- Det er viktig at klimakvotane ikkje blir ei form for avlat, seier Dag Rune Olsen, her lyttande på første benk saman med Erna Solberg til Tore Furevik, UiBs, klimadirektør. Foto: Tor Farstad

Vil kjøpe klimakvoter for flyreisene til UiB-tilsette

Universitetet i Bergen kan komme til å satse på kjøp av klimakvoter for klare å nå klimamåla sine.

Publisert Sist oppdatert

Det skjer etter at På Høyden skreiv om rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, sitt klimaavtrykk knytt til flyreiser det siste året.

Med sine flyreiser i løpet av det siste året har rektor det desidert tyngste klimafotavtrykket av alle rektorane ved dei fire største forskingsuniversiteta i Noreg. Flyreiser er den største kjelda til utslepp av CO2 og andre klimagassar ved UiB.

Samstundes er UiB faneberar for berekraft og klima, og har mellom anna blitt tildelt ei nøkkelrolle i arbeidet med å nå FNs globale berekraftmål.

– Mellombels løysing

– Ein slepp jo ikkje ut mindre CO2 med klimakvotar, ein kompenserer med å betale for det. Det er ei mellombels løysing, seier Olsen.


Klimakvotar har ei tid blitt diskutert i universitetsleiinga. I løpet av 2019 kjem universitetsstyret til å få framlagt ei sak om emnet. Om lag 50 prosent av Noregs klimagassutslepp er alt omfatta av EUs kvotesystem. I dette systemet må kvotepliktige verksemder kvart år innlevere like mange klimakvotar som dei har slept ut CO2-ekvivalentar (klimagassar). Samstundes kan også personar og institusjonar sjølv kjøpe klimavkotar.

Ideen med klimakvoter er at ein kan få godskrive eigne utslepp mot å bidra til reduksjon av utslepp andre stader.

Flystatistikk vil ta av

UiBs statistikk viser at det vart bestilt 6234 flyreiser i 2017 gjennom reisebyrået Berg-Hansen, som dei tilsette i utgangspunktet skulle bruke.

Dette er likevel berre ein del av flyreisene som UiB-tilsette har bestilt, fordi mange bestiller utanom reisebyrået. Derfor reknar UiB med at talet vil gå drastisk opp, når meir detaljerte klimarekneskap kjem på plass neste år.

– Det er også viktig at innføring av kvoter er noko vi gjer i tillegg til andre ting, at det ikkje blir ei form for avlat, understrekar Olsen.

Verken Universitetet i Oslo, NTNU eller Universitetet i Tromsø har etter det På Høyden forstår konkrete planar om å innføre klimakvoter for flyreiser.

Klima på universitetet

På Høyden har rekna på klimafotavtrykk til rektorane ved dei fire største forskingsuniversiteta i Noreg. Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, stod for utslepp av 27 tonn CO2-ekvivalentar i løpet av det siste året. Det er 8,5 tonn meir enn nestemann på lista, NTNU-rektor Gunnar Bovim.

Klimatiltak står sentralt i UiBs strategiske satsingar - samstundes er rektors samla klimaavtrykk fire gonger så stort som for ein gjennomsnittleg nordmann.

Flyreisene til dei tilsette er den største kjelda til CO2-utslepp frå UiB og dermed den viktigaste faktoren for å redusere utslepp og nå målet om å bli klimanøytral innan 2030.

Powered by Labrador CMS