Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I perioden 2012-2017 utgjorde dette til saman 16,8 % (data frå Kunnskapsdepartementets ”Blå bok” kvart år frå 2013-2017). I same periode auka gjennomsnittleg lønnsnivå ved UiB med 13,2 % (data frå UiBs lønnsregister i 2012 og 2017). Med eit lønnsbudsjett på over to milliardar kroner betyr dette at UiB har i størrelsesorden 80 millionar kroner til disposisjon kvart år, samla inn frå dei tilsette i form av svakare lønnsutvikling enn departementet har lagt inn i budsjetta våre. Departementets tal for lønns- og priskompensasjon samsvarer bra med det som har vore gjennomsnittleg lønnsutvikling i staten, og i resten av samfunnet. Dei 80 millionane UiB-leiinga har latt vere å gje i lønnsauke har altså sørga for at den gjennomsnittlege UiB-tilsette ikkje har fått ta del i den lønnsutviklinga som resten av samfunnet har opplevd.
Dei 80 millionane UiB-leiinga har latt vere å gje i lønnsauke har altså sørga for at den gjennomsnittlege UiB-tilsette ikkje har fått ta del i den lønnsutviklinga som resten av samfunnet har opplevd
Underlønnsutviklinga fordeler seg ujamnt på ulike grupper. Gjennomsnittslønna for våre teknisk-administrativt tilsette har auka med 16,0 % i perioden, medan våre vitskapleg tilsette har hatt ein lønnsvekst på 11,8 %. Teknisk-administrative har altså nesten fått same lønnsutvikling som resten av samfunnet. Våre vitskapleg tilsette ligg veldig langt etter dette målet, og får knapt dekka prisveksten. Litt – men berre ein liten del – av forklaringa er at UiB-leiinga kvar gong det er lokale forhandlingar pressar på for å skeivfordele til fordel for teknisk-administrative, ei skeivfordeling Forskerforbundet er åleine om å protestere mot. Vi protesterer ikkje fordi dei teknisk-administrative lønnene er for høge eller veks for raskt – tala viser at heller ikkje denne gruppa får den lønnsveksten som departementet kompenserer UiB for. Vi protesterer mot å løyse denne gruppas problem ved å ta frå ei gruppe med dokumentert langt større underlønnsutvikling.
Lønn til dei tilsette står tydelegvis eit stykke ned på prioriteringslista.
Det er stor variasjon også innad i gruppene, men det er verdt å merke seg at på vitskapleg side er det berre professorane som held tritt med resten av samfunnet, i alle fall nesten, med ein gjennomsnittleg lønnsvekst på 15,9 %. Dei andre gruppene på vitskapleg side ligg langt etter, og aller verst står det til for stipendiatar og postdoktorar. Kva signal er det ein ønskjer å sende til ungdom som vurderer å satse på forskning?
Korleis får dei det til? Her kjem ei kortfatta forklaring. Universitetet i Bergen er ein del av staten, og frontfagslogikken sørger for at gjennomsnittslønna i staten utvikler seg i takt med gjennomsnittslønna i frontfaget. Innad i staten er det imidlertid rom for variasjon, og med dagens lønnsforhandlingssystem i staten kan enkeltverksemder skaffe seg høgare lønnsvekst enn gjennomsnittet ved å lage høg lokal lønnsglidning og høge overheng. Gjennomsnittets logikk betyr at verksemder med låg glidning og låge overheng då får lågare lønnsvekst. Lønnsutviklinga ved UiB er ein indirekte – men likevel presis – indikasjon på at vi har lite glidning og små overheng. Det er vidare ein presis indikasjon på at dette fenomenet er isolert til vitskapleg side.
Lønnsglidning er definert som lønnsvekst som ikkje kjem som følgje av sentrale forhandlingar. Ein kan lage lønnsglidning på ulike måtar, for eksempel med å vere rausare på innplassering ved nytilsettingar og opprykk, ved å legge eigne pengar i potten til dei lokale forhandlingane, eller ved å nytte høvet til å auke lønna til folk som har gjort ein ekstraordinær innsats eller som har fått stillinga si endra. For første gang i nyare tid la faktisk UiB to millionar i potten under fjorårets forhandlingar. Dette er sjølvsagt langt betre enn normalt (som er ingenting), men det kan vere greit å minne om at to millionar er småpengar samanlikna med dei 80 millionane ein hadde trengt for å rette opp dei siste fem åras underlønnsutvikling.
UiB viser generelt ein slåande mangel på interesse for og kunnskap om lønn andre stader enn ved UiB
Kven har ansvaret? 2012 er siste året eg har lønnsdata før Dag Rune Olsen overtok som rektor og Kjell Bernstrøm som universitetsdirektør. Olsen overtok i 2013, Bernstrøm i januar 2014, men vi fekk ikkje nye lønnsdata før i samband med lokale lønnsforhandlingar i 2014. Det er derfor vanskeleg å plassere ansvaret andre stader enn hos desse to. UiB viser generelt ein slåande mangel på interesse for og kunnskap om lønn andre stader enn ved UiB – slåande fordi UiBs lønnsbudsjett er på over to milliardar og ein skulle tru at nokon ved UiB hadde som oppgåve å sjekke korleis ”konkurrentane” våre lønner sine folk. Eg trudde derfor først at Olsen og Bernstrøm var uvitande om korleis det står til. Eg begynte å informere begge to i mai 2016 – først om lønnsnivå for sentrale stillingskoder ved NTNU og UiO, litt seinare om lønnsutvikling over tid ved UiB. Sidan den tid har vi hatt to lokale lønnsoppgjer utan at dei har lagt om kursen så vidt eg har kunne registrere. Dei veit med andre ord kva dei gjer, men lønn til dei tilsette står tydelegvis eit stykke ned på prioriteringslista.