Avslutt krigen mot terror

Publisert

Jan Oskar Engene og Iselin Nordenhaug frå Universitetet i Bergen spør i eit innlegg i På Høyden 2.mai om tiltaka i krigen mot terrorisme går på kostnad av rettsstaten, politiske og sivile rettar. Svaret på det er ja.

Mange av antiterrortiltaka som har blitt innført dei siste seks og eit halvt åra har blitt innført utan spesielt mykje debatt. Ein forklaring på det er at Noreg, som Engene og Nordenhaug skriv, er meir oppteken av å tilpasse antiterrortiltaka internasjonale standarar, enn den reelle trugselen vi står overfor. Eit ferskt døme på udebattert og krenkjande antiterrortiltak er EU sitt datalagringsdirektiv. Dette direktivet, som vil bli norsk lov om kort tid, vil pålegge tele- og internettselskapa å lagre trafikkdata frå alle nordmenns elektroniske kommunikasjon. Sjølve innhaldet – altså det vi seier og skriv – vil ikkje bli lagra, men informasjon om når, til kven, kor frå og kor lenge vi kommuniserer med telefon, sms, internett og e-post skal registrerast og lagrast i opptil to år. Bakgrunnen for direktivet er at staten skal ha tilgang til all trafikkdata frå din og min elektroniske kommunikasjon, i tilfelle vi gjer noko kriminelt i framtida. Det er ein skam at eit liberalt demokrati som det norske aksepterer eit direktiv, som snur opp ned på rettsprinsippet om ”uskuldig inntil det motsette er bevist”, utan å blunke.

Krigen mot terrorisme er ute av kontroll. Då Morgenbladet i ein artikkel 11.november 2005 prøvde få oversikt over alle antiterrortiltak som hadde blitt innført i Noreg etter 2001, konkluderte dei med at alle offentlege institusjonar har gjort litt i krigen mot terrorisme, men ingen veit alt. Ikkje eingong Justisdepartementet eller Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Det er skremmande! For dersom datalagringsdirektivet åleine er ein alvorleg trugsel mot demokrati og menneskerettar, kva då med summen av alle straffelovsskjerpingane, dei utvida politifullmaktene og den auka tilgangen til overvaking og kontrollering?

Seks og eit halvt år etter 11.september-åttaka mot USA er det behov for å avslutte krigen mot terror. Enormt mykje har skjedd på kort tid, no er det på tide å skaffe seg oversikt over det som har blitt gjort. Regjeringa bør snarast sette ned ein kommisjon som får i oppgåve å gå kritisk gjennom kvart einskild antiterrortiltak som har blitt innført i Noreg, og vurdere dei opp mot demokratiske og menneskerettslege verdiar.

For visst det er som George Bush seier, at “they hate our freedoms”, bør vi ikkje då prøve å forsvare desse fridomane i staden for å øydeleggje dei før terroristane gjer det?

Powered by Labrador CMS