Willy Dahl er ein av dei mest markante profilane innan nordisk litteraturvitenskap. Han er frå Bergen, og har vore tilknytta i ei årrekkje.

Willy Dahl – den beste læraren eg (nesten) aldri fekk

Publisert

Eg kjem i rett løfta stemning til dette festmøtet av, med og for Willy Dahl. I dag har eg nemleg vore i to praksisbesøk i lektorutdanninga. I ein tiandeklasse sette studenten vår elevane i gang med å diskutere kvifor nokre av dei sa eg og nokre av dei sa jeg. I ein førsteklasse på vidaregåande arbeidde elevane først med ein tekst av rap-duoen Karpe Diem, deretter med eit dikt av den danske gangsterpoeten Yahya Hassan. Stikkordet var kulturmøte. Dette var ein strålande opptakt til festmøtet for Willy Dahl som i så stor grad har prega nordiskfaget på universitetet og norskfaget i skulen. I dag såg eg elevar diskutere sine eigne talemål i eit sosialt perspektiv. Dei såg på populærlitteratur. Og dei såg på dikt i meir tradisjonell form. Her var norske tekstar. Og her var danske tekstar. Desse heilt strålande student- og elevprestasjonane kan godt peike tilbake på fagsynet til Willy Dahl. Så eg vil allereie no takke Willy for alle bidraga han har gitt faget vårt. Og då meiner eg faget slik det eksisterer både i høgare utdanning og i skulen.

Eg har kalt innlegget mitt for «Willy Dahl – den beste læraren eg (nesten) aldri fekk». Willy har nemleg alltid vore lærar ved sidan av gjerninga som forskar og formidlar. Han heldt også kontakt med skulefeltet gjennom heile karrieren. Sjølv hadde eg verkeleg behov for ein god lærar då eg kom lett forseinka til filologien via ein omveg om Norges Handelshøgskule. Eg kom då til nordisk i 1990. Dette var på den tida då nye studentar med ferske studielån blei møtt av lure bokseljarar på Studentsenteret. På bordet framfor seg hadde dei stabla bindsterke verk av leksika og litteraturhistorier. Vi fekk studielåna våre utbetalt på forskot for eitt og eitt semester den gongen. Dei første vekene av semesteret var vi derfor som reine krøsusar å rekne. Dessutan fanst det gode avbetalingsordningar for dei som beit på dei feite agna. Som de nok forstår. Eg endte opp som stolt grossist av ein halv hyllemeter eller meir med litteraturhistorier etter møtet med bokseljaren på senteret. Det var Verdens litteraturhistorie i sju band utgitt på Gyldendal. Det var Norsk kvinnelitteraturhistorie i tre band på Pax. Og det var – her skulle eg lagt inn ein trommevirvel – Norges litteratur med undertittelen Tid og tekst i tre band av Willy Dahl, utgitt på Aschehoug.

Når ein følgjer debatten om norskfaget, skulle ein gjerne tru at elevane på vidaregåande las så mykje ‘litteratur’ før i tida. Det er rett at pensumlistene var lengre, men det er slett ikkje sikkert at alle elevane las så mykje meir enn i dag. Dette kunne sikkert Willy sagt meir om enn meg, sidan han altså var lektor i skulen før mi tid. Men også mi tid som elev i skulen har etter kvart blitt gamle dagar. Og kameratane mine og eg i Molde, vi frykta å komme opp i norsk munnleg av den enkle grunn at vi ikkje hadde lese alt som sto verken i læreboka eller i antologiane. Soga om Gunnlaug Ormstunge måtte rett og slett vike plass for sportsresultata i lokalavisa. Den gongen var det vi som var ungdommen i dag. Og ungdommen i dag er til ei kvar tid eit hakk dårlegare enn ungdommen i generasjonen før. I alle høve er det slik når det kjem til litteratur og lesing. Det var denne mangeltilstanden som kom til å drive meg i armane på bokseljaren på Studentsenteret då eg bestemte meg for at eg ville studere nordisk for å bli norsklærar.

Det eg ikkje visste den gongen, var at det sat skarpskodde forskarar på eit anna fag enn nordisk som hadde erklært litteraturhistoria for å vere ærelaus som vitskapleg sjanger. I denne deilige uskuldstilstanden las eg meg gjennom dei to første banda av Willy Dahls litteraturhistorie mens eg studerte grunnfag og det tredje då eg tok mellomfag. Per Arne Michelsen, som også har halde innlegg her i dag, spurde meg faktisk ut om Willy Dahls litteraturhistorie på munnleg eksamen til nordisk grunnfag. Eg veit ikkje om du hugsar det, PAM, men takk skal du ha for å treffe så godt i interessefeltet mitt.

