Stip-HF ønskjer at gruppe B-kandidatane til universitetsstyret trer fram i lyset. På biletet er frå venstre Ann Kristin Molde, Jacob Hoffmann, Guro Sandnes,Sara Kohne og Benedikte Fjellanger Vardøy - alle aktive eller tidlegare aktive i organisasjonen.

Det tilfeldige valet til universitetsstyret

Publisert

Det er under ein månad til val av gruppe B-representanten til universitetsstyret, men førebels er det ingen som stiller som kandidat. Frista er på torsdag og vi reknar med det dukkar opp eit par kandidatar på tampen, nett som i fjor.

Kven som blir vald synest svært tilfeldig ved eit universitet utan noko godt fungerande universitetsdemokrati. Kjem gruppe B til å velje representanten som er motivert for jobben, den mest ambisiøse eller den som kjenner flest med stemmerett?

Det er vanskeleg å ta ei god avgjersle utan kunnskap om kandidatane og ein treng vite noko om den som får makta posisjonen universitetsstyret gjev. Stip-HF, interesseorganisasjonen for stipendiatar ved HF og kanskje best etablerte organet for delar av dei mellombels tilsette, utfordrar difor kvar kandidat om å tre fram i lyset.

Kven representerer du? Kva vil du?

Du skal representere ei gruppe som er flyktig av natur, og med sine tidsavgrensa kontraktar forsvinn dei etter kvart, anten ut av systemet eller inn i det som fast tilsette. Du vil gå rett inn i eit organ som tek store avgjersler, for å representere ei gruppe som, samanlikna med fast tilsette, har svake rettar.

Gruppe B er i dag ei svært dårleg organisert gruppe, med behov for skikkeleg representasjon. Det er mykje du kan gjere.

Ved Universitetet i Bergen finst det i dag ingen god måte å nå ut til dei andre medlemene i gruppe B. I laupet av det siste året har me sett at den noverande representanten for gruppa, Synnøve Fluge, har teke initiativ til eit nettverk som består av henne sjølv, samt gruppe B-representantane frå dei ulike fakultetsstyra. Dette nettverket har oppstått på bakgrunn av hennar personlege engasjement, og er difor sårbart når me no går inn i ein ny valperiode.

Vil du vidareføra gruppe B-nettverket?

Etter vår meining bør det òg vere mogleg å få til ei e-postliste med alle mellombels tilsette, sentralt i universitetsadministrasjonen. Ved å sørgje for at denne lista blir oppdatert jamleg, til dømes 1. februar og 15. september eller ein gong i månaden, kan universitetet gje medlemmane i gruppe B ein reiskap til å kommunisere med kvarandre, og dei kan gje deg som representant høve til å kommunisere med dei du skal representere.

I dag har gruppe B berre éin representant i universitetsstyret som sit i eitt år. Det same er situasjonen i majoriteten av fakultetsstyra ved UiB. Burde det ikkje vere minst to representantar for gruppe B i universitets- og fakultetsstyra? Kva grep kan ein ta for at representasjonen kan bli mindre tilfeldig og personavhengig?

Kva tenkjer du eigentleg om dine sjansar for å påverka universitetspolitikken ved UiB?

Det er ikkje ditt ansvar åleine å sørgja for demokratiske prosessar i gruppa di, men stiller du til val bør du vera klar for å be om dei verktya du treng, frå dei som representerer det kontinuerlege — dei fast tilsette.

Powered by Labrador CMS