Demokratiet på universitetet

Publisert

Kva er det Jürgen Habermas, Ronald Dworkin og førsteamanuensis ved Sosiologisk institutt, Ole Johnny Olsen,  engasjert debattant i demokratidebatten på universitetet og tidlegare instituttstyrar, har felles?  Det er som alle veit ikkje Holbergprisen, men noe langt viktigare:

Trua på at universitetet treng det indre demokratiet for å halde ved like og styrke det ytre demokratiet.

Akademisk fridom treng det indre demokratiet for ikkje å bli misbrukt. Og gjennom aktiv bruk av den akademiske fridomen vil grunnlaget for demokratisk dialog i samfunnet også bli styrka. Sjølve grunnideen om universitetet er i følgje Habermas at det må ta ansvaret for ”kunnskapinga”. Dworkin framhever at universitetet må utvikle ein  sjølvstendekultur. For å klare det treng vi demokratisk styre. Olsen slår fast at universitetet ikkje er ein pølsefabrikk, men eit kollegialt fellesskap (På Høyden 13.11.08). Det kollegiale er grunnlaget for det indre demokratiet, nettopp fordi det hindrar den tilpassinga til funksjonærrolla som anti - demokratane søker å presse fagleg tilsette ved universiteta inn i. 

Alle dei tre ovanfor er såleis skeptiske til endringane som kjem ovanfrå og utanfrå; som instrumentelle styringsimperativ; endringar som skaper funksjonærhaldningar og bryt ned det kollegiale fellesskapet.

Som kjent er den nye leiarideologien prega av idear om konkurranse og tilpassing til økonomiske ”realitetar”.  Denne leiarideologien er eit produkt av og ei tilpassing til vårt tids dominerande kunnskapspolitikk: Mindre pengar frå staten, særleg reduserte grunnløyvingane som må erstattast av inntekter frå marknad (oppdrag, snart også studentbetaling). Dette vil drive fram ei ny leiing som disiplinerer innetter og tilpasser seg ”brukarane” dvs. nye finansieringskjelder, utetter. Våre utdannings- og forskingspolitikarar (særleg dei som er EU skolert eller har gått på OECDs kurs for leiing av høgre utdanning) argumenterer for at ytre press er nødvendig for å skape endring ettersom det faglege kollegium er ”endringsresistent”.

Dei som har følgd med dei mange små og store endingane som har skjedd på norske universitet vil vite at påstanden om det endringsuvillige universitetet er feil. Den er del av ein politisk retorikk og ein ideologi som blokker for faktiske innsikter. Universiteta har alltid endra seg innanfrå etter initiativ frå det kollegiale fellesskapet, men sjølvsagt ikkje alltid slik kritikarane har ønska seg. Kanskje nettopp fordi disse endringane har hatt solid forankring i eit rektorat med god dialog og støtte i eit kollegium (dvs. valde dekanar og instituttstyre) har mange av desse reformene glidd igjennom utan såkalla ”synleg” eller sterkt leiarskap. (sjå t.d. Per Nyborgs bok om Universitets og Høgskolerådet 2007).

Og demokratiet tar nettopp for gitt at universitetet skal vere leiande – ikkje bli leia. Universitetet skal difor fokusere på prosessen som skaper god forsking og forskingsformidling, særleg gjennom forskingsbasert undervisning. Den siste tidas byråkratisering og framvekst av ekstern kontroll med fokus på  produktmål eller ”output” underminerer dei prosessane som skaper ny kreativ kunnskap, som Olsen framhever i sine innlegg i På Høyden i november 2007.

Eller som Anders Johansen, professor ved Infomedia, så grundig kritiserer tellekantsystemet for: ”Disse reformene er smalsynte og medfører harde slag for det norske språket og den demokratiske offentligheten, som trenger en mer overordnet politiks tenkning” (ifølgje Klassekampen 5 april 2006).

Francis Sejersted , Øyvind Østerud m.fl (Aftenposten 27.01.05) åtvarar i sitt manifest til forsvar for universitetsdemokratiet mot endringane ovanfrå og utanfrå i form av tilsett leiarskap: ”Den fritt tenkende og handlende forsker må ikke erstattes med produsenten av intellektuelle varer”. I den såkalla fristillinga av universiteta frå staten, som betyr at vi blir meir avhengige av marknaden (som flytter inn der staten flytter ut; dvs. der grunnløyvingane må erstattast med oppdrag og ”gode forbindelser til næringslivet”) ser vi at dette truger det ”felles kunnskapsgrunlaget” som demokratiet er avhengig av . Og, hevdar dei med tyngde: ”Makten i demokratiet er dessutan avhengig av korrektiver”. ”Det er gjennom frihet for og ansvarliggjøring av individet at man fostrer en kultur for kreativitet, kritikk og kunnskapsutvikling”. Demokrati er difor nødvendig for å demme opp mot auka krav om inntening og kommersialisering., eller generelt mot det at ”markedet er i ferd med å bi en norm for kunnskapsutvikling”.

