Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forsking som det var umogleg å driva med for fem år sidan, er no mogleg å gjennomføra takka vera «Tenester for sensitive data» på UiO. Dataene er sikre frå dei blir lagde inn til dei kjem ut. UiO-rektor Ole Petter Ottersen opna tenesta i går.
Med Tenester for sensitive data (TSD) kan forskarar både innanfor og utanfor UiO handtera personlige og sensitive opplysningar utan at det går utover personvernet.
– Dette gjer det mogleg å gjennomføra viktig og banebrytande forsking som det var umogleg å driva med for nokre år sidan utan at det ville ha gått utover personvernet, sa adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet då tenestene blei opna i går.
Unngår problem med personvernet
Rektor Ole Petter Ottersen slo også på stortromma:
– Det er ei svært viktig teneste for å få moderne forsking til best kvalitet. Denne tenesta kombinerer ynsket vårt om å kunna forska på sensitive data, samtidig som det ikkje går utover personvernet. Eg veit at livsvitskapsmiljøa ved UiO er svært interesserte i å ta i bruk denne tenesta. No er det ikkje lenger behov for lokale løysingar på dette problemet, meinte Ole Petter Ottersen før han offisielt opna «Tenester for sensitive data» ved UiO.
Auka nasjonalt og internasjonalt samarbeid
Adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet håpat at tenesta kan føra til auka samarbeid både mellom norske forskarar og mellom norske og internasjonale forskarar.
– Eg håpar dette også kan førast vidare som ei teneste for heile forskings-Noreg, sa han.
– Dette kan vera til stor nytte ikkje berre for medisin og naturvitskap, men også for fag som språkanalyse og musikkanalyse, understreka Hallén.
Teneste for sensitive data blir utvikla og drifta av USIT ved UiO, og inngår i NorStore, den nasjonale infrastrukturen for handtering og lagring av vitskaplige data.
Les meir her