Willy Dahls samanstilling av tid og tekst appellerte heilt umiddelbart til meg. Her var det både høg himmel og mørke kjellarar. Dette var ei framstilling av teksthistoria som løfta fram den høge litteraturen, men som òg viste blikk og ga plass til det låge. Eit slikt ope syn på tekst og kultur gjorde det ganske greitt å komme drivande inn frå sidelinja i dette faget, frå lesing av fillete westernhefte under parafinlampa på hytta, til lødigare lesing på ein hybel i Bergen. Her har det skjedd endringar etter Willy si tid i lærestolen. Norskfaget i skulen har opna seg endå meir, mens litteraturfaga på universitetet har hatt ein tendens til å lukke seg om dei høgare tekstformene. Det skal ikkje vere konsensus på universitetet, vi skal og må vere ueinige, men mitt syn om dette er klårt. Vi har stadig noko å lære av Willy, som altså heldt dørene opne både oppover og nedover i det kulturelle feltet. Men det er ikkje heilt enkelt dette, når tidene skifter. Kjartan Fløgstad fortalde meg i februar at kriminallitteraturen etter hans meining nok hadde utspelt si rolle som samfunnsendrande kraft. Men Willy viste oss at kriminallitteraturen også kunne studerast både kunstnarleg og ideologisk på same tid. Han hadde alltid eit auge for den litterære kvaliteten. Dette er tydeleg i den litle boka Max Mauser. Men Jonas Lie frå 1990, om krimforfattaren og krigsforbrytaren Jonas Lie, barnebarn av den store forfattaren og Quislings politiminister under krigen. Willy viser fram dei verkelege kvalitetane i desse kriminalromanane, side om side med etterpåkloke kommentarar om politiministeren som endte livet sitt på Skallum gård i Bærum. Max Mauser. Men Jonas Lie. Det doble blikket ligg allereie i tittelen.

På Nordisk institutt fekk eg endeleg møte Willy Dahl i rolla som lærar. Det var på eit kurs i faghistorie på hovudfagsnivå. Mest truleg var det i 1992, og eg trur dette må ha vore det siste semesteret Willy hadde ordinær undervisning. Men det var særleg eitt anna og då heilt tilfeldig møte med Willy som eg verkeleg kan hugse. Dette møtet fortel også noko om kva det vil seie verkeleg å studere ved eit universitetet der du saman med andre studentar har muligheit til å orientere deg fagleg. Og i denne prosessen følgjer du undervisning, du får rettleiing, men du kan også heilt tilfeldig treffe på fagpersonar som tar deg på alvor. Dette var på nordisk mellomfag i 1991 då vi hadde kollokvium over nokre tekstar av Torborg Nedreaas. Tekstane var frå novellesamlinga Bak skapet står øksen frå 1945, altså frå debutboka til Nedreaas. Vi hadde vore freidige nok til å setje oss inn i gangane på nordisk, i det som tidlegare blei kalla litteraturkroken, utanfor hjørnekontoret til Asbjørn Aarseth. Det var då Willy Dahl kom forbi. Ingen av oss studentar hadde på det tidspunktet hatt Willy som førelesar. Men Willy skjønte straks kva det var vi balte med og ga oss på ståande fot ei innføring i kva Torborg Nedreaas hadde autoritet til å seie i 1945 som ikkje alle andre kunne seie. Ho kunne for eksempel ta tyskerjentene i forsvar, eller i det minste nyansere skiljet i kvitt og svart mellom gode og mindre gode kvinner under krigen. Kva konnotasjonar ligg det no eigentleg i ordet kvinnling, spurde Willy? Vi las altså novella «Kvinnlinger 1». Kvinnling spelar på noko som ligg mellom ungjenta og den vaksne kvinna, slik som i substantivet ‘killing’. Men vokalklangen i ordet kvinnling gjenkallar òg det sterkaste skjellsordet på norsk i 1945, quisling. Det var då ikkje slik at kvinnlingane var å forstå som quislingar, slett ikkje. Men det var slik at nokre av jentene i brytingstida mellom ungjente og vaksen kvinne, i kvinnlingalderen, kunne vere utsett for å komme i kontakt med nokre av dei ufatteleg mange tyske soldatane som var i Noreg under krigen. Dette kunne Nedreaas bringe fram i fiksjonsform. Og ingen kunne mistenke hennar motiv for å skrive dette, då ho sjølv var engasjert langt ute på den politiske venstresida.

Noko slikt var det Willy hjelpte oss til å sjå i litteraturkroken på nordisk. Sjølv har han vore soldat i Tysklandsbrigaden og er ikkje nokon relativist når det gjeld okkupasjonshistoria. Men slik var det altså mogleg å lese litteratur. Frå den aller minste detaljen, ordet kvinnling, via psykologien og vidare til ideologien og inn i historia. Ein burde lese og forske meir på eit forfattarskap som det til Torborg Nedreaas. Ho fortener den plassen ho har fått i kjernesamlinga her på Bergen offentlege.

