Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Reportasjen i På Høyden (31.08.)om at fleire fagmiljø taper publiseringspoeng når dei samarbeider internasjonalt, illustrerer godt motsetnaden mellom kunnskapsproduksjonens kollektive, demokratiske karakter på den eine side og det individualiserte, byråkratisk styrte belønningssystemet for denne kunnskapsproduksjonen på den andre. Som professor Johan Lillehaug presist formulerer det: “Dei krava som vert stilte til publisering gjer at det er bortimot umogleg å sitte på all ekspertisen sjølv. Vi må søke utover. Kvar samarbeidspartnar blir ei brikke i eit stort puslespel. Og sjølv om vi mister publiseringspoeng ved å samarbeide, så tyder ikkje dette at kvaliteten på forskinga er dårlegare enn den som gjev fleire publiseringspoeng, ofte det motsette”. For å kompensere på dette, kan det vere freistande å føre opp så mange medforfattarar i så mange artiklar som muleg i løpet av eit belønningsår (tellekantår), sjølv om nokre av dei individuelle bidraga til artiklane er heller perifere. Slik oppstår det ein inflasjon i belønninssystemet som i neste omgang undergrev det. Det fører i til at ein og same forfattar kan stå oppført som medforfattar for 20 - 30 artiklar i året - ein overmenneskeleg prestasjon om den vart tatt på alvor! Belønningssystemet inspirerar til å legge opp til mest mulege triks for å hauste poeng - noko som stel tid og merksemd frå det eigentlege vitskaplege og pedagogiske arbeidet. Det underlege er at universiteta ikkje for lengst har tatt konsekvensane av den absurde og energikrevjande logikken i dette belønningssystemet og samla seg til ein sams politikk for å avskaffe det - for slik å frigjere meir tid til nettopp forsking. Det ville krevje eit oppgjer med dei meir marknadsorientere formene for finansiering av universiteta gjennom det nyliberalistiske regimet, New Public Management, som fullstendig underkjenner kunnskapsproduksjonens demokratiske og samfunnsmessige karakter. Tellekantar kan aldri erstatte den reelle forma for belønning for vitskapleg arbeid som ligg i den akademiske “æresøkonomien” som spring ut av reell akademisk konkurranse mellom vitskapsfolka sjølve - utan byråkratane sin mellomkomst med politisk mandat frå NPM, slik førsteamanuensis Tor Halvorsen, UiB, analyserer det i artikkelen “Evalueringsdiktatur eller kunnskapsdemokrati?” i tidsskriftet Vardøger 32 2010.