtaler andre diskrimineringsgrunnlag. Slik kjem den i motstrid med både likestillingslova og grunnlova sin § 98, meiner Endsjø.

Universitas har i si dekking av Sentio-undersøkinga også fortalt om studenten «Oda». Ho fortel at ho som trans har hatt så mange ubehagelege opplevingar at ho ikkje lenger klarer å følgja undervisninga på sin studiestad. «Oda» skildrar i eit lesarinnlegg i Universitas ei rekkje negative erfaringar ho har gjort seg.  

– I LHBT-samlesekken er transpersonar dei mest utsette på alle måtar, seier Dag Øistein Endsjø til På Høyden.

– Problemet er at desse studentane og dei få tilsette det gjeld ofte vert sett på fyrst og fremst som eit problem.

Endsjø legg til at ein har vore flinke til å få med kjønnsperspektiv på pensumlister, men at det er for lita problematisering frå andre perspektiv, noko han omtaler som «grunnleggjande mangelfullt».

Uroa NSO-leiar

Leiaren for NSO, Mats Johansen Beldo seier til Universitas at han er uroa over dei høge tala.

– Institusjonsstyra må syta for at dei tek sitt oppdrag med å sikra studentane eit godt læringsmiljø på alvor, og dei folkevalde har på si side eit ansvar for å styrka lovverket rundt studentane sitt læringsmiljø, seier Beldo ifølgje studentavisa.

– Eg registrerer at talet er høgt, og vert umiddelbart nyfiken på korleis studentane ved UiB opplever møtet med universitetet, seier studentombod Sylvi Leirvaag. Arkivfoto: Ida Bergtrøm.
– Eit grunnleggjande problem hjå både høgskular og universitet er at likestilling ikkje vert teke på alvor, meiner Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo. Arkivfoto: Åse Johanne Roti Dahl
Powered by Labrador CMS