Datajuksar Stapel risikerer fengsel

Så langt er 25 av artiklane han har skrive trukke tilbake. No er den nederlandske sosialpsykologen Diederik Stapel også under etterforsking for å ha teke i mot pengar for forsking som aldri vart gjort.

«Forskinga di er for god til å vere sann», sa kollegaer til Stapel. Det viste seg også å vere tilfelle. I 2011 måtte Diederik Stapel trekke seg frå stillinga som forskar i sosialpsykologi ved universitetet i Tilburg.

Sosialpsykologen skal mellom annaha fabrikert data som vart nytta i ei rekke vitskapelege artiklar. Mange av desse vart publiserte i respekterte tidsskrift, blant dei tidsskriftet Science.

Han skal også ha fabrikert data til eit forskingsarbeid som konkluderte med at personar som åt kjøt var meir egoistiske enn vegetarianarar. Studia gjekk rett heim hos ei rekke medier, og fekk mykje merksemd.

 Avslørt av juniorforskarar
Diederik Stapel vart suspendert frå stillinga si i september i fjor etter at tre yngre forskarar varsla om at dei mistenkte at Stapel hadde brote god forskningsetikk. Etter at Stapel vart konfrontert med skuldningane innrømma han at han hadde forfalska data. Interimrapporten på universitetet i Tilburg konkluderte med at fiktive data hadde vorte nytta. Også 14 av 21 21 Ph.D-avhandlingar der Stapel hadde vore rettleiar bar også preg av svak etikk. Dette melder Sciencemag.

Under gransking
Diederik Stapel sin uredelege praksis kan også ha øydelagt meir enn den akademiske karriera. No risikerer han også å kome i fengsel. Medan han arbeidde som forskar skal han ha fått 2,2 millionar euro i støtte frå Netherlands Organisation for Scientific Research. Han skal også ha levert falske rapportar om korleis desse pengane vart brukt. I oktober i år vart Stapel sin laptop, mobiltelefon og reknskap henta av politietterforskarar som skal finne ut om det har skjedd noko straffbart i saka, skriv Scienecemag.

Om Stapel vil måtte møte for retten vert klart når etterforskinga er avslutta. Dette kan ta fleire månader. 

Powered by Labrador CMS