Då eg bestemte meg for å kåsere mest ut frå personlege minne, var det ikkje berre fordi dette var ei lettvint løysing. Eg meiner det kan ha interesse for andre korleis ein etterfølgande nordist og lektorutdannar kunne oppleve Willy Dahl som lærar. Og det er jo då eit faktum at eg høyrde til den siste studentgenerasjonen som hadde glede av å ha Willy som undervisar og vandrande ressurs. Det er så mykje ein kan lære av dei som er eldre. Det blir fortalt – eg veit ikkje om det er sant – at Willy var god til å importere bøker i folkevogna si frå ulike antikvariat i Danmark. Eg tok lærdom av dette – sant eller ikkje – og fylte min lille Skoda full av bøker det eine året eg var sendelektor i Danmark. Det var utruleg kor interesserte Bergens-antikvariata var i til dømes Einar Haugen og Camilla Cais praktbiografi om Ole Bull. Eg fekk god omsetting av den importen då eg kjøpte eit lite restopplag i Odense. Men eg har ikkje berre tatt snarvegar om personlege minne i dette innlegget. Eg har òg gått til teksten og lese i biografien om Arnulf Øverland som Willy heilt utan dårleg samvit ga ut i 1989. Det finst utdrag frå biografien i festskriftet som her i dag blir overlevert til jubilanten. Eg må vedkjenne at eg ikkje hadde lese i denne biografien før. Eg hadde han berre ståande i hylla heime. Men eg tok han med meg ein dag eg skulle ta bussen frå Fanahammaren og inn i til byen. Det kan sikkert vere slik at eg er ein naiv lesar, men denne boka tok så tak i meg at eg blei sittande igjen og lese då bussen stoppa på Lagunen. Då eg kom tilbake til den verkelege verda, hadde alle dei andre passasjerane forlate bussen. Skam over meg som er slik naiv ein lesar! Men heider og ære til Willy Dahl som kan drive så fengslande litteraturformidling, som framleis er så levande at han i alle høve rykker meg bort frå kvardagen snart 30 år etter at boka kom ut.

Biografien om Arnulf Øverland er eit lærestykke i kultursosiologi. Eg såg for sikkerheits skuld etter i registeret, men her er ikkje nokon Bourdieu i denne biografien. Men Bourdieus innsikter er til stades, og det i rikt mon. Om korleis bondejenta Hanna Øverland frå Romsdalen sytte for å tilføre sonen alt ho kunne av kulturell kapital for å få han fram i verda. Ho sende han på privatskule og på danseskule. Og ho fylte bokhyllene med verk av Holberg, Bjørnson og Ibsen. Men ein stad på vegen mellom katedralskulane – Katten i Bergen og Katta i Oslo – tileigna Øverland seg også sitt mildt sagt uforsonlege syn på målreising og nynorsk. Dette handlar då også om kultursosiologi, om at det ikkje berre var verseføtene som dansa av garde på riksmål. Det same gjorde nok dei små føtene over parketten på danseskulen. Men ein kan ikkje seie anna enn at ho lykkast godt, Hanna Øverland, med si kulturelle sosialisering av Ole Peter Arnulf som nådde heilt inn i æresboligen Grotten.

Framstillinga av dei kulturelle distinksjonane i hierarkiet på Nygårdshøyden, der Ole Peter Arnulf Øverland ei tid budde i skuggen i Harald Hårfagres gate, er både stilistisk og fagleg eit lærestykke i kulturformidling. Dette er Willy Dahl i toppform, då han hadde skrive seg varm gjennom arbeidet med litteraturhistoria, og der han er befriande trygg på at han har kontakt med sitt publikum. Berre på eitt punkt tykkjest det som at Willy Dahl mest har dårleg samvit. Ikkje berre på vegne av seg sjølv, men på vegne av bergensarane, som i tidens fylde står igjen med berre to kjønn i substantivbøyinga. Og kva kjønn er det no desse bergenserane har greidd å radere ut av talespråket sitt? Det er til alt overmål det grammatiske hokjønn! Ikkje bra det der! Men Willy Dahl forsikrar – og eg siterer no frå Øverland-boka:

«Dette betyr ikke at en bergenser ikke kan skrive godt norsk. Det er vi mange som har gjort og gjør» (side 22).

Dette er skrive på bokmål og bør helst lesast på bergensk. Dei bergenske etterfølgjarane, både her i lokalet og oppe på høyden, har noko å leve opp til når det gjeld å føre den myndige og opne bergenshumanismen vidare. På vegne av mange lesarar vil eg takke deg, Willy, for det store livsverket ditt. Og med meg sjølv som resepsjonsestetisk eksempel kjenner eg meg trygg på at det er fleire naive og reflekterte lesarar som vil få glede av å lese bøkene dine også i åra som kjem.

Tusen takk.

Innlegget ble først framført på Bergen offentlige bibliotek, 23. mars 2017

Powered by Labrador CMS