Det vert faktisk enno verre! Men kvar går grensene, Jarl Giske og og Rolf K. Reed?

Publisert

Som forskar bør ein heile tida vere innstilt på at ein kan ta feil, samstundes som ein gjer det ein kan for ikkje å gjere feil. Det første kan som kjent vere vel så krevjande som det siste.

I svaret frå Giske & al. burde dei ha påpeika at ein like beklageleg som utilsikta korrekturfeil slapp gjennom i innlegget mitt i ”På Høyden” den 19.03.2009 . Det er mitt ansvar, og mitt ansvar aleine. Tilsvaret frå dei 8 instituttleiarane gjev meg heldigvis høve til å rette opp dette.  

For medan talet på publikasjonspoeng for UiB sin del frå 2004 til 2008 har auka frå 1496,9 til 1741,2, eller med 16,3%, har det samla talet publikasjonar, som var det eg refererte til i mitt førre innlegg, auka frå 1832 til 2239, tilsvarande 22%. Samstundes gjer dette at den relative nedgangen frå 2004 til 2008 ved instituttleiar Giskes institutt, Institutt for biologi (BIO) faktisk vert enno brattare enn det eg først hevda. For tek ein utgangspunkt i publikasjonspoenga til UiB, vert fallet då på 1,3% og ikkje 1,1%. Kva ansvar Jarl Giske eventuelt har for det som instituttleiar, må nesten vere opp til Giske sjølv å vurdere.

Men eitt omsyn bør då vege tungt: Publikasjonsdata for 2004 i Database for statistikk om høgre utdanning (http://dbh.nsd.uib.no/pub/) slit med låg reliabilitet. Av den grunn nyttar ein gjerne 2005-tala som utgangspunkt for samanlikningar over tid. Då vert biletet, også for UiB, eit anna enn det Giske & al. den siste tida har søkt å teikne; stabilitet, snarare enn drastisk tilbakegang.

No kan som kjent grafiske framstillingar vere like forføreriske som dei kan vere misvisande. Gode grafar kan derimot nesten samanliknast med kunstverk. Til desse høyrer Charles Joseph Minards framstilling av Napoléon Bonapartes mislukka felttog mot Moskva i 1812-1813, som på ei og same tid opplyser om den franske hærens geografiske plassering, storleik, forflytning over tid, tapstal, og det dagvise temperaturfallet under tilbaketoget: http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/2/29/Minard.png 

Slike grafar kan vi den dag i dag, 150 år seinare, ta lærdom av. Med framstillingane til Giske, Giske & al og også Reed & al. (http://nyheter.uib.no/?modus=vis_leserbrev&id=43108) er det dessverre stikk motsett: dei tener som døme på kva som ikkje bør gjerast – og aller minst i ein oppheta valkamp.

Men ytterlegare eitt moment kjem til.

Ettersom Jarl Giskes innlegg var publisert i form av leiarartikkelen”UIB i unnabakke” i ”BIO-INFO”, der han i sine leiarar over lengre tid, og oftast uimotsagt, har kunna drive valkamp mot det sitjande rektoratet (sjå  td. http://www.bio.uib.no/internesider/BIOINFO/BIOinfoArkiv.php), sende eg også lesarbrevet dit. I ei oppklarande e-postutveksling med underteikna, nekta professor Giske å publisere innlegget mitt fordi BIO-INFO er eit internt meldingsblad for Institutt for biologi. Samstundes kan rektorkandidaten Rolf K. Reed vise til Giskes leiar i det som må kallast eit valkampinnlegg i instituttleiaren Reed sitt interne meldingsblad ved Institutt for biomedisin (Nyhetsbrev nr. 5/2009). I begge tilfella framstår vilkåra for tilsvar og debatt som heller avgrensa, sjølv om Giske til slutt, og prisverdig nok, tok med ei kopling til innlegget mitt i leiaren i det siste nummeret av BIO-INFO.

Men: Med informasjonspraksisar som dette bidreg dei to instituttleiarane, medvite eller ikkje, i røynda til å privatisere delar av det offentlege rommet ved UiB. Det gjer det dessverre naudsynt å stille nokre prinsipielle spørsmål:

Kvar meiner Jarl Giske og Rolf K. Reed at grensene mellom kva som er meldingar og kva som er valkampinnlegg, mellom kva som er informasjon og kva som er agitasjon, og mellom det offentlege og det private rommet faktisk går ved Universitetet i Bergen? Er desse grensene dei same for alle som ynskjer å delta i ordskiftet om korleis universitetet skal styrast? Om ikkje: Kva konsekvensar får det for den framtidige dialogen både internt på universitetet, og mellom universitetet og det såkalla ”samfunnslivet”?

Powered by Labrador CMS