Dansk TV2 skal distribuera Univisjon-dokumentarer

Publisert

Når dansk TV2 skal på dokumentarfilmmessa i Marseille denne månaden blir det med fleire filmar med bergensforskarar under armen. I førre veke skreiv Univisjon under ei ny avtale med dansk TV2 om distribusjon om dokumentarar - etter å ha vore utan distributør ei tid.

– Dette er ei bra nyheit for oss. Vi har vore utan distribusjonsavtale sidan NRK-aktivum la ned utenlandsavdelinga si og dette har medført usikkerheit. Vi har rett og slett ikkje visst om andre ville selja for oss, fortel produsent Bjørn Vassnes i Univisjon. Dansk TV2 er kjend for å ha eit stort salsapparat og dette kan tyda både at det blir lettare for Univisjon å tena pengar - og betre sjansar for UiB-forskarar å nå ut i verda med forskinga si.

Med seg til Marseille skal danskane ha “Decoding the Icelanders”, om omstridt genforsking på Island, Grottemannen og “Blue Revolution” om havbruksforsking. Fleire av desse filmane er allereie selt til fleire europeiske land som Nederland, Belgia, Finland, Tsjekkia, Spania og Slovenia.

Skil seg ut

Vassnes seier at mange dokumentarfilmskaparar prøver å få avtale med dansk TV2. Han trur at noko av årsaka til at danskane har tru på Univisjon er at det dei leverer skil seg ut frå det andre dokumentarar.

– Eg har tru på å selja filmar som “Blue Revolution”. Det blir ikkje laga så mykje av den typen program, seier Vassnes som strekar under at dei no ser resultatet av ei bevisst utanlandssatsing frå Univisjon si side. Mellom anna er “Blue Revolution” sponsa av EU - og nokre av UiB-forskarane snakkar engelsk.

Powered by Labrador CMS