Wooden label on the top of Norwegian mountain with the name of peak

Kritisk for norske namn

Publisert

Dei siste vekene har det vore mykje mediedebatt om dei norske ord- og namnearkiva. Særleg har denne debatten vore knytt til dei vedtaka som Universitetet i Oslo (UiO) har gjort med ikkje lenger å vilja ta ansvar for dei store ord- og namnearkiva som har vore knytte til Det humanistiske fakultetet ved UiO. UiO meiner at dei ikkje lenger kan eller har høve til å ta vare på og drifta desse samlingane. Hovudgrunnen er at UiO satsar på å bli eit universitet i verdsklasse, og difor prioriterer dei seks satsingsområde og skjer ned på eller kuttar drifting av andre fagområde. Dei store ord- og namnesamlingane er eit av desse. Dette er grunnlaget for den omfattande mediedebatten dei siste vekene.

No er det slik at det ikkje finst store norske ordog namnesamlingar berre ved UiO. Slike finst også ved andre universitet og høgskular. Særleg Universitetet i Bergen (UiB) merkjer seg ut med store samlingar. Ved UiB er desse samlingane, kalla Talemålsamlinga og Stadnamnsamlinga, også under press både når det gjeld finansiering og fagpersonale. Det finst ikkje lenger noka fagstilling knytt til Stadnamnsamlinga, som er den samlinga som er under sterkast press i Bergen. Fagstillinga blei trekt inn i 2012. Difor er det no berre knytt ei 25 prosent arkivarstilling til samlinga, og den blir redusert til hausten. Ved at det ikkje lenger finst noka namnefagleg stilling ved UiB og berre ei sterkt redusert arkivarstilling, er det namnefaglege miljøet ved UiB i praksis lagt ned.

Namnegransking har vore sentrale forskingsfag ved norske humanistiske fakultet, og i særklasse ved UiO og UiB. Å leggja ned namnefagleg miljø og la namnearkiva «støva ned» – på nettet eller i fysiske arkiv – er ein akademisk tragedie og manglande vilje til å satsa på ein sentral kunnskapsbase om norsk språk og norsk kultur.

Namnesamlingane er dynamiske arkiv ved at dei stendig blir supplerte med nytt materiale, ved at det her går føre seg forsking i namnefaglege tema, at det i tilknyting til arkiva blir skrive namnefaglege masteroppgåver og phd-avhandlingar, ved at arkiva gjev materiale og forskingsresultat til offentlege organ (kartproduksjon, skrivemåte, normeringssaker, tvistemål osb.), og ved den nære kontakten med forskjellige brukargrupper og publikum. Gjennom dei snart 20 åra som eg har hatt programmet «Språkspalten» ved NRK Hordaland, er spørsmål om stadnamn eit av dei mest frekvente, noko som tydeleg viser den sterke allmenne namnefaglege interessa (tyding, tolking, uttale, skrivemåte, alder, historikk, utbreiing).

Stadnamn er ei viktig kjelde til norsk historie av ulikt slag, og dessutan til kunnskap om norske kulturelle tilhøve, om topografiske og geografiske tilhøve, eigedomstilhøve, flora og fauna, fiske og fangst, religion og kult, rurale og urbane tilhøve.

Stadnamnarkivet ved UiB har i vår gjort ei stor samling stadnamn frå Hordaland – over 200.000 namn – allment tilgjengeleg ved søk på nettet. Her kan ein søkja på einskildnamn, sjå namna på kart og høyra den lokale uttalen. Dette er ein svært nyttig reiskap for den allment interesserte, skular, universitet, høgskular og ikkje minst for offentleg sektor inkludert alle kommunar og ordførarar som har hjelpt til med å få denne namnebasen i stand. Dette er eit konkret døme på fagleg og samfunnsnyttig namnearbeid som ein no vil mista.

Det har vore foreslått fleire løysingar på den krisesituasjonen som dei norske namnearkiva og den norske namnegranskinga er i. Den eine, og mest utfordrande, er å oppretta eit eige nasjonalt organ med ansvar for namnearkiv og namneforsking – etter mønster frå Sverige. Dette alternativet er fagleg og forskingsmessig interessant, og viktig av di det frikoplar namnearkiva og namnegranskinga frå universitetsøkonomien. Men framlegget er urealistisk innom ein fornuftig tidshorisont.

Største utfordringa ved å flytta namnearkiva frå det nordiske fagmiljøet, i tillegg til praktiske utfordringar, er den namnefaglege. Ved eventuell flytting må den nye husverten kunna stilla med losji, men også med namnefagleg kompetanse. Då finst det svært få alternativ. Det viktige no er å halde oppe fagleg og forskingsmessig kontinuitet.

På svært kort sikt må ein hindra at norsk namneforsking og norske namnearkiv døyr eller går i dvale. Ein må finna ei mellombels kriseløysing som held faget oppe og arkiva levande, samstundes som ein arbeider for å få til ei sikrare og meir permanent ordning.

Ønskjedraumen er at UiB no åleine satsar på namnearkiv og namneforsking, då UiO ikkje ser seg tent med slike prioriteringar. Ei slik mellombels kriseløysing kunne samfinansierast med andre institusjonar. Så kan eventuelt UiO og UiB gjera ei felles satsing seinare – eller andre realistiske og permanente løysingar kan dukka opp i kriseløysingsperioden.

Denne kronikken sto for første gong på trykk i Klassekampen 28. juli 2014. 

Powered by Labrador CMS