-- Prioritering er éin ting, noko heilt anna er det å reglementsfesta at ei gruppe formelt skal utestengjast frå å kunna søkja, meiner Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Treng ikkje universitets-lektorar kompetanse-heving?

Det var interessant å følgja Dagsnytt 18 tysdag 15.3. om akademisk dugnad for å “hurtig-akkreditera» flyktningar og asylsøkjarar for akademisk arbeid eller studium. I debatten vart det understreka av statssekretær Bjørn Haugstad (KD) at kanskje det viktigaste kravet er at dei lærer seg norsk.

Utan universitetslektorane kan ikkje kurstilbodet drivast

Nokre av oss har lenge hatt ei aning om at presset for å utvida tilbodet om norskopplæring kan komma til å auka. Dette gjeld i alle delar av samfunnet, men vil nok òg merkast på vårt universitet, og då gjeld det å ha rigga apparatet med motiverte og kompetente medarbeidarar. På LLE driftar vi norskopplæringstilbodet på oppdrag frå UiB sentralt, og ein motivert og kompetent stab har vi. Det er her tale om universitetslektorar som ikkje er mellombels tilsette eller vikarar, men tvert om ein fast og permanent del av staben ved institusjonen.

Vi ser alt no tendensar til at folk søkjer seg vekk

I denne situasjonen er det sterkt beklageleg at UiB i eit utkast til nye retningsliner for tildeling av forskingstermin no vurderer å skjerpa inn krava slik at vanlege universitetslektorar ikkje lenger skal ha lov å søkja forskingstermin. Dei skal heller ikkje kunna søkja om den såkalla «FoU-tida», ei «særlig tidsordning» som er ein mindre omfattande variant av forskingstermin. Stort tydelegare går det ikkje an å signalisera til denne kategorien medarbeidarar at dei står aller lengst nede i statushierarkiet og ikkje skal oppmuntrast til å auka den faglege kompetansen sin. Med 15 % FoU-tid i stillinga er det ikkje lett å kvalifisera seg som førstelektor, men desse stillingane har trass alt ein viss ressurs til fagleg kompetanseheving, supplert med sporadiske forskingsterminar (ganske sjeldne). Denne tidsressursen har vore det einaste insitamentet til at folk med denne kompetansen har valt å arbeida på universitetet framfor å gå ut i skuleverket og få ei løn som kanskje ligg 50-60 000 kr over det dei kan tena på universitetet. Utan universitetslektorane kan ikkje kurstilbodet drivast, og dei siste åra har det komme inn ein tilvokster av unge lektorar med gode mastergradskvalifikasjonar og stort fagleg engasjement. Innanfor sine smålåtne FoU-rammer utgjer dei ein god samarbeidspartnar for forskingsfaget norsk som andrespråk. Vi ser alt no tendensar til at folk søkjer seg vekk.

Her er det ingen karriereutsikter, sats på noko anna

På eit universitet kan ein ikkje unngå å prioritera etter kompetanse, og forskingstid er ein ressurs som nokon må betala for. At professorar ofte må komma lenger fram i køen enn universitetslektorar, går det an å vinna forståing og aksept for. Men prioritering er éin ting, noko heilt anna er det å reglementsfesta at ei gruppe formelt skal utestengjast frå å kunna søkja. Det gjev eit tydeleg signal til arbeidstakaren: Her er det ingen karriereutsikter, sats på noko anna. Ein må tru at dette er ein utilsikta sideeffekt og rekna med at universitetsleiinga vil snu.

Powered by Labrador CMS