Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Rektor ved Universitetet i Bergen har som kjent søkt den ledige åremålsstillinga som rektor ved NTNU. Til Khrono har han sagt at han har fått signal om at han truleg blir kalla inn til intervju for jobben.
Olsen er valt rektor ved universitetet heilt fram til 2021. Den spesielle situasjonen har derfor ført til spekulasjonar og utløyst ei rekke prinsipielle og tekniske spørsmål som styret og universitetsleiinga må ta stilling til:
Når skal og kan han eventuelt gå av? Kven skal ta over? Når skal eit nytt rektorval finne stad?
Desse spørsmåla ønskjer styrerepresentant Berre ikkje å seie så mykje om utanfor styrerommet.
— Når ein får opplysningar om forhold som handlar om habilitet, må styret i tråd med forvaltningsloven ta opp og avgjere korleis ein skal handtere dette, seier Berre til Khrono/På Høyden, utover det vil ho ikkje kommentere spørsmål knytt til Olsens eventuelle exit.
Det er universitetsstyret som skal bestemme korleis Olsens eventuelle avgang skal skje – og tida er knapp: NTNU-styret planlegg å tilsetje ny rektor i januar neste år.
Olsen sjølv la opp til ei kort orientering om status då han opna møtet i Bergen torsdag, men styret ønskte altså å diskutere saka nærare i einerom.
— Eg har grubla litt på korleis situasjonen påverkar min habilitet, og eg har tatt kontakt med Kunnskapsdepartementet, opplyste Olsen.
Tilbakemeldingane er at han sjølv må vurdere sin habilitet, men dersom styret skal behandle saker som ikkje berre involverer UiB, men også NTNU, vil Olsen openbert måtte trekke seg tilbake.
Anne Borg er for tida konstituert rektor ved NTNU og er saman med Olsen ein av åtte konkurrentar om rektorstillinga der.
Tidlegare NTNU-rektor Gunnar Bovim gjekk av i august i år, nettopp av habilitetsgrunnar. Bovim gjorde det då kjent at kjærasteforholdet til ein av direktørane ved NTNU, Merete Kvidal, ikkje var foreinleg med å fortsetje i jobben.