Dekan Geir Anton Johansen ønskjer seg innovasjon som eit fjerde satsingsområde for Høgskulen på Vestlandet.

Høgskulen på Vestlandet sin innovasjonsprofil

Publisert

Eg les i På Høyden 21. februar at kollega Oddbjørn Bukve seier innovasjon vert viktig for det nye samfunnsfaglege fakultet i Høgskulen på Vestlandet. Det er bra – men også sjølvsagt sidan innovasjon må og skal vere ein integrert del av verksemda i alle dei fire fakulteta ved HVL.

Det som i dag er Avdeling for ingeniør- og økonomifag ved HVL Bergen, har i over 15 år arbeidd systematisk for å utvikle innovasjon som fag ved tidligare Høgskolen i Bergen. Dei økonomisk- administrative faga er styrka frå å tilby årseiningsutdanning til ei fullverdig bachelorutdanning og ei masterutdanning. Det har vore svært vellukka. Det har også Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling vorte. Senteret forskar spesielt på regionale innovasjonsprosessar og brukar dette i undervising om innovasjon. Like viktig er det at Mohnsenteret også legg til rette for og fasiliterar innovasjon – eit arbeid dei haustar lovord for både internt og eksternt.

Det lenge vorte sagt at det er godt samspel mellom akademia, næringsliv og offentleg sektor (trippel-helix) som er drivkrafta for innovasjon. Men i dag er det ei aukande erkjenning av at entreprenøren er ein likså viktig føresetnad for innovasjon. Dette fordrar tettast mogeleg samspel mellom innovasjonsfagleg og ingeniørfagleg kompetanse – og det har vi i dag. Det gjeld sjølvsagt også andre disiplinar, men ingeniørprofesjonen er ein særleg pådrivar for innovasjon – tett på industri, helsesektoren og fleire. Difor vidarefører vi oppdraget Mohnsenteret har fått i å utvikle eit PhD-program innan innovasjon som byggjer opp under HVL sitt særpreg. Denne vidareutviklinga føreset nært og godt samarbeid med dei andre fakulteta og campusane i HVL.

Det er ei glede å sjå at Bukve fremmar verdien av innovasjon i HVL, det er viktig redskap for å bidra til regional utvikling i tider der omstilling vert stadig viktigare. Vi bør derfor setje oss som mål at innovasjon og entreprenørskap kan verte eit fjerde profilområde som særpregar HVL!

Powered by Labrador CMS