Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ingen veit kor mange personar som bur i Noreg utan å ha lovleg opphald. Korleis kan då denne gruppa få legehjelp? Og kva type hjelp skal dei faktisk få?
Ei kvinne som er papirlaus, altså ikkje har lovleg opphald i Noreg, har rett til nødvendig helsehjelp før og etter fødsel. Men kva med sjølve fødselen?
– Den kjem jo gjerne som ein konsekvens, seier jussprofessor Karl Harald Søvig tørt.
Må betala
Papirlause er sikra gjennom «Forskrift om rett til helse- og omsorgstjenester til personer uten fast opphold i riket» (sjå faktaboks). Men der kvinner med lovleg opphald til dømes får alle kontrollar knytt til svangerskap og fødsel utan å måtte betala for det, er ikkje dette tilfelle for dei som ikkje har lovleg opphald.
– Forskrifta seier noko om kva ein har rett på. Neste spørsmål er kva ein skal betala for. Svaret på det er i utgangspunktet alt, men helsevesenet kan ikkje krevja at nokon betalar på førehand. Det er òg litt usikkert om desse krava vil følgja ein på sikt. Men konsekvensen vert truleg at nokre vegrar seg for å gå til legen, seier Søvig.
Han stiller spørsmål ved om det er ein god regel, og i tråd med internasjonale forpliktingar, å ta betalt for ein fødsel.
– Reint samfunnsøkonomisk er dessutan eit barn fødd med skader fordi mor ikkje torde å oppsøkja lege dyrare enn å gi mor gratis legehjelp gjennom svangerskap og fødsel, seier Søvig.
Kva kan ikkje venta?
Laurdag er Søvig ein av innleiarane når UiB og Bergens Tidende inviterer til debatt om temaet. I panelet sit mellom andre Marry-Anne Karlsen. Ho er forskar ved Uni Research Rokkansenteret. I fjor leverte ho doktorgrad om migarsjon og velferdspolitikk. I doktorgradsarbeidet intervjua ho både papirlause og representantar for helsevesenet.
– Det er slett ikkje berre einslege menn som lever som papirlause i Noreg. Det finst òg kvinner og barn, til dømes asiatiske kvinner som har kome hit for å arbeida i reinhaldsbransjen. Dei har ikkje søkt om opphald, for dei fyller ikkje krava. Nokre av desse kvinnene hadde med seg barn då dei kom, andre har fødd barn i Noreg, seier Karlsen.
Andre grupper som er papirlause er dei som har fått avslag på asylsøknaden, men vert verande. Nokre reiser ikkje attende til heimlandet etter at turistvisumet går ut. Nokre forsvinn frå asylmottak, og nokre kjem inn i landet på ulovleg vis. Kor mange det totalt er snakk om, er svært vanskeleg å finna sikre tal på.
Karlsen seier at noko av det som er utfordrande for helsevesenet, er å definera kva som er helsehjelp som ikkje kan venta. I forskrifta heiter det at dette er «helsehjelp som er helt nødvendig og ikke kan vente uten fare for nært forestående død, varig sterkt nedsatt funksjonstilstand, alvorlig skade eller sterke smerter».
– Er ikkje dette det same som øyeblikkelig hjelp?
– Juridisk sett skal det omfatta litt meir, men det er vanskeleg å sjå at det har gjort det i praksis. Spørsmålet er kor lenge ein skal venta før ein går i gang med behandling. I Sverige har dei definert det annleis. Der seier dei at dersom det kan verta dyrare å venta, så går dei i gang. I Sverige får òg papirlause gratis helsehjelp, seier Karlsen.
Kan vera vanskeleg å gå på legevakten
Søvig seier at dei fleste er samde om at det er nokre typar helsehjelp berre dei med lovleg opphald skal få.
– Det er nok få som meiner at papirlause til dømes skal få hjelp til assistert befrukting. Men slik ordninga er i dag, er det svært ulikt kva dei får.
For nokre legar hjelper pairlause. I Oslo og Bergen er det i tillegg helsesenter for papirlause, der det er frivillige som jobbar. Hit kan ein gå og få gjort vanlege legetenester, som til dømes få reseptar.
– Men dagens ordning gjer at papirlause har svært varierande tilgang til helsetenester, og det er nok mange som synest det er vanskeleg å gå på legevakten. Dei manglar personnummer og vert kanskje konfrontert med at dei har uoppgjorte betalingskrav liggande frå før, seier Karlsen.
– Utfordrande system
Dei to forskarane skal laurdag debattera med politikarar. Søvig seier at noko av problemet med forskrifta er at ho aldri har vore debattert i Stortinget. I Sverige har problemstillinga vore oppe til debatt i Riksdagen.
– Spørsmålet er sjølvsagt korleis reglane bør vera. Eg synest dei er for strenge i dag. Moralsk sett bør staten til dømes ta hand om gravide kvinner, seier Søvig.
– Det er ganske mange utfordringar knytt til, og lite å oppnå, ved å vera så restriktiv som ein er i dag. Det vert eit utfordrande system, og for dei som praktisera det, kan det mellom anna koma i strid med både yrkesetikk og det som er medisinsk forsvarleg, seier Karlsen.