Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Då eg skulle førebu eit kurs, ECON 310 til hausten, gjekk eg inn på studenportalen for å finne ut kva forkunnskapar dette kurset kunne bygge på i matematikk - og fann kurset ECON 240.
Eg var nøgd med informasjonen inntil eg ved eit tilfelle snakka om dette med visestyraren vår i lunsjpausen i dag. Han fortalde at innhaldet i dette kurset var endra - og at informasjonen om studentportalen på kurssida var feil.
Då eg kontakta instituttadministrasjonen fekk eg greie på at informasjon om at pensum i dette kurset vart endra. Informasjon om dette vart send til fakultetet 14.04.
Trass i gjentatte purringer (til fakultetet - instituttet kan ikkje ta direkte kontakt med dei ansvarlege for Studentportalen da vi ikkje får opplyst kven dette er) har informasjonen ikkje blitt oppdatert - og vi har heller ikkje fått tilbakemelding på når vi kan vente at dette skjer.
I informasjon til studentane om studietilbodet neste semester har instituttet måtte skrive til studentane at dei ikkje må stole på studentportalen når det gjeld dette dette kurset (det gjeld og to andre endringar).
Dette er knappast haldbart. Eg trudde sentraliseringa av informasjonsutlegging i studentportalen var for å sikre at rett studieinformasjon låg ute på nettet. Her ser det ut til å føre til det motsatte. Dette tyder på at noko må gjerast med organiseringa.