Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I eit intervju i På Høyden 4. 6. gir Gjert Kristoffersen uttrykk for at ansvaret for utforminga av forskingsprosjekt på doktornivå bør overlatast til fagmiljøa og at kandidatar med interesser det ikkje finst kompetanse på ved UiB bør ta med seg prosjekta sine til eit anna universitet. Dette høyrest ut som ei oppskrift på fagleg einsretting, og ei slik kompromisslaus konsolidering av utvalde fagfelt vil og kunne komme i konflikt med intensjon om å vere eit breiddeuniversitet. Dei avgjerande ferdigheitene Kven som helst med ei masteroppgåve bak seg kan skrive ei doktoravhandling om ho undervegs heile tida blir instruert i kva som skal gjerast. Men spørsmålet er om ein kan forvente at folk som ikkje har fått trening i vitskapleg sjølvstende skal kunne generere nye og gode forskingsprosjekt når dei sjølve er komne i ein posisjon der dei skal initiere forsking. Sandardisering for ein kvar pris Dessutan bør ein og ta seg tid til å reflektere litt over den kjensgjerninga at universitetet rommar fleire ulike forskarkulturar, og det som er generelt føremålstenleg t.d. på biologi, treng ikkje vere det på filosofi. Ein må ikkje standardisere og nivellere for ein kvar pris. Ein god balanse Målretta arbeidsinnsats Eg kjenner mange stipendiatar som har fullført på normert tid, og samtlege av desse har jobba med individuelle, sjølvstendige prosjekt.
Men det mest sentrale spørsmålet som Kristoffersen sitt forslag aktualiserar har å gjere med forvaltinga av forskings- og forskarkvalitet: evna til å orientere seg sjølvstendig i vitskaplege spørsmål og til å identifisere viktig faglege problemstillingar, til å forhalde seg kritisk til eigen forskingstradisjon, til å dyrke fram hypotesar og innsikter på kreativt vis – dette er kanskje mellom dei mest avgjerande ferdigheitene ein framtidig forskar må ha for å fungere i ei vitskapleg stilling med ein viss autoritet.
Vidare er det slik at det intellektuelle livet på eit universitet er avhengig av stadige tilførsler på nye faglege impulsar, om det ikkje skal stagnere. Doktorkandidatar er den gruppa som kanskje sterkast bidrar til ei slik kontinuerleg fornying, og institusjonen vil ikkje vere tent med at dei vert reduserte til prosjektmedarbeidarar.
Eg trur forskarutdanninga ved UiB bør fokusere på å finne ein god balanse mellom rekruttering til eksisterande prosjekt og fagmiljø på den eine sida, og ei forpliktande kultivering av dei mest lovande forskartalenta med individuelle prosjekt på den andre. Forsking er kreativ tankeverksemd, ikkje administrasjon. Forskingsfridom, som tankefridom, er difor ein føresetnad for forskingskvalitet.
Får ein betre forsking av å avgrense forskingsfridomen? Påstanden kan knapt kallast innlysande. Vert gjennomstrøyminga meir effektiv om rettleiar og fagmiljøa definerer kva det skal forskast på? Det er på ingen måte sikkert. Å bli ferdig innan rimeleg tid kjem først og fremst an på målretta arbeidsinnsats og evne til å disponere tida og materialet godt, og sjølvsagt ei rekkje eksterne variablar som, lyt ein anta, påverkar kandidatane nokså tilfeldig og uavhengig av det faglege.