HF-bygget, UiB.

Universiteta skal framleis forske på norsk språk

Publisert

10. april publiserte På Høyden ei sak om Språksamlingane ved UiO, og framlegget til framtidig organisering av desse ressursane som UiO sendte til Kulturdepartementet rett før påske. I dette framlegget er Nasjonalbiblioteket (NB) tenkt inn som den institusjonen som skal gjøre samlingane ålment tilgjengelege for ulike føremål, mellom anna forsking. 

Instituttleiar Johan Myking ved LLE kommenterer den føreslåtte rolla til Nasjonalbilioteket slik: “Dette vert eit opplegg for å flytta forskinga frå universitetssektoren til kultursektoren. Eg kan ikkje skjøna at nokon i vår sektor er for dette.”

Denne utsegna må byggje på ei misforståing. I UiO sitt brev til Kulturdepartementet står det følgjande: “I en slik løsning vil samlingene være tilgjengelige for institusjoner i UH-sektoren til forsknings- og undervisningformål”. Tanken er altså ikkje at forskinga skal flyttast frå universitets- til kultursektoren. Forskinga skal framleis føregå ved universiteta. Men i følgje framlegget skal Nasjonalbiblioteket samarbeide med denne sektoren om å ta vare på og gjøre tilgjengeleg materialet for forsking.

Dette er heilt i tråd med den rolla Nasjonalbiblioteket alt i dag har i det store NFR-finaniserte infrastrukturprosjektet “Language Infrastructure made Accessible” (LIA), som også forskarar ved Mykings eige institutt LLE er deltakarar i. Det er også i tråd med det mandatet Nasjonalbiblioteket ved Språkbanken blei gitt i stortingsmelding 35, Mål og meining – ein heilskapleg norsk språkpolitikk (2008).

I lys av dette er det vanskeleg å forstå Mykings kommentar.  

Kristian E. Kristoffersen er instituttleiar ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium​, Universitetet i Oslo

Powered by Labrador CMS