Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Bjørn Kristian Danbolt skal leia studentparlamentet det neste år. Sosialdemokratane får heile fem i studentparlamentet og både leiar-og nestleiarvervet.
Bjørn Kristian Danbolt let masteroppgåva venta eit år. Frå hausten skal han vera leiar for studentparlamentet. Det er eit heiltidsverv. Foto: Jin Sigve Mæland – Studentparlamentet driv med spanande arbeid. Det er det viktig å få gjort tydeleg, seier Bjørn Kristian Danbolt. Måndag vart 25-åringen, som tek mastergrad i samanliknande politikk, valt til leiar for studentparlamentet det neste året. Halve arbeidsutvalet Sosialdemokratane fekk fem kandidatar inn i studentparlamentet. Blå liste fekk fire, psykologisk studentutval si liste fekk tre, det same gjorde liberal liste. HF-lista og radikale studentar fekk to mandat kvar. Måndag skulle studentane i tillegg til arbeidsutval og leiar velja kven som skal representera studentane i ulike råd og utval. – Me er nøgde med at valoppslutnaden har gått opp seks prosentpoeng, til 19 prosent. Me vil framleis jobba for å vera synlege og visa at studentparlamentet er relevant for studentane, seier Danbolt. – Fekk de representantar til alle verva? – I år tok det konstituerande møtet lang tid, for det var mange som ville ha ulike verv. Vanlegvis har arbeidsutvalet brukt lang tid på å skaffa representantar, men i år er det berre eit par stader me manglar. Engasjementet er bra, seier Danbolt. Vil kjempa for studentbustader – Det første er å få til eit godt samarbeid med den nye universitetsleiinga. Me skal passa på at Dag Rune Olsen følgjer opp valløfta sine, seier Danbolt. – Kva løfte tenkjer du først og fremst på? – Han lova fleire studentlokale, slik som Ad Fontes på HF. Me er òg opptekne av å få pussa opp lesesalar og slik få eit betre læringsmiljø, og me er opptekne av mentorordninga, som no byrjar å koma i gang. Den andre viktige saka er nasjonal. I samband med valet i haust har Danbolt ein klar plan om kva som bør stå i den nye regjeringa si erklæring: 3000 nye studentbustader. – Dette er ei sak det vert jobba med nasjonalt. Eg ønskjer at UiB skal ha ei viktig stemme i debatten, og vil jobba for å få flest mogleg av studentbustadane til Bergen, seier Danbolt.
Både leiaren og nestleiaren i studentparlamentet kjem frå sosialdemokratane neste år, Tommy Aarethun vart valt som nestleiar. Det skriv Studvest. Danbolt og Aarethun skal òg sitja i arbeidsutvalet, som fungerer som studentparlamentet si «regjering». Med i arbeidsutvalet vart òg Hilde K. Moe, som representerer HF-lista, og Erlend Sand, som stilte til val som uavhengig kandidat.
Han seier det er to saker som vert særleg viktige når han tek over som leiar i august.