Dei som er mest for leiarskap og managerialisme viser ofte til USA, særleg eliteuniversiteta. Men som Berdahl (president i Association of American Public Universities) sa i sitt foredrag i Bergen 16 mai 2007 om situasjonen i USA (ref.Asle Haukaas 23/5-2007): Privatiseringa og marknadstenkinga har gått alt for langt. Rolla  til universitetet for den offentlege diskusjon har forvitra. ”Univesitetet er blitt et sted for jobbtrening, ikke et kritisk sted for debatt, demokrati og utvikling av gode samfunnsborgere”. David Hollinger; på Knowpol konferansen i Bergen 2007 (arrangert av SV-fakultetets forskergruppe på relasjonar mellom kunnskap og politikk) viser til at respekten for akademia, på grunn av tilpassinga til oppdragsmarknaden, er blitt borte i den amerikanske offentlegheita; og det gjeld særleg for dei som har eit kritisk ansvar: samfunnsfag og humaniora. Mange presidentar ved eliteuniversiteta er blitt såkalla  ”fondsinnsamlarar”,  og har såleis og underminert respekten for sjølvstende til kunnskapen i samfunnet.

Eit vitskapsteoretisk argument er ofte brukt for å tilesette leiing og mot demokratiske val. Kunnskapen er jo objektiv, blir det hevda, og iallfall er vitskapen objektiv om den skal fortene namnet ”vitskap”. Ei handlekraftig leiing som legg til rette for forskaren; skaffar pengar og reduserer administrasjon, fremmer jo berre den objektive forskinga som kanskje andre (konkurrentar) elles ville fått æra av, og kanskje og patent, innovasjonar og dermed og inntekter til ny forsking.

Men dette nypositivistiske synet som i dag igjen er på mote, underslår at kunnskapsprosessen er subjektiv fordi den er prega av konteksten. Og difor er all forsking og kunnskapsfornying intersubjektiv – den er kollegialt skapt (ikkje, som Humboldt hevda eit produkt av geniets liv i ”Einsamkeit” ). Det er nettopp det kollegiale fellesskap og det demokratiet dette bygger på som skaper rom for kunnskapens intersubjektive robustheit og difor preg av å vere sann. Som Slagstad sa når han raljerte med ideen om ”service-universtetet” .. det er denne intersubjektiviteten – den kontinuerlege kollegiale debatt og utprøving i det offentlege rom som gjør at forskninga kan hevdes å være fri for særinteresser” (Slagstad 26.01.2005, Oslo Universtetets Aula, appell). Dette faglege demokratiet treng institusjonelt skydd mot effektivitetstenkinga sin instrumentelle intervensjon.

Eit danningsargument har eg og. Samfunnsuniversitetet, eit uttrykk henta frå Knut Kjeldstadli sine forarbeid til Stjernøutvalet, må kunne grunngje kvifor vi held på med det vi held på med. Overfor studentar og det offentlege i Noreg, men og internasjonalt må vi kunne argumenter for kvifor vi forskar på det vi forskar på - om det er aldri så avgrensa. Det gjeld forskingsassistenten like mye som professoroligarken med mange prosjekttilsette. Forsking har meining fordi vi og kan uttrykke oss om heilskapen vi arbeider innafor. Det gjeld den faglege heilskapen, men og universitetsheilskapen, og det gjeld forholdet til samfunnet rundt. Slik vil vi og vere open for korrigering av kollegaer, andre fag, og frå folk flest og alle deler av samfunnet. Med andre ord: Kollegialitet og vilje til kollegiale korrigeringar innan ein brei debatt om kva som er viktige kunnskapsbehov og kva som er gjensidig anerkjent som sann kunnskap, er prosessen som må drive universitetet. Dette gjer og at universitetet utviklar kunnskapssamfunnet innanfrå og nedanfrå, men i ein open dialog med alle interesserte og berørte. Det er og dette som og gjev forskingsbasert undervising. Vi lærer oss sjølve å lære opp studentane til å spørje kvifor vi nyttar tid og pengar på nettopp dette?  Berre da kan universitetet vere leiande som Habermas, Olsen og Dworkin argumenterer for, og ikkje ein organisasjon som følgjer etter  ”brukarane” slik Sejersted og Østerud (m.a.) fryktar.

Alle som er opptatt av universitetshistorie veit at universitetet berre kan fungere fritt og autonomt om det er del av eit politisk demokrati. Men dei viser og at dette demokratiet er best tent med å sikre demokratiet i universitetet. Det skaper ein open og offentleg diskurs som det ytre demokratiet treng for å vekse.

Difor, vi treng  val av kollegiale styre (med sterk studentrepresentasjon) og valde leiarar på alle plan, med fag og institutteiningane som den viktigaste byggesteinen. Vi må velje leiarar som fremmer og styrker demokratiet på alle plan.

 

Innlegget er tidlegare halde på SV- fakultetet sitt opne seminar om styreformer ved institutt og fakultet i november 2008

 

Powered by Labrador CMS