Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Eg er tilsett ved ein snart tre år gammal raritet med namnet Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Forkortinga er LLE, men skulle ha vore ILLE. Eit institutt er det berre i namnet; det er eit lite HF-fakultet heilt åleine. For sjå berre kva som vart rota i hop i 2007: (1) allmenn språkvitskap, (2) allmenn litteraturvitskap, (3) datalingvistikk og språkteknologi, (4) digital kultur, (5) gresk, (6) kunsthistorie, (7) latin, (8) nordisk litteraturvitskap, (9) nordisk språkvitskap, (10) norrøn filologi, (11) norskkursa for utlendingar, (12) norsk som andrespråk (teorifaget) og (13) teatervitskap – og i tillegg kjem to førstesemesterstudium og ein del anna småplukk.
I forkant av samanslåinga møttest vi tilsette på Solstrand til samanrisling. Det var mykje galgenhumor og latter, særleg då vi skulle drøfte namnet – ukjært barn fekk mange utnamn. No er det ikkje vittig lenger. Store delar av kollegiet er temmeleg likegyldige til instituttnivået; det er i dei uformelle foruma det føregår noko interessant. Særleg instituttrådet er ein vits: Mindre enn halvdelen av faga kan få representasjon i gruppe A (fem plassar). Deltakinga på instituttarrangement er laber, og det er det vel ingen som treng å undrast over. Eg sit sjølv i både instituttråd og undervisningsutval. Som språkvitar opplever eg det som temmeleg tøvete at eg skal sitje og styre over t.d. teatervitskap og kunsthistorie, fag som eg ikkje har det minste greie på. Eg ønskjer meg eit institutt der det er mogleg å diskutere faget mitt med ein rimeleg stor del av kollegaene. Slik er det ikkje ved LLE, og det kan heller ikkje verte det. Til hausten skal visstnok den nye instituttstrukturen evaluerast. Skal det vere noka meining i ei evaluering, må ho kunne føre til at mislykka påhitt vert avskaffa. Mi meining er klar: LLE skulle aldri ha vore oppretta, og det må oppløysast – di før, di heller. Det kan skje ved ei todeling etter faglege skiljelinjer. Det første instituttet kan kallast Institutt for litteratur og estetikk. Det kan femne om allmenn og nordisk litteraturvitskap, digital kultur, kunsthistorie og teatervitskap. Det andre instituttet kan kallast Institutt for språk og filologi. Det kan femne om dei lingvistiske faga, dei filologiske faga, dei nordiske språkfaga og norskkursa. Nordisk språk og nordisk litteratur går då kvar sin veg; det er ei naturleg utvikling for to fag som lenge berre har vore knytte saman av nostalgiske grunnar og omsynet til norsklærarutdanninga. Norskutdanningane kan ein utan tvil finne administrative ordningar for. Dei to skisserte institutta vert på ingen måte små einingar: Det første vil få fem fag pluss eit førstesemesterstudium, og det andre vil få sju fag pluss norskkursa og eit førstesemesterstudium. Til samanlikning har dei to andre storinstitutta hv. fire og åtte fag: AHKR har arkeologi, historie, kulturvitskap og religionsvitskap, og IF har åtte framandspråk. Fire år er meir enn nok! Gje oss institutt som vi kan kjenne oss heime ved!