Åpen søknad

Publisert

Underskrivne høyrer at stillinga som informasjons/kommunikasjonsdirektør ved UiB er lyst ut. Hermed søkjer eg den - av følgjande tre grunnar:

1) Det førekjem som oppheving til ein høgare himmel at minste lønn i nemnde posisjon overgår den eg no har.

2) Det synes alltid lettare, meir forlokkande, tryggare å kunna servera rimeleg velkjente ting.

3) Det kjennes stundom nokså tungt å forska på ukjende forhold. Eg kan lova grunnfesting av to tradisjonar. For det første: alt, absolutt alt som blir meddelt, skal bli forstått av kvar og ein. Ingen skal finna noko materiale krevande eller vanskeleg. For det andre: eg vil blokkera
lesarinnlegg frå underskrivne.

Powered by Labrador CMS