Bekymringsmelding til dekanar

Publisert

Dekanane ved HF og SV fakulteta har i eit innlegg i På Høyden 16 juni tatt til ordet for kor viktig det er å organisere feltet utviklings- og globale studier ved UiB. Ettersom UiB har drive på med slik organisering sidan opprettelsen av Senter for Utviklingsstudier i 1985 så er dette i og for seg gammalt nytt. Å kome med besvergelsar om at ein må få til høvelege tverrfaglege og tverrfakultære modellar er heller ikkje eigna til å sjokkere. Den viktigaste  konklusjonen eg ser av innlegget er at dekanane ved HF og SV gjev Rektor si uforbeholdne støtte i denne saka. Det har dei sjølvsagt all rett til å gjere, så får framtida vise om dei representerer grunnmiljøa ved sine fakultet eller om dette er ein top-down øvelse.

Grunnen til at eg blandar meg inn i saka er at dekanane henviser til den pågåande prosessen på måtar som gjer meg betenkt. Den første betenking er det generelle, retoriske nivået dei legg seg på. Det er vanskeleg å unngå inntrykk av at dette er ein festtale. Om debatten skal foregå på dette overordna nivået, med retoriske utsagn om at ein kun ønsker det gode, trur eg ikkje me kjem vidare. Dette er viktig fordi der herskar ei reell ueinigheit ved UiB om korleis feltet skal organiserast, og det er den reelle debatten som må kome igong. Dekanane sin henvisning til styrevedtaket ved UiB som eit høveleg utgangspunkt for prosessen vidare kan illustrere dette. Det er rett at det kom eit styrevedtak som stør Rektor si linje men me skal også merke oss at der var alternative forslag. Som det framgår av styrereferatet som no ligg ute på nettet, fall to motforslag som omhandla realitetane i saka begge med 5 mot 6 stemmer (punkt 1 og 2 i vedtaket). Eg spør meg sjølv om det er lurt å tie i hel det faktum at UiB sitt styre her synes delt på midten. Det bør også vere av interessere at i mindretalet på fem var dei to valgte representantane for dei fagleg tilsette ved UiB. Ein av desse er formann i UiB sitt Strategiske utval for marin forskning, og den andre er medlem i Strategisk utval for utviklings- og globale studier. Dette siste utvalet hadde i sakens anledning lagt fram eit omfattande notat for styret om sakskomplekset, med ei einstemmig innstilling som uttrykker motforestillingar ovanfor Rektor sin svake organisering av feltet innanfor det nye UiB Global. Det bør interessere dekanane at institusjonelle organ ved UiB, med faglege representantar frå deira eigne fakultet, med leiarar utnemnd av Rektor, stiller seg tvilande til det syn Rektor forfektar, og som våre dekanar i innlegget sitt så rørande omfamnar. I staden for å tie denne realiteten i hel burde ein ikkje heller starte ein diskusjon av det notatet det strategiske utvalet for feltet la fram for styret?

Det eg får ut av dette er at UiB ikkje har kome vidare med si tenking om organisering av feltet utviklings- og globale studier, og at mangelen på open debatt kan føre til at det nye UiB Global ikkje får den nødvendige legitimitet. For det er ikkje dei nye koordinerande utval me treng, men eit operativt nivå der UiB kan framstå institusjonelt samla, og foreta prioriteringar og handle effektivt innan konkret forskning og undervisning. Det planlagte UiB Global synes ikkje å verte organisert på måtar som fremmer eit slikt operativt institusjonelt fokus. Gitt den reelle ueinigheit som rår, og som Rektor og dekanane underslår, så er det fare for at når me om nokre år får ny Rektor så vert det nye rundar med organisasjonsdiskusjonar. Dette kan vere velkomment for lokalpolitikarane blandt oss, men er mindre hensiktsmessig for dei som vil arbeide med langsiktig forskning.

Dekanane bekymrer meg også i måten dei omtalar prosessen ved Uni Global på. Oppsumeringa der er at alt er vel fordi ingen har mista jobben. Det er ikkje betryggande at to dekanar som skal vere ansvarlege for forskninga ved sine fakultet overser, eller gløymer å nevne den rasering av forskningsmiljøet ved Uni Global som Universitetsleiinga har gjennomført.  Forskarar som er arbeidd saman i godt fungerande forskningsmiljø, med solid evaluering av Korsnes-utvalet, vert no rykt opp med rota og spreidd til fleire ulike miljø, med ulike forskningsmål og prioriteringar. Ein seier seg fornøyd med at Rokkansenteret er viljug til å tilby arbeidsplass. I den grad dette er positivt må vel rosen gå til Uni Research, som er der Rokkansenteret høyrer til. Men det gjenstår som eit faktum at UiB ser ut til å vere mest opptatt av korleis ein skal verte kvitt forskarar på eit kompetansenivå vel forbi post.doc. Ryktet seier at CMI også kan vere interessert i einskildpersonar. Altså, fleire interessentar, berre ikkje UiB. Der er konklusjonen at ingen har mista jobben, og at ein no skal starte ein prosess der ein skal finne ut korleis ein skal gjere det desse forskarane har drive på med i mange år, nemleg tverrfagleg og tverrfakultær forskning.  

Kva er det som bekymrar her? Det eine er at dekanane går god for den skammelege måten UiB har behandla dei tilsette ved Uni Global på. Eg skal la dette ligge, men det er absolutt eit sak dei relevante fagforeiningane bør sjå på. Den andre bekymringa er at dekanane ikkje ser ut til å oppfatte at desse stadige prosessane får UiB til å framstå amatørmessige. Ein få aldri samla seg, ein får aldri profilert seg, fordi dei interne prosessane aldri fell til ro og det byggande virket aldri kjem særleg langt før nye organisasjonsendringar fører til uro. Resten av forsknings-Norge har all grunn til å riste på hovudet og undre seg over kva begrepet  ”satsingsområde” betyr ved UiB.

Det er ikkje dermed sagt at det ikkje vil kome noko ut av dette. Ein stor institusjon med så mange dyktige folk som UiB har vil sjølvsagt få til noko. Men er det god personalpolitikk me ser ? Er det god ressurspolitikk ? Og det viktigaste av alt, er det god ledelse ? Å la det som er bygd opp over år forfalle, ja aktivt øydelegge det, for så å starte den møysommelege prosessen med å bygge opp alternativ. Då bør me i alle fall få høyre meir om kva som kunne vore gjort så mykje betre på dei tre åra, og som Korsnesutvalet ikkje såg. Der er sjølvsagt mykje utviklingsrelevant forskning ved UiB som ikkje har med Uni Global å gjere, så me skal ikkje tru me er uunnverlege, men det einstemmige synet i Det strategiske utvalet for feltet tyder ikkje på at forskarar rundt omkring meiner Uni Global var i vegen for ei god utvikling. Tvert imot er folk einige med Korsnesutvalet, at Uni Global var ein god start, og fordi avdelingen dreiv med arbeid som var viktig for UiB burde UiB ta aktiviteten attende. Det er all mogeleg grunn til å tru at Korsnes-utvalet tala om heile Uni Global og ikkje den rasering me har sett og som dekanane hyllar i sitt innlegg.

På ruinane av dette skal no UiB Global byggast. Med stor iver, og stor energi, skal me tru den optimistiske og positive tonen dei to dekanane legg for dagen. Eg får berre ønske dei lukke til, men utan ei fastare organisering av ei slik eining enn den “møteplass” det no vert snakka om, så trur eg ikkje eingong dekanane sin gode vilje vil hjelpe oss framover.

 

 

Powered by Labrador CMS