Dagfinn Moe æresdoktor i Litauen

Publisert

Professor Dagfinn Moe ved Botanisk institutt og Bergen Museum er utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Vilnius i Litauen. Moe dreg til Vilnius for å ta del i seremonien, som finn stad fredag 4. april.

Æresdoktoratet er eit høgdepunkt i eit universitetssamarbeid som har strekt seg over meir enn ti år, sidan frigjeringa for dei baltiske statane. Like etter dette møtte Moe ein kollega frå Litauen på eit seminar, og denne kontakten utvikla seg raskt til eit meir formelt samarbeid. I 1992 vart det underteikna ein intensjonsavtale mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiB og systerfakultetet ved Universtetet i Vilnius. Sidan den gongen har Moe vore i Litauen mange gonger for å gjesteforelese, drive rettleiing og delta i feltarbeid.

– I starten var det svært primitive tilhøve i Vilnius, dei mangla vestlege tidsskrift, hadde dårleg apparatur og få vestlege lærebøker. Dei har på sett og vis tapt 50-60 år i si utvikling. Men studentane var svært dyktige og engasjerte, og det gjorde at eg ville halde fram med samarbeidet, seier Moe.

Manglar utstyr

– Studentane i Vilnius har hatt ein entusiasme og ein vilje til nytenking som har vore eineståande. Det botaniske fagmiljøet har hatt god kunnskap om klassisk botanikk, men har mangla kunnskap om nye teknikkar. Her kan vi hjelpe til, meiner han.

Han fortel at samarbeidet ikkje har vore fritt for kulturkonfliktar.

– Dei har hatt eit svært hierarkisk system, der det ikkje er lett for ein student å svare ein professor. Vår moderne skandinaviske veremåte kan bryte opp dette systemet, og det har ikkje alltid vore like populært. Det trengst smidigheit og pedagogiske eigenskapar for å skape forståing for kva vi meiner er viktig. Men samstundes har vi lært utruleg mykje om kva dei sit inne med av kunnskap. Vi har alltid lagt vekt på at samarbeidet skal skje på deira premiss og etter deira ønskje. Dei får våre tankar og refleksjonar, og så gjer dei som dei vil, forklarer han.


Første engelskspråklege disputas

Universitetssamarbeidet er tverrfagleg og dekkjer hovudsakleg botanikk, geologi, zoologi, arkeologi og museumsfag. Førebels har om lag 15 norske forskarar hatt opphald i Litauen. I tillegg kjem hovudfags- og doktorgradsstudentar. Av økonomiske årsakar har det mest vore norske forskarar som har reist til Vilnius.

– Draumen er å kunne arrangere til dømes ein feltekskursjon på Vestlandet for studentar frå Litauen, det hadde vore flott. Men vi veit jo at eit slikt økonomisk løft er uråd for dei å få til, seier Moe.

Samstundes er det ikkje tvil om at situasjonen er blitt mykje betre sidan samarbeidet starta.

– Vi ville ta fatt i den yngre generasjonen forskarar, og målsettinga var at dei skulle få etablert eit godt nettverk. No er det også fleire som snakkar godt engelsk. For eit par år sidan var eg sjølv førsteopponent på den første engelskspråklege disputasen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet i Vilnius. Vi har teke fatt i mykje gammal russiskspråkleg litteratur, som no er fornya og gjeve ut på engelsk, og som kjem til å bli lest nøye. Og vi ser også at fleire av forskarane der borte vågar å skrive artiklane sine på engelsk - og det faglege innhaldet er topp. Alt dette gjer at arbeidet har vore særs spennande!


Sponsar litteratur

Korleis samarbeidet vil utvikle seg i framtida, er Moe usikker på.

– Vi har ein intensjonsavtale, men vi vågar ikkje å leggje noko økonomisk i det. No har eit legat ved UiB sett av pengar til abonnement på vestlege tidsskrift, slik at dei kan oppdatere seg på eiga hand. Det er ei lita utgift for oss, men sjølv vil dei kanskje aldri ha økonomi til det. Med små midlar kan vi utrette mykje der borte, og etter kvart som dei får økonomien til å fungere, vil dei klare seg meir og meir sjølve.

Dagfinn Moe er nett attkomen frå utanlandsreise, og har akkurat tid til å organisere sin eigen fest før han dreg til Vilnius. Æresdoktoratet vart vedteke i Senatet ved Vilnius universitet i desember i fjor. Fredag 4. april vil det først bli ein høgtidleg tildelingsseremoni.

– Deretter vil rektor invitere på eit glas vin. Men etterpå skjer det ingenting. Så eg tenkte at når ikkje dei arrangerer fest, får eg gjere det. Eg vil jo gjerne feire i lag med alle dei eg har møtt og arbeida saman med gjennom åra!

Dagfinn Moe er fødd i Bodø og tok Cand.real- og Dr.philos-graden ved UiB. Han har vore tilsett ved UiB sidan 1967. Han har redigert fleire botaniske tidsskrift og vore nytta som gjesteforelesar og sensor ved ei lang rekkje utanlandske institusjonar. I perioden 1999-2000 hadde han eit NORFA gjesteprofessorat ved Universitetet i Vilnius.

Powered by Labrador CMS