Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For det er ikkje så lett i dag. Viss du har starta ein ny bedrift og vil tilsette fleire, er det ein rekning frå skattekontoret som heiter arbeidsgjevaravgift noko av det første du får. Venstre meiner dette er ei dårleg betaling for å ha skapt ein ny arbeidsplass. Venstre vil difor fjerne arbeidsgjevaravgifta i inntil tre år for nystarta bedrifter med mindre enn fem tilsette. Det vil senke terskelen for å tilsette fleire for mange av dei små, nystarta bedriftene i fylket.
Sjølvstendig næringsdrivande har for dårleg tryggleik om dei skulle bli sjuke eller gravide
Venstre vil òg fjerne diskriminerande reglar som gjer at desse eldsjelene betalar meir skatt og har dårligare sosiale ordningar enn andre lønsmottakarar. Spesielt kvinnelige gründerar i tradisjonelt kvinnedominerte sektorar er ei utfordring. Sjølvstendig næringsdrivande har for dårleg tryggleik om dei skulle bli sjuke eller gravide. Det er ein urettferdigheit Venstre vil gjere noko med.
Nye bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande skapar ein stad mellom 20 000-30 000 nye arbeidsplassar i året. Venstre har som mål å doble dette. Det viktigaste for alle nye bedrifter er at dei skal løne seg. I dag betaler sjølvstendig næringsdrivande meir skatt enn andre lønnsmottakarar, sjølv om dei ikkje har høgare inntekt. Dei må òg betale skatt på forskot, før pengane dei tener er på konto. Dette vil vi endre på.
Vi trenger ein næringspolitikk som er på lag med framtida
For å jamne ut ulikskap mellom jobbskaparar og arbeidstakarar, vil Venstre innføre same minstefrådrag for sjølvstendig næringsdrivande og enkeltpersonføretak som for personlege skatteytarar.
I framtida treng Norge mange nye arbeidsplassar. Samfunnet vårt skal gjennom ei stor grøn omstilling, og dei som skapar jobbar spelar ein heilt avgjerande rolle. Vi trenger ein næringspolitikk som er på lag med framtida.