Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det viktigaste tiltaket er bevisstgjering av tilsette og studentar, ifølgje IT-leiarane. Men vegen til informasjon om IT- og -informasjonstryggleik er krokete.
– Vi har tilbydd alle tilsette kurs i informasjonstryggleik, seier IT-sikkerheitssjef ved Universitetet i Bergen (UiB), Øyvind Hope.
I fjor gjennomførte meir enn 700 tilsette eit nettbasert kurs i informasjonstryggleik.
Det kan slikevel sjå ut til at tilbodet ikkje når fram til alle. På Høyden har vore i kontakt med eit titals tilsette ulike stader på universitetet. Ingen har etter det dei kan hugse fått tilbod om kurs i informasjonstryggleik frå IT-avdelinga.
Hope seier at IT-avdelinga også vil tilby e-læringskurs gjennom Mitt UiB.
– På UiBs mellomleiarprogram, som mellom anna nye instituttleiarar får, ønskjer vi oss ein bolk om informasjonstryggleik, seier han.
På Høyden fortalte nyleg om korleis universitetet rustar seg mot digitale truslar.
På hovudsida for tilsette ved UiB finst så langt ingen inngangar med informasjon om IKT-tryggleik. På IT-avdelinga sine sider er det heller ingen direkte inngangar til emnet. Dersom ein klikkar på «IT-hjelp» kan ein bla seg fram til lenker om informasjonstryggleik frå uib.no/sikresiden. Dette er ein nettstad for opplæring og råd til ulike krisesituasjonar, retta mot tilsette og studentar, som mellom anna UiB har vore med å utvikle.
I tillegg kan ein finne det generelle IKT-reglementet ved UiB og «Styringssystem for informasjonssikkerhet», eit dokument som er meint som rettleiing for leiarar.
Eit googlesøk på «UiB og IKT-sikkerhet» fører til ei UiB-side som ikkje lenger er i bruk der det står at «IT-sikkerhet er en grunnleggende, integrert og selvfølgelig del av arbeidsdagen for alle IT-arbeidere».
– Vi er i ein prosess for å gjere noko med dette, og samarbeider med HR- og kommunikasjonsavdelinga, seier Hope.
Frå kommunikasjonsavdelinga får På Høyden opplyst at dette førebels ikkje ligg på arbeidsbordet der.
– I utgangspunktet er dette IT sitt ansvar. Vi vil høgst sannsynleg bli kopla på i informasjonsarbeidet i Sikker-IT@UiB. Dette prosjektet er eigd av IT-avdelinga og under oppstart, seier fungerande kommunikasjonsdirektør ved UiB, Mathilde Holm.
Sikker-IT@UiB, som På Høyden tidlegare har omtalt, er eit nytt kampanjeprosjekt ved UiB som mellom anna har som mål å styrke evna til å motstå, oppdage og handtere angrep på forskings- og IT-infrastruktur. Holm viser elles til uib.no/sikresiden.
– Sidene er lenka opp frå UiBs side, og dei er tilpassa sektoren spesielt og UiBs råd og reglar spesielt. Sidene inkluderer også temaet IT-tryggleik, seier Holm.
IT-direktør Tore Burheim viser til at alle som opprettar brukarkonto ved UiB er pliktige til å setje seg inn i IKT-reglementet: Då må ein «huke av» for at ein har lese reglementet.
Burheim vedgår likevel at dette ikkje er tilstrekkeleg.
– Det er ikkje vanskeleg å seie at informasjonen om IKT-tryggleik på uib.no er for dårleg. Men det skal bli betre, lovar han.
(Merknad: Tittelen på denne saka var opphavleg “Tilbyr tilsette usynlege kurs”. Sjå 754 ansatte på usynlig kurs)
LES I MORGON: UiB har ingen rutinar for forskarar på reise