Anders Kvernmo Langseth, Dag Rune Olsen, Nina Karlstrøm, Peter M. Haugan, Johannes Waage Løvhaug og Steinar Vagstad debatterte korleis UiB skal få opp andelen publikasjonar som vert publiserte i kanalar som er fritt tilgjengelege. Foto: Ida Bergstrøm

– Forskarkulturen er det største problemet

Alle er samde i at forlaga er grådige, og at open access ventar i framtida. Ingen har klare svar på korleis ein skal kome seg dit.

– God forsking vil vere bra for kunnskapsutviklinga over alt, sa Dag Rune Olsen, rektor ved UiB, då han tok del i debatten «Er Open Access fremtiden for vitenskapelig publisering?»

Debatten var ein del i seminaret «Fremtiden er open», eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Norges Handelshøgskule, Høgskulen i Bergen og CRIStin.

– Eg tek det for gitt at open access er framtida. Spørsmålet er korleis det skal praktiserast, sa Dag Rune Olsen, og sette dermed stemninga for den vidare debatten.

– Vi meiner vi har stramme budsjett ved Universitetet i Bergen. Sett i eit globalt perspektiv er ikkje dette tilfellet. Difor har vi ei moralsk og etisk plikt til å dele kunnskapen raust, sa Dag Rune Olsen.

– Prestisjetunge tidsskrift er viktige
UiB bruker over 30 millionar kroner årlig på innkjøp av store mengder vitskapelege tidsskrift. Mange av desse er svært dyre. Det har vi råd til, meiner Dag Rune Olsen.

– For oss er ikkje pengar, men kultur det største problemet, sa Dag Rune Olsen.

Han peika på at for unge forskarar som er i startgropa av karriera si vil både trenge og ønske å publisere i eit tidsskrift med «High Impact», altså i eit prestisjetungt tidsskrift. Desse er eigd av store forlag, som tek seg godt betalt – både frå dei som vi publisere og dei som vil lese.

Betalar tre gonger
Også Nina Karlstrøm, seniorrådgjevar i Christin er klar på at systemet vi har i dag ikkje er berekraftig på sikt.

– Ein betalar tre gonger for ein artikkel. Først betalar det offentlege for at forskinga vert gjort. Deretter vert ein artikkel fagfelleevaluert. Dette arbeidet vert gjort av andre forskarar som også får løna si frå offentlege kjelder. Detter må biblioteka kjøpe lesartilgang til artiklane.  

Vagstad: – Kjøp forlaga
Men korleis skal ein sikre kvaliteten? Den høgt skatta fagfelleevalueringa veg tungt når kredibiliteten til eit tidsskrift skal målast.

– Dette er ikkje bildekk eller eple. Grunnlaget for makta dei store forlaga har over marknaden er ryktet deira, sa Steinar Vagstad.

Vagstad peika på at forsking og kunnskap kan reknast som eit kollektivt gode, som burde forvaltast på kollektivt vis.

– Kunnskapsministeren burde ikkje kome hit og be oss om å publisere gratis. Ho burde i staden kjøpe internasjonale kunnskapsforlag. Å ta eigarskap over forlaga er den einaste måten å ta kontrollen over dei på, sa Steinar Vagstad,

Professor Petter M. Haugan er medlem av universitetsstyret og nestleiar i den norske UNESCO-kommisjonen. Både han og Johannes Waage Løvhaug, seniorrådgjevar i Forskingsrådet sa seg samde i at forlaga si inntening er ublu.

Skrik etter økonomhjelp
– Heile komplekset rundt open access skrik litt etter at nokre økonomar set seg ned og arbeider med emnet, sa professor Steinar Vagstad ved Institutt for økonomi, og leiar for Forskarforbundet ved UiB.

Men korleis skal ein få dei beste forskarane til å gjere arbeidet sitt fritt tilgjengeleg, og dermed degradere dei store tidsskrifta? Kva metodar skal ein ta i bruk? Kva innfallsvinkel er den beste? Panelet var slett ikkje sikre.

– Eg trur vi må motivere dei eldre og velrenommerte forskarane til å publisere open access, framfor å piske dei til det, sa Dag Rune Olsen.

– Ein idé kan vere å legge ned forbod mot referee-oppdrag for forlag og tidsskrift som ikkje driv med open access, foreslo Steinar Vagstad.

– Eg skulle ønske open access var noko ein kunne vedta, så ville det skje. Mein ein må jobbe både frå botnen og frå toppen for at det skal skje. Sjølv må vi studentar arbeide for at alle mastergrader vert publiserte på stader som er fritt tilgjengelege, sa Anders Kvernmo Langseth, studentrådskoordinator i UH-Nett Vest.

Fakta om open access:

Open access betyr at vitenskapelige publikasjonar gjerast fritt tilgjengelig på web. Forfattaren held på opphavsretten til publikasjonen, men gir brukarane gratis løyve til å lese, laste ned, kopiere, distribuere, skrive ut, søke i eller lenke til fullteksten.

UiB brukar over 30 millionar kroner årleg på innkjøp av store mengder vitskapelege tidsskrift. Mange av desse er svært dyre.

Det finst tre hovidmodellar for å få gjort kunnskapen tilgjengelig for alle:

  • Grøn: «Den grøne vegen» betyr at forskaren arkiverer ein kopi av ein artikkel publisert i et ordinært, abonnementsbasert tidsskrift i et åpent, digitalt arkiv. Bora (Bergen Open Research Archive) er et eksempel på dette. Ein del tidsskrift opererer med sperrefrist for kopiar, og ein del utgjevarar akspeterer ikkje eigenarkivering i det heile teke.
  • Gull: «Gullvegen» går ut på å publisere artiklar i tidsskrift som er opne for alle lesarar på nettet. Desse tidsskrifta vert finansierte gjennom ei avgift forfattarane må betale.  
  • Hybrid: Ein del utgjevarar tilbyr forfattarene å kjøpe fri artikkelen, slik at den er tilgjengeleg. Forskingsmeldinga opnar også for denne modellen, «så fremt dei samla tilgangskostnadene til hybridtidsskrifta ikkje aukar.»
Powered by Labrador CMS