Etiske spørsmål kring oljerelatert forsking ved UiB

Publisert

Takk til Dekanus Helge K. Dahle og Rektor Dag Rune Olsen for svar  på spørsmål om noko av den Statoilfinansierte forskinga ved UiB kan vera i strid med god forskingsetikk (På Høyden 26.03 og 23.09).

De skriv: «Vi deler likevel ikke Kvåles og Haugans forskningsetiske perspektiver på Akademiaavatalen og petroleumsforskningen ved UiB», men de går ikkje inn på dei mulige problematiske sidene ved denne type oppdragsforsking som det vart peika på.

Eg vil difor konkretisera kritikken i form av nokre spørsmål.

  1. I svaret skriv de mellom anna: «Akademisk frihet gjelder også petroleumsforskerne ved UiB». Forvaltinga av Akademia-avtalen skjer gjennom regelmessige strategiseminar saman med tilsette i Statoil, og prosjekt som får støtte skal ha relevans for Statoil si verksemd på norsk sokkel. Betyr dette at forskarar som blir støtta gjennom avtalen likevel har full fridom til å velja tema for forskinga, eller er Statoil med å bestemma kva tema som har relevans for verksemda på norsk sokkel og andre detaljer i det skal forskast på?
     
  2. Statoil og andre oljeselskap i dag aktørar i eit marknad for å auka produksjon og bruk av fossile brennstoff gjennom å leita etter nye reservar og auka utnyttingsgraden ved eksisterande installasjonar. Kan ein då sjå bort frå at Statoil vil vera interessert primært å støtta forsking for auka utvinning eller forsking på andre løysingar enn reduksjon i oljeproduksjonen for å hindra ei klimakrise? De skriv: «En fornying av avtalen skal legge til rette for større tverrfaglig satsing mot forsking på energiomstilling og framtidens energibehov».  Er de trygge på at Statoil her vil ha same oppfatning om kva som bør prioriterast som dei ansvarleg for forskinga ved UiB?
     
  3. I dei forskingsetiske retningslinene vedtatt av Den nasjonale etiske komité for naturvitskap og teknologi i 2007 står det: «Forskningen skal være i overenstemmelse med bærekraftig utvikling og … bidra til å bevare biologisk mangfold og være i overensstemmelse med føre-var-prinsippet». FNs klimapanel har på nytt minna oss om at utvinning av fossilt brennstoff fører til klimaendringar med svært alvorlege fylgjer for liv og helse. For å ha håp om å unngå svært alvorlege klimaskader må over to tredelar av dei fossile reservane fossilindustrien planlegg å utvinna bli verande i grunnen. På bakgrunn av dette kan då seia at forsking for å auka utvinning av fossil brennstoff er i tråd med desse vedtekne forskingsetiske retningsliner?
     
  4. Kva er rutinane når forskingsresultat frå eit Statoilfinansiert prosjekt skal publiserast? Må resultata fyrst leggast fram for ansvarlege i Statoil, til dømes gjennom spesielle rapportar, eller kan resultata publiserast fritt i vitskapelege tidskrift utan førehandsgodkjenning frå Statoil?

Eg ser fram til svar på desse spørsmåla. For ei vidare grunngjeving viser eg til artikkel om denne problematikken publisert på Energi og klima 25. september.

(Foto: Statoil)

Powered by Labrador CMS