Det kollegiale styret, som fungerte framifrå, er gradvis blitt bygd ned dei siste 20 åra. Grunngjevinga har heile tida vore at tilsett leiarskap vil gjere universitetet i stand til å prioritere betre, skriv Katharina Sass og Tor Halvorsen. Foto: Colourbox.com

Demokratiet ved universitetet må styrkast

Publisert

Når Forum for Vitskap og Demokrati tar opp spørsmålet om tilsett eller vald rektor på møtet 1. juni, er det sjølvsagt fordi det grip til kjernen av det Forumet er opptatt av. Forumet prøver å skape debatt om viktige universitetspolitiske spørsmål for å styrke demokratiet på universitetet. Vi trur at open debatt gir betre avgjersle for oss alle enn diskusjonar på styrerommet. Styrerommet gir lite plass for refleksjon og lite tid til argumentasjon. Om aktørane i styrerommet ikkje bruker høve til å grunngje i det offentlege rommet kva standpunkt dei har, eventuelt kva tvil dei ber på, kan debattane i styrerommet bli vanskeleg å forstå.  Det er mellom anna difor mange av oss vil tilbake til eit sterkare kollegialt styre.

Eit universitet har ingen “forretningshemmeligheiter”; alle styrerepresentantane, også dei eksternt oppnemnde, burde difor delta i det offentlege ordskiftet. Så langt ser vi lite av dette. Og særleg i denne saka, som har gått føre seg (minst) sidan Kristin Clemet sine forsøk på å «fristille» universiteta, ville vi vente at representantane for dei fagleg tilsette gav sine bidrag til ein open debatt, i staden for å nekte å «posisjonere» seg, eller rettare; posisjonere seg ved ikkje å la oss få vite kva dei meiner.

På den andre sida erfarer vi at den valde rektoren/prorektoren både deltek i og organiserer breie debattar på universitetet, t.d. om den nye strategien, i tråd med lovnadar frå valkampen om å halde fram med den val-ordninga vi har no.

Universitetsdemokratiet har såleis lenge vore under angrep. Det kollegiale styret, som fungerte framifrå, er gradvis blitt bygd ned dei siste 20 åra. Grunngjevinga har heile tida vore at tilsett leiarskap vil gjere universitetet i stand til å prioritere betre. Det som no skal prioriterast er såkalla sterke fagmiljø, omfordeling av ressursane og evne til (for nokre få) å konkurrere i det globale. “Vi” må bli betre enn andre, og for å få det til trengs det spesialisering på det ein er god på, med andre ord ei sterkare arbeidsdeling både mellom og innan universiteta.

Vi kjenner alle desse argumenta, seinast tekne opp att i NOU 2016:3, den såkalla Produktivitetsmelding nummer 2. Her er det kunnskapsøkonomien som skal styre universitetet, ikkje berre som leverandør av kandidatar og forskingsresultat til økonomiske aktørar. Universiteta skal og sjølve bli ein tenesteøkonomi som gjennom studentrekruttering, sal av patentar og andre former for intellektuell eigedom, og ikkje minst sal av forskingstenester. Samla er det dette som  skal generere ein økonomi for sterke forskingsmiljø, med statlege midlar i hovudsak til dei som kan konkurrere globalt. Også EU (etter Lisboa-traktaten) uttrykte stor bekymring for det nordiske likskapsidealet: Berre ved å eksponere universiteta for marknadens realitetar ville desse lære å omstille seg til konkurranseorienterte einingar, dvs. konsentrere ressursane om det ein kan bli god på. For EU, som for Røe Isaksen, er tilsett, såkalla sterkt leiarskap, det viktigaste steget på vegen mot robuste konkurranseeiningar.

NTL-rapporten som vi skal diskutere på møtet, som har tittelen «Forsknings- og utdanningspolitikk», er kritisk til det leiarstyrte universitetet. Kvalifikasjonane til å leie universitetet ligg i respekten for kunnskapens mangfald. Leiarskapet må såleis kome innanfrå. Her er det snakk om “samfunnsuniversitetet”, referert til også i Aftenposten fredag 20/5 der professorar ved UiO framhevar verdien av «det fagleg autonome universitetet». Denne faglege autonomien sikrar avvegingar mellom faglege interesser og tvinger fram fagleg grunngjeve prioriteringar. Samfunnsuniversitetet fremmer og eit mangfald av relasjonar til samfunnet. Det indre fagelege demokratiet sikrar kontakt og ansvar også for dei som i mindre grad har evne til å stille kunnskapskrav; anten dette er dei ressursvake klientane jussen lett overser, eller dei som roper varsko om miljøkonsekvensane av fiskeoppdrett.

Vi oppmodar alle, også styrerepresentantane, til å delta på møtet i Forum for Vitskap og Demokrati onsdag 1. juni og til å gjere seg kjend med det pågåande elektroniske oppropet for fortsatt vald rektor ved UiB. Litt demokratisk praksis vil vi alle ver tente med, også dei som er for tilsetting av leiarskapet for universitetet, eller dei som vil ta avgjersler ikkje lenger i kollegiale forum, men på styrerommet. I særleg grad voner vi at dei tilsette sine styrerepresentantar gjer oss kjende med sine argument innan denne debatten som no har gått føre seg i om lag 20 år.

 

 

Powered by Labrador